Topp 10 2004 - Arild Ness

Slike lister er alltid litt problematiske. For å vere realistisk har kun ein brøkdel av årets mangfoldige musikkutgjevingar funne vegen til mine øyregangar. Samstundes vil eg om fire dagar irritere meg grønn over den endelege komposisjonen og angre bittert på at nokon album blei utelatt frå topplista. Men slikt er ikkje til å unngå. Under den kaldblodige eliminasjonsprosessen må ein vere litt kynisk for å komme i mål. Kudos til følgande artistar, som på tross av veldig bra innsats ikkje gjekk heilt til topps denne gangen; Morrissey, Green Day, The International Tussler Society, Jesse Sykes, Denver Gentlemen, Washington, Interpol, Shearwater.

1.Antony and the Johnsons - Antony and the Johnsons

CD (Secretly Canadian)
Har plateåret 2004 vert så stakkarsleg at vi må klinke til med en re-utgivelse for å fylle ut Topp 10 lista? Fullt så ille er det neppe, men Antony and the Johnsons fortjenar likevel å trone glamorøst på toppen. Røysta til androgyne Antony har definitivt både patos og powah, og grufulle sjelekvaler blir tonesett ved bombastisk cabaret og tragisk teater. Instrumentalt er det gjennomført til fingerspissane og det er skapt ein fyldig og varm lyd her. Frå vakre pianoballader i gravferdstempo til pompøse låtar om ondskap og aggresjon; albumet utstrålar genialitet frå første til siste tone. Ein forsinka julepresang kjem forhåpentligvis i februar då I Am a Bird Now, det nye albumet til Antony and the Johnsons, blir tilgjengeleg for eit lengtande publikum.
» [vis produktdata]

2.John Vanderslice - Cellar Door

CD (Barsuk)
Den tidlegare Mk Ultra frontmannen John Vanderslice er ein produktiv kar og har alltid mange musikalske jarn i ilden. The Mountain Goats fikk nytte av hans produksjonsegenskapar på albumet We Shall All Be Healed, men det er som utøvande artist at Vanderslice skyt gullfuglen. Han omtalar eigne skiver som "sloopy hi-fi" popmusikk, noko som kanskje høyrast litt paradoksalt ut når det viser seg at Cellar Door tok godt over 200 timar i studio å fullføre. Resultatet er uansett upåklagelig. Mannen har ein forkjærleik for digitale trommer, gamle synth-effekter og alt som ellers kan lage spenstige og varierte lydar. Til tross ein fargerik innpakning er det likevel den gode popmelodien som står i sentrum. Tekstmessig er mannen temmeleg jordnær i den forstand at det er det umiddelbare dagleglivet og populærkulturelle fenomen som blir tema for mange av låtane. Det serverast både hardslåande anti-krigsbodskap, viser om utroskap og lengsel og velkjente filmdiskusjonar.
» [vis produktdata]

3.Sun Kil Moon - Ghosts of the Great Highway

CD (Jetset)
Ikkje det heilt store mylderet av knallartistar innanfor americana-sjangeren, sjølv om sangfuglar som Neko Case og Jesse Sykes, samt "gamlekara" i Wilco og den voldsomme kjempen Richard Buckner har levert album av sedvanleg kvalitet. Alle må derimot sjå seg forbigått av Mark Kozelek (ex-Red House Painters) og hans kameratar i Sun Kil Moon. Den støvete menyen består av akustiske og halvakustiske viser med country-twang, såre og nydelege vokalprestasjonar og enkeltspor som etterlett deg både siklande, svimmel og totalt overvelda (Glenn Tipton, Carry Me Ohio, Floating) Ghosts of the Great Highway er kanskje ikkje ein umiddelbar slager, men har så absolutt varigheit og har vert ein god venn gjennom både vår, sommar og haust. Plusspoeng skal og utdelast for gode tekstar og finfin coverkunst. Lenge leve melankolien.
» [vis produktdata]

4.Great Lake Swimmers - Great Lake Swimmers

CD (Fargo)
Great Lake Swimmers er i all hovudsak eit soloprosjekt frå kanadiske Tony Dekker. Det sjølvtitulerte albumet er innspelt i ein kornsilo og skaper med det ein varm og brilliant klang som overgår det meste ein kunne tilordna i eit platestudio. Så mange instrument var det nok ikkje plass til, og det er i første rekkje den einsame gitaren og den ikkje mindre einsame vokalisten som står i fokus her. Godlynt pianoklunking og litt avslappa trommevisping er det næraste du kjem rock'n'roll med silobandet. Vokalmessig opererar Dekker på den kjenslemessige enden av skalaen og det lågmælte og kviskrande foretrekkast framfor det voldsamt utagerande. Om perfeksjon har eit navn må det vere Moving Pictures Silent Films, ein nydeleg nattlåt som har fått det til å gå kaldt nedover ryggmargen gjentekne gongar. Årets mest spelte låt i heimen. For den som føler seg bekvem med stemningsmusikk à la Mazzy Star, Barzin eller Low, og som hadde Magnolia Electric Co. (Songs Ohia) som fjorårets beste album, er Great Lake Swimmers eit naturleg plateinnkjøp.
» [vis produktdata]

5.Joanna Newsom - The Milk-Eyed Mender

CD (Drag City)
Enkelte kan nok synast at Joanna Newsom frå Nevada har ei smått irriterande stemme i starten. Den nasale og skrikande røysta kan kanskje gi assosiasjoner til små barn på 7-8 år som forsøker å mase seg til ein karuselltur på Thomas Tivoli. Tross enkelte startproblem blir vokalen etterkvart svært nusseleg og kombinert med himmelsk harpemusikk har The Milk Eyed Mender vert ein av årets store overraskingar. Albumet er nakent, luftig og småsært, men samtidig utført med stor kjærleik til den amerikanske folktradisjon. Mine to personlege favorittar er Bridges and Balloons og Peach, Plum, Pear, men albumet serverar godlåter på rekke og rad og blir aldri einsformig eller kjedeleg. Storheitar som Devendra Banhart, Cat Power og Will Oldham har alle gitt utrykk for beundring av Joanna Newsom, og fleire og fleire av oss vanlege har i 2004 latt oss forføre av musikken til den søte dame. Harpebasert folkpop har altså ei framtid i vårt moderne samfunn. Kven hadde trudd det?
» [vis produktdata]

6.Black Ox Orkestar - Ver Tanzt?

CD (Constellation)
Årets etniske bidrag er Black Ox Orkestar som med sin akustiske klezmer/punk/jazz-fusjon skaper halvskummel midtøsten-folk. Up and Coming Tel Aviv-band spør du? Langt ifrå. Black Ox Orkestar har sitt utspring i Montreal, den canadiske byen viden kjent for si "enden er nær, enden er her"-post-rock scene (Viktige band: GY!BE, Set Fire to Flames, A Silver Mt. Zion). Forvent deg likevel eit meir nedtona uttrykk denne gangen. Med aktørar henta frå både Godspeed, Sackville, Molasses og Broken Social Scene++, samt fortreffelig behandling av instument (kontrabass, klarinett, mandolin, fiolin, etc), kan vokalist Scott Levine Gilmore servere sin livsvisdom på Yiddish. Les for øvrig Dag Erik Asbjørnsen sin omtale av bandet her på groove.no, då den er langt meir opplysande, underhaldande og velskrevet enn dette spinkle resyméet.
» [vis produktdata]

7.Jesse Malin