cover

The Spell

The Black Heart Procession

CD (2006) - Touch and Go / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Krim for eldre

Nye hjerter har blitt knust og San Diegos marsjerande fortropp er igjen på pletten med kistene.

Svarte hjerter, ravnar med illevarslande kraa kraa, piggtråd over himmelen og nakne damer med zombie-aktig gange møter deg når du blar deg gjennom heftet inni The Black Heart Processions siste plate. Det kvilar openbart ei forbanning over San Diegos mørkaste røyndom.

Dei små lysglimta frå Amore del Tropico (2002) er ikkje lenger veldig nærverande. Borte er kokosnøttene, hula-hula jentene og det meir tropiske sinnelaget, inne i den gloheite varmen er sviket, frustrasjonen, saknet og desperasjonen, like utleverande som den gong bandet enkelt og greitt namngav platene sine kun med tal.

Freistingar er vanskelig å motstå. Men det er ikkje alltid at dei mest openbare av freistingane er så veldig sunt for deg. Hiv i deg for masse sukker og du kan få sjokk. Tøm slusene på ein offentlig plass og du kan få bot. Kast deg rundt etter alle jentene og du vil få juling. For Pall Jenkins, ledande vokalist i bandet, verkar det som om forbannelsen har kome i form av eit klassisk eksemplar av arten hokjønn. Mogleg ei femme fatale, mogleg svært delikat utforma, i alle fall ei kvinne med dei mest beundringsverdige/skrekkingytande eigenskapane til ein edderkopp.

Frå litteraturens store tragediar kjenner vi til dei farlege sirenene som med sine forføreriske evner lokka sjømenn til å segle mot den sikre død. Liknande assosiasjonar får eg på opningspora Tangled og The Spell; To beretningar om eit individ fanga i nettet av sine eigne kjønnslege lyster. Desperat etter å komme seg vekk, men likevel fastlåst for livet. Som Jenkins crooner det på klassisk manér i verset på første melodi "(...) Trapped in your web I'll always be, wrapped around my heart like thorns you sting". Eller kva med denne påfølgande linja: "(...) The Poison is blinding, the streets are all winding, the clocks loose their timing, your spell on me has no cure".

Framleis dyrkar bandet fram sin smått schizofrene blanding av krim-noir, sjø-ballader, rock, kabaret og grymje tema. Tobias Nathaniel sitt piano plasserast dønn framme i ytterkantane og styrer på mange måtar prosesjonen gjennom denne dunkle og triste reisa. Men det som slår meg er likevel at alle medlemmane i BHP har makta å skape seg sin eigen signatur og vært med på å gi The Spell eit endå fyldigare uttrykk enn tidligare. Dei utfyllar då også kvarandre svært godt; Joe Plummer med sitt alltid aktiverte trommespel, ei god blanding av små fills og fyldige rytmer, Jimmy LaValles alltid nærverande bassganger og Matt Resovich sin sløye fiolin som absolutt er med på å forsterke svartsinnet på skiva.

Mange vil nok tenke Nick Cave, og det er heilt naturlig. Vel, utan akkurat å dele den religiøse symbolikken som referanse, spelar likevel bandet på fleire av dei same strengane (dvs tangentane) som den langhåra australienaren. Dei dvelande og tankefulle, ja ofte nesten trugande stemningane som Cave har gjort til sitt kjennemerke, gjenskapast på mange vis her.

Aller best av desse er vedunderlege The Letter med eit repeterande valse-tema og klynkande song, eit anna sørgmodig gravferdsfølge snirklar seg vidare gjennom San Diegos gater når svarthjertene sin faste gjenganger The Waiter presenterast i femte versjon. Det er i det heile tatt mykje som er ved det gamle.

Enkelte vil garantert slite med å finne nøkkelen inn til desse svarthjertene. Dette er då heller ingen umiddelbar kosestund for Mons og Kari og det skal åtvarast om at The Spell kanskje etterlet seg vel innadvendte spor etter seg. Men frykt ei. Skrullete som vi menneske tross alt er, får vi av og til behov for å tilfredstille våre mindre lystige sider. Og då eksisterar det vel knapt nok eit meir gunstig toneselskap enn nettopp The Black Heart Procession.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Sonny Simmons - The Traveller

(Jazzaway)

Første del av en trilogi med Simmons. På norsk label med norske musikere. Uhyre spennende.

Flere:

Tord Gustavsen Trio - Being There
A Silver Mt. Zion - Horses in the Sky