cover

Helplessness Blues

Fleet Foxes

CD (2011) - Bella Union / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Folkrock / Pop / Psykedelia / Countryrock

Spor:
Montezuma
Bedouin Dress
Sim Sala Bim
Battery Kinzie
The Plains / Bitter Dancer
Helplessness Blues
The Cascades
Lorelai
Someone You'd Admire
The Shrine / An Argument
Blue Spotted Tail
Grown Ocean

Referanser:
Crosby, Stills & Nash
Roy Harper
Simon & Garfunkel
Beach Boys
The Byrds
Fairport Convention
Grizzly Bear
Midlake

Vis flere data

Se også:
Fleet Foxes - Fleet Foxes (2008)
Sun Giant - Fleet Foxes (2008)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Eksistensiell folkharmoni

Årets tema er mørkare og har meir smertefulle linjer. Men varmen, harmonien og den uimotståelige folktonen frå siste er slett ikkje blitt forkasta.

Folk dukka som kjent ikkje opp i går. Den slags tonar har vore her lenge. Det gjeld så absolutt også folktonane Fleet Foxes kolorerar sitt musikalske bilde med. Dei kunne høyrast i California i 1968, i England i 1969, og før det, og etter det, og for så vidt til alle tider. Men ingen har likevel gjort tonane heilt slik Fleet Foxes gjer dei. Eit band av i dag, og for så vidt for alle tider, frå Seattle, USA.

Fleet Foxes dukka som kjent opp på det store kartet i 2008. Med sin Sun Giant ep, og sitt sjølvtitulerte debutalbum. Utgjevingar godt forsynt med sympatiske og tiltrekkande songar, løfta fram av den milde og saliggjerande røysta til Robin Pecknold, og hans harmonisyngande bandpartnerar. Heilt naturlig strauk dei folkvesenet med ei varlig, men også personlig, hand. Og skapte ein frisk vennlegsinna vårlig tonebris, som etterkvart skulle vise seg å finne fram til mang ein heim.

Dei starta spele inn ei ny plate året etter. Det skulle vise seg å bli noko ganske anna enn ein kort og smertefri prosess. Pecknold hadde sine idear om korleis albumet skulle låte. Han snakka om mindre poppreg, mørkare dragingar, djupare groove, inne i eit samanhengande sonisk bilde. Han sa seg vere inspirert av Roy Harper sitt folkpsykedeliske Stormcock-album, og av den eksepsjonelt instinktive og augeblikksorienterte tonen i Van Morrisons klassiske Astral Weeks. Og låtar blei laga, låtar blei spelt inn, men dei slo ikkje ut på den soniske skalaen Pecknold hadde høyrt føre seg. Så saker blei kasta, forkasta, og måtte gjerast om att. Bandet heldt det ut, men dama ho gjekk sin veg.

Helplessness Blues vart til slutt resultatet. Den er absolutt annleis enn debuten, og den er absolutt veldig Fleet Foxes. Pecknold har ikkje svikta sine idear. Plata har ei mørkare sjel, den dansar i mindre grad med lette popsteg, og den held seg i eit ganske så samanhengande sonisk bilde. Den har meir lyd enn debuten, den har større kompleksitet, nokre fleire psykedeliske manerar, og den vil nok av fleirtalet bli opplevd som litt vanskeligare. Samstundes, den har varmen. Den vellydande og harmonimerka Fleet Foxes-varmen. Og den kjennes nær, imøtekomande og open.

Det dukkar opp spørsmål undervegs. Eksistensielle spørsmål. "What does that say about me?" lyde det første. "So now I am older than my mother and father when they had their daughters" er slutninga som leiar til spørsmålet. Pecknold har oppdaga at tilværet nok handlar om langt meir enn ungdom, fridom, og det egosentriske prosjekt. Det handlar også om slike ting som å bli forelder og kjenne kjærleiken vekse utan atterhald, om handlingar som får uopprettelige konsekvensar, og om jakta på å bli tilfreds. 25 år inn i livet må det vel berre erkjennast, det blir nok ein kamp dette her. Frå "Montezuma to Tripoli". Eller "from the halls of Montezuma to the shores of Tripoli" som det heiter i militærhymna Pecknold har snusa fram den metaforen frå. Songen har han kalla Montezuma, og lagt den først i løypa, på sitrande gitartonar, og tiltakande "ooooh-ooooh".

