cover

Entering

Silverspine

CD-EP (2003)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Come inside

Sensuell og litt pikant englerock frå debuterande oslojente.

Silverspine er eit tiltak der oslojenta Line Hammervold har ansvaret for det meste. Ho syng, spelar gitar, arrangerer og produserer. I tillegg får ho litt hjelp frå Øyvind Fossheim til meir digitale lydkjelder. I det vedlagte skrivet titulerast dette som englerock. Og vel, ja, det kan nok være ein ganske så treffande etikett.

Entering er ein singel. Fem minuttar. Ein låt, som duvar avstad medan lydbildet vekslar mellom akustisk gitarfølge, programmerte lydar og elektriske gitardroner. Sangen framstår som ein slags hybrid mellom noko Kate Bush, Beth Gibbons og Hope Sandoval kanskje kunne komme opp med.

Inkluderer vi bildet som prydar coveret i eit forsøk på å finne det bærande motivet her, endar vi fort opp med ein mytisk seksuell fortolking. Bildet viser nemlig noko som truleg er ein naken kvinnelig engel idet ho entrar lemmet til ein liggande mannsfigur (kanskje Gud sjølv?). Medan teksten mellom anna inneheld strofer som "come inside, come inside" og "entering reality, entering the body". Dette, saman med den slett ikkje uefne mystikken som ligg i tonane, gjer sitt til at Entering blir ein komposisjon det absolutt går an å finne ei viss kjensle av pikant velvære ihop med.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Jens Lekman - Night Falls over Kortedala

(Service / Secretly Canadian)

Etter noen år med diverse samarbeid verden over er Lekman endelig ute av studioet igjen, og Skandinavia holder pusten.

Flere:

Neil Young - On the Beach
OutKast - Speakerboxxx/The Love Below