cover

Do It Yourself

Seahorses

CD (1997) - Geffen / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Britpop

Spor:
I Want You to Know
Blinded By the Sun
Suicide Drive
The Boy in the Picture
Love is the Law
Happiness is Eggshaped
Love Me and Leave Me
Round the Universe
1999
Standing on Your Head
Hello

Referanser:
The Stone Roses
Oasis

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Squire skuffar stort

John Squire og bandet hans maktar ikkje å leve opp til forventningane.

Når ein står som hovudmannen bak eit av flagskipa i britisk popmusikk dei siste 20 åra, så må ein leve med at forventningane er store. The Seahorses, bandet til Stone Roses' gitarist og låtskrivar John Squire, leverer på ingen måte varene. Do It Yourself har blitt eit kjedeleg album blotta for ny giv og inspirasjon. Det som kunne sjå ut som ein ny vår for Squire har blitt eit album som blir drege i land kun på rutinen og ingenting anna.

La oss ta det positive først. Spor nummer 7, Love Me and Leave Me, er eit friskt pust som står ut som det absolutte høgdepunktet på plata. Teksten til låta er skriven av Oasis-vokalist Liam Gallagher, og det er tydeleg at det kan ha inspirert Squire til å lage ein melodi som har litt attityd og nerve. Dette er ei perle i beste Beatles/The Who-stil som begge opphavsmennene kan vere riktig bekjente av. Dessverre stoppar godorda kring John Squires låtskriving der i denne omgang, for resten av plata er verkeleg ikkje mykje å rope hurra for. Når du står bak klassikarar som Fools Gold, Waterfall og She Bangs the Drum er det verkeleg lov å vente meir ut av dette prosjektet enn det som har blitt resultatet.

Squire har fått med seg vokalist-gitarist Chris Helme som frontfigur i bandet. Det ville vere urettferdig å samanlikne han med Ian Brown, så det skal me la ligge. Det som dog er sikkert er at Helme på ingen måte overtyder oss som vokalist. Han syng affektert og verkar uinspirert bak mikrofonen. Det er kun i ytterst få glimt, som i nemnde Love Me and Leave Me og i The Boy in the Picture, at han verkeleg verkar som han kosar seg med det han gjer og gjer ein ekstra liten innsats for å løfte låtane. Eit problem som Helme har er at han eig for lite særpreg i stemma. Samanliknar me han med hans samtidige finn me særeigne stemmer som Liam Gallagher i Oasis, Damon Albarn i Blur, Jarvis Cocker i Pulp og Brett Anderson i Suede. Desse har alle kvalitetar som gjer at banda dei frontar skil seg ut som følge av vokalen deira. Helme manglar rett og slett desse eigenskapane som skal til for å løfte songar i denne genren.

Produsent på albumet er legendariske Tony Visconti, legendarisk blant anna for samarbeidet med David Bowie på 70-talet. Det er både overraskande og skuffande at han ikkje har fått meir ut av dette, potensielt veldig spennande, bandet enn han har gjort. Ein har lagt seg på ein formel, det skal likne på seint 60-tal/tidleg 70-tal, og der blir ein liggande med ganske flat produksjon heile vegen i gjennom. Med litt eventyrlyst og litt vilje til variere (ikkje minst når det gjeld instrumentering) kunne dette blitt så uendeleg mykje betre enn det har blitt. Kva som er grunnen er ikkje godt å seie. Egotripp frå John Squire eller latskap frå Visconti si side kan vere moglege grunnar, men dette blir spekulasjonar. Kva som enn er grunnen, så er det trist at albumet har blitt som det har blitt.

Når alt dette er sagt, så er det ikkje til å stikke under ein stol at dei av oss som er John Squire-fans vil finne ein god del å glede oss over reint spelemessig. Han er ein gudbenåda gitarist og viser endå ei gong at han kan gjere fantastiske ting med ein gitar. Men det hjelper dessverre lite når songane er såpass svake som dei er og produskjonen er flat. Gitarane til Squire er dessutan mange stadar altfor dominerande og soloane blir for lange, noko som igjen er med på å trekke ned heilskapskjensla.

Til sist, når ein som lyttar set seg til rettes med dette albumet kjem spørsmålet krypande: Er dette eit fullblods band eller er det eit soloprosjekt frå John Squire si side? Kjensla eg sit att med er at John Squire og Tony Visconti har gjort meir eller mindre som dei har villa, medan resten av bandet har vore viljuge nikkedokker som har gjort overdubs når det har vore naudsynt. Resultatet er ein dårleg Beatles-kopi og eit uinspirert verk som ein komponist og musiker av John Squire sitt kaliber burde ha halde seg for god for.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Diverse artister - St. Thomas

(Racing Junior)

Enestående, varm og rørende. St. Thomas hylles ett år etter sin bortgang og tidenes fineste norske musikkboks er et faktum.

Flere:

Lalla Carlsen - Norges Revydronning
Robyn - Body Talk Pt. 1