Ei stund seinare kjem tittelsporet. Eit todelt tittelspor. I ei evig vakker og enkel melodisk utforming, kanskje inspirert av ei side i Paul Simon si songbok, syng Pecknold i første del om individualitet kontra det å vere ein bit av eit større heile. "I was raised up believing I was somehow unique" syng han, "like a snowflake distinct among snowflakes". Men så, etter å ha grunna ei stund over det, og gjort nokre erfaringar, ser songaren seg nok meir som "a functioning cog in some great machinery, serving something beyond me". I den sonisk sett meir svevande andre delen av låta drøymer han seg inn i rolla som eigar av ein frukthage, og håpar ein dag å bli "like the man on the screen". Då har han lagt røyndomen nokre psykiske sjømil bak seg og gått i land i Utopia.

Eller Innisfree som nokon vel å kalle det. Den idylliske øya songaren gjerne kunne tenkt seg å tilbringe ein dag eller to på. Slik ser han det i alle fall når han kler seg i sin Bedouin Dress. Eller sin og sin, det er vel helst ein lånt gevant, som han lovar levere attende om Innisfree-ønsket blir oppfylgt. Og tonen er rik, groovet er listig, ein fiolin spelar arabisk, og W.B. Yeats har ei rolle. For det var han, den irske diktaren, som i si tid skreiv om den idylliske øya, i sitt vesle dikt The Lake Isle Of Innisfree.

Ei øy songaren også ser for seg som eit mogeleg mål i den spartanske fasen av mangslungne The Shrine/An Argument. Rett før eit frijazzande villnis tar over. Kanskje for å illustrere at den kan vere noko upålitelig og ugjestmild denne vegen til Innisfree. Då er vi i enden av ein åtte minuttar lang låt som, i tillegg til å vere bandets mest komplekse stykke til dags dato, også er deira mest iltre. I den grad Fleet Foxes evnar å vere iltre då. I den grad Pecknold si røyst har det i seg som skal til å vere noko anna enn human og smidig då. Den har vel i grunn ikkje det, men når linja "sunlight over me no matter what I do" dukkar opp angrip Pecknold den i alle fall på eit uvant aggressivt vis. Men det varer ikkje lenge. Sjølv om fortvilinga rår, og han står der ved ønskebrønnen, og kastar skillingen uti. Fordi ho har brukt den grufullt skinande morgonen til å kvitte seg med det siste som lenka dei to i hop. I ei låt som er både vakker, sår og brutal.

Så vanskelige kan Fleet Foxes altså vere. Her på Helplessness Blues. Dei kan vere lettbeinte og likeframme også.

Battery Kinzie er popsongen sin god som nokon. Melodisk og sonisk i alle fall. Tekstlig går den derimot og sveittar på kanten av det endelige mørkret. Opningsstrofa er morbid så det held: "I woke up one morning, all my fingers rotting, I woke up a dying man, without a chance". Kanskje betre å sette tinga i revers, og gå tilbake til natta? I refrenget blir i alle fall ein fyr dei kallar Wide Eyed Walker innstendig åtvara mot å stege inn i grålysinga. Den same vandraren, Wide Eyed Walker, dukkar også opp i det augeblikket avslutningssporet Grown Ocean dansar mot sin sorti. Den kanskje mest optimistiske blant songane på plata. Men sortien er ikkje det. Optimistisk. Ikkje når Wide Eyed Walker blir til Wide Eyed Leaver.

Fleet Foxes finn ikkje opp verken seg sjølv eller folkrocken på nytt her på Helplessness Blues. Ikkje driv dei med nybrottsgrubling, eller stiller spørsmål aldri stilt før heller. Dei har berre laga ei plate stappfull av gode songar, vektige songar, godt formulerte songar, både i tekst og klang. Slike som berre dei kunne ha laga. Det må vere godt nok det. Meir enn godt nok.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Salvatore - Tempo

(Racing Junior)

En platepreiker biter seg selv i halen mens han kiles på kroppens mest edle steder.

Flere:

Wavves - Wavvves
Orchestra Baobab - Pirates Choice