cover

Volcano, I'm Still Excited

Volcano, I'm Still Excited

CD (2004) - Polyvinyl

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Poprock / Indiepop

Spor:
Overture
2nd Gun
Trunk of My Car
Joe Jaxon
In Green
Fisticuffs
Echo Park
New Brad
Mostly on an Island
Around the Dream
Goodbye, Casio
By No Means
Firebombing London
Shouting Across the Water
Byron's 24th Christmas
Two Exclamation Points

Referanser:
Mates of State
Spoon
Elvis Costello & The Attractions
Guided By Voices
Death Cab for Cutie
Weezer
Joe Jackson
Squeeze

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Well, I'm not excited

Eit snodig bandnavn, litt uortodoks instrumentering, men ellers; lite å bli oppglødd av.

Ein gjer det kanskje ikkje så veldig enkelt for seg sjølv når ein velger å kalle bandet sitt Volcano, I'm Still Excited!!. Når ein i tillegg plasserer eit billig Casio-keyboard sentralt i lydbildet, og satsar på å klare seg utan bass, er ein vel i grunn litt ute til venstre for eit gjennomsnittleg poprock-orkester. Og i utgangspunktet er jo det slett ingen dum plass å være. Nå er det likevel slik at denne New York-baserte trioen ikkje heilt lukkast her på si debutplate. Dei streifar rett som det er innom fine poptonar, men det er noko i arrangeringa av det heile som blir litt mangelfull. Litt tynt, -kanskje burde dei tenkt bassgitar likevel. Litt klumsete, av og til definitivt sjarmerande, men litt for ofte irriterande. Litt stereotypt, det kunne nok gjort seg med litt meir breidde i låtutvalget. Tilsaman gjev alt dette eit inntrykk av eit noko uferdig band.

Eit band der frontfiguren Mark Duplass litt motvillig har måttet ty til keyboard som sitt hovedinstrument. Det har seg nemlig slik at mannen har pådratt seg ein smertefull og kronisk scenebetennelse som gjer det umulig å fortsette med gitaren, hans opprinnelige instrument. Dermed blir lydbildet deires på eit vis også ein dyd av nødvendighet. Noko som vel kanskje bør påkalle i alle fall ein liten dose sympatiske kjensler hos lyttaren. Like fullt klarer eg ikkje heilt å få den store foten for desse 40 minuttane med einvegskøyrt og hastig poprock.

Det startar for så vidt lovande. Etter ein kort kaotisk ouverture, kling 2nd Gun i gang, i fint driv og med eit skarpskodd refreng. Rundt neste sving er det a cappella og kjærleikslengsel i Trunk of My Car, før vi blir presentert for ein Joe Jaxon i fin popflyt. Slett ikkje ulikt noko ein skarp engelskmann med nesten identisk navn kunne snikra i hop i sine New Wave dagar. Men så har dei liksom brukt opp kruttet, for på resten av plata gjentar dei stort sett seg sjølv i litt gråare og meir stakkato vendingar. Ein kunne saktens trekt inn andre engelskmenn som Elvis Costello, Squeeze og Any Trouble for å finne melodiske slektningar, men, eg veit ikkje om det er så nøye, for dei vulkan-begeistra amerikanarane er nok kvalitetsmessig nokre divisjonar under. Ennå, i alle fall.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


John Olav Nilsen og Gjengen - For Sant Til Å Være Godt

(Voices Music & Entertainment (VME))

Ein illusjonslaus men ikkje håplaus drabantbypoet, fengande tonar, og smittande ungdommelig mot.

Flere:

The Fall - Reformation Post TLC
Saint Etienne - Smash The System - Singles And More