Genre:
Rock
Stiler:
Americana / Kammerpop / Indiepop
Spor:
The First Song
Wicked Gil
Our Swords
The Funeral
Part One
The Great Salt Lake
Weed Party
I Go to the Barn Because I Like the
Monsters
St. Augustine
Referanser:
My Morning Jacket
The Shins
The Flaming Lips
Okkervil River
Great Lake Swimmers
Built to Spill
Se også:
Cease to Begin - Band of Horses (2007)
Segnet om hesten, kornsiloen og morgenjakka
Ekstra Ekstra!! Seattle-skapningar til angrep med årets hittil heitaste melodiar. Fortjenar feite overskrifter.
03.04.2006
Eg vil heilt fyrst nevne at nykomlingane Band of Horses er eit band med minst ei klokkeklar musikalsk referanse. Hestebandet frå Seattle høyrest nemleg ut som tvillingbroren til My Morning Jacket. Ja, ein kan nesten velge å kalle dette eit faktum sidan MMJ blir referert til i 99.99% av tekstane som handlar om Band of Horses. Men DU står sjølvsagt fritt til å avvise denne linken. Eg vil og påstå at lyden av Everything All the Time hørest ut som ein romantisk date mellom The Shins og Okkervil River inne i den forlatte kornsiloen til Great Lake Swimmers. Men då snakkar vi nok heller om ein meir diskutabel navnutslenging.
Blir då mitt poeng at dette er resirkulert identitetslaus indierock/americana som skal avfeiast på grunn av skamlaus kopiverksemd? Eit rungande og høglydt nei! For Everything All the Time inneheld nokre av dei friskaste popmelodiane underteikna har fått med seg sidan nettopp My Morning Jacket fant det for godt å levere genistreken At Dawn (2001), sidan nettopp The Shins smelta alle pophjarter med sin Chutes Too Narrow (2003) og sidan nettopp Okkervil River fulgte opp den gode trenden med fjorårets fabelaktige Black Sheep Boy. Er ikkje fælt å minne om så gode saker, vel?.
Det er altså ei debutskive, dette, men dei involverte har vore med i gamet over lengre tid. To av dei, Ben Bridwell (vokal/gitar) og Mat Brooke (gitar) spelte i ti år lun og vakker drømmepop i det som blir kalla Seattles beste røyndom; Carissa's Wierd [sic]. Når det gjeld dagens band gikk dei i utgangspunktet under navnet Horses, men sidan den signaturen allereie var beslaglagt av eit 60-talls psykedelia-band tilfeldigvis aktuelle med ein Re-release, valgte dei å legge på nokre bokstavar. Når Everything All the Time no blir lansert er det ei utgjeving som er venta på av mange. Bandet har vært svært aktive på reisefronten, deriblandt ein lengre turné som oppvarming for kompisen Sam Beam (Iron & Wine), og liveopptak og demoar har sirkulert rundt på diverse musikkbloggar og nettstadar. Det var då også ein liten live-sak med navn I Lost My Dingle on the Red Line som fikk meg til å folde hendene og be redaksjonen pent om å sende meg sitt eksemplar av plata. Dessverre har ikkje akkurat den låta kom med på debuten.
Bridwells triste og lyse stemme tek opp veldig stor plass på skiva. Mannen har eit oralt uttrykk som står fram som ein hybrid av Jim James frå nevnte morgenjakke og James Mercer frå Sub Pop-kompisane The Shins; ei emosjonell og reverb-sentrifugert stemme med ein akk så nydelig klang (litt som om du skulle trykke på record-knappen i eit rom, for så å gå inn i naborommet og synge av full hals). Takkast den som takkast bør, og i dette tilfellet bør nok produsent Phil Ek få ein del av æra. Ek, som tidlegare er kjent som produsent av plater med t.d Built to Spill, Pretty Girls Make Graves, Les Savy Fav og nettopp The Shins, har klart å formidle eit varmt og åpent lydbilete, både under dei sedate visene og den meir utblåsande rocken.
St. Augustine og I Go to the Barn Because I Like the er framifrå eksempler frå fyrstnevnte kategori. Med fyldige lag av vokal formidlast sakrale og majestetiske stemningar som vil kunne ta pusten frå dei fleste. Our Swords og The Great Salt Lake tilhøyrer derimot kremen av spor med ei meir offensiv attityde, den første hovedsakleg på grunn av sitt progressive bass/tromme-komp og sistnevnte med si enkle og melodiøse riffing på Fenderen. Heidersplass også til The Funeral, det mest pompøse sporet av dei alle (bortsett frå det korte tidsrommet 1:22 – 1:26 som gir meg visse assosiasjoner til I Want To Know What Love Is med Foreigner er dette gull), samt den simple banjoplukke-låta Monsters som endar opp i ein storslagen trall.
I vitners nærvær døypar eg hermed Everything All the Time om til årets hittil vakraste eventyr, med St. Augustine som soleklar kandidat til årets mest sjelråkande 161 sekund. Med eit så solid fundament til grunn kan nok hestegjengen forvente seg ei lys og grøderik framtid. I alle fall når hordene av My Morning Jacket-fans får Z(lått) auga opp.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Atomic - Boom Boom
(Jazzland Rec.)
Vandrende mellom forskjellige disipliner med en slentrende form for intensitet.
Flere:
Okkervil River - The Stage NamesBertine Zetlitz - Sweet Injections