
The Life Pursuit
CD (2006) - Rough Trade / Voices Music & Entertainment (VME)
Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3
Genre:
Pop
Stiler:
Indiepop / Folk / Indierock / Twee-pop
Spor:
Act of the Apostle
Another Sunny Day
White Collar Boy
The Blues are Still Blue
Dress up in You
Sukie in the Graveyard
We are the Sleepyheads
Song for Sunshine
Funny Little Frog
To be Myself Completely
Act of the Aposlte II
For the Price of a Cup of Tea
Mornington Crecent
Referanser:
Teenage Fanclub
Isobel Campbell
Beulah
Se også:
Storytelling - Belle & Sebastian (2002)
Dear Catastrophy Waitress - Belle & Sebastian (2003)
I'm a Cuckoo - Belle & Sebastian (2004)
Push Barman to Open Old Wounds - Belle & Sebastian (2005)
Push Barman to Open Old Wounds - Belle & Sebastian (2005)
Tommelfingerpop frå Glasgow
Belle&Sebastian fortset si melankolske ferd i popskyene.
20.03.2006
Heilt sidan utgivinga av den blå plata (Tigermilk) i 1996, har skottane vore innom ulike fargar på covera sine. Og som mange gongar før pryder mystiske og mørke jenter med lengsel i blikket framsida. Denne gongen vart coveret svart, noko som heldigvis ikkje kan seiast om musikken.
På Dear Catastrophe Waitress brukte B&S den suksessfulle 80-talsprodusenten Trevor Horn. Det som skjedde då, var at lydbildet vart mykje meir polert og finslipt. No har Horn gitt miksebordet vidare til Tony Hoffer som blant anna har jobba med Beck, Air og Supergrass. Hoffer har vidareført det som Horn starta på, men gått litt tilbake til det opphavelige lydbildet frå 90-talet. Det som før var sjarmerande falskt og skranglete, har blitt klokkereint og tight. Men uansett høyres det, heldigvis, umiskjennelig Belle & Sebastian ut.
Allereie i første låt er stemninga satt. Pianoet frå Seeing Other People (den raude plata), den skjøre stemma frå The State I Am In (den blå plata) og elles glitrande produksjonen frå Mr. Hoffer. Og så berre fortset det med den eine perla etter den andre. Another Sunny Day har alt som trengs for å bli ein stor poplåt; glimrande melodi, herlige gitarmellomspel, søt koring og poptromming framfor alt. Hadde eg bestemt kven som skulle bli førstesingel, hadde valet vore lett. I spor tre kan vi høyre fuzz i elektronisk form som svingar som gode gamle Marc Boland & T-Rex. Og jammen står ikkje neste spor i Bolands teikn og. Heldigvis roar Murdoch og Co. seg slik at parallellen ikkje blir for openbar.
Dress Up In You har alt av sår meliodiøsitet ein kan ynskje seg. Vakker koring og arrangement, og ikkje minst trompeten til Mick Cooke. Denne songen oppsumerar for meg kvifor eg er fall for dei på seint 90-tal. Hadde berre Isobel Campbell vore med òg. Når ein i tillegg høyrer alle dei andre sjangrane blanda saman med poppen, vert det skikkelig spanande å lytte til. Nokre saftige country-licks frå gitarane, funky 70-talsclavinet og eit Hammondorgel som snytt ut frå ei baptistkyrkje i USA. Og alt dette utan at det vert parodisk. Stort!
Når alle songane er gjennomspela og smilt til, er det likevel ein tanke som melder seg. Er det ikkje ein smule likt alt ein har høyrt før? Og er ikkje det eine refrenget nesten identisk eit anna refreng? Joda, men det er det som gjer B&S til B&S. Og det som gjer at eg diggar dei! Den forutsigbare kjensla av 90-talet! Oslo og Trondheim bør glede seg til Noregsbesøket i mai. Og vi gler oss over nok ei plate med All killers, No fillers!
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Aphex Twin - 26 Mixes For Cash
(Warp)
Til ikke å være en best of-samler, er denne platen farlig nær å være det allikevel. Ren Aphex Twin-magi som både overrasker og overbeviser.
Flere:
Wilco - A Ghost is BornThe Thing - Garage