cover

Aim For the Heart, Go!

The First Miles

CD (2005) - Noiz Music / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Countryrock / Americana

Spor:
Battle Don't Let Me Down
Burn Me, Baby
Big River
Shaded City
The Best One Around
Baby Baby Baby Baby Baby Baby Baby, I Love You
C’mon
On Your Side
You Draw the Light
It's Never Enough

Referanser:
The Sandmen
Beat Farmers
The Del Fuegos
16 Horsepower
The Great Crusades
Helldorado

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Bomskot

Fem danskar vitjar americana, og går seg fast på melodisk trøyttande stiar.

Eg innrømmer det: Dansk pop og rock har ein stor skeptikar i underteikna. Heilt sidan eg stod på sidelinja og fekk gysingar av Gasolin-feberen som herja landet, har fordommane mine mot populærmusikk frå det yndige landet ikkje vore så heilt enkle å bli kvitt. For det eg har fått med meg av tonar frå landet på andre sida av Skagerak sidan den gongen har oftare bekrefta fordommane enn rokka ved dei. Vel, eg gjorde verkelig eit forsøk på å møte Ålborg-kvintetten The First Miles med opent hjerte. Har likevel store problem med å finne noko meining i bandet sitt første forsøk på å treffe sentrale blodpumpande organ.

Dei spelar konvensjonell country-inspirert og gitardriven poprock. Sannsynlegvis inspirert av det ein del amerikanske band gjorde på 80-talet. Det gjer dei på eit veldig ordinært vis, heilt utan eigenart og spenning, og med ein vokalist med ei raspande og sjarmlaus Jørn Hoel-aktig stemme. Så sjølv om platetittelen fortel om eit smart siktepunkt vert treffpunktet ganske så langt utafor.

Ja, det heile hamnar ute i ei hengemyr som sluker det melodiøse og druknar dynamikken. Tilbake står ni låtar som ikkje har noko interesseskapande med seg. Enten dei kallar seg Bottle, Don't Let Me Down, og i kjapp takt prøver seg på slikt Rain Parade gjorde med bravur, eller dei kallar seg Big River og prøver å vere Sixteen Horsepower-intense. Men ei låt reddar albumet frå botnkarakteren på groove-skalaen, Baby Baby Baby Baby Baby Baby Baby, I Love You. Den startar med å låne nokre gitarakkordar frå ei Lone Justice-låt (After the Flood) før den smett inn i ei melodisk dugande verse-form, der vokalist Jeppe Foldager for nyttig songhjelp frå ei Annemarie Jensen. Og refrenget er like enkelt som det er allsong-inviterande, -tittelen tre gonger. Joda, kan gjerne bevege eit par fingrar til takten av denne.

Ei låt aleine klarer likevel aldri å rokke ved inntrykket av at Aim For the Heart, Go! er ei temmelig så hendelseslaus og forsert affære med sterk mangel på både eigenart og dugande melodiar.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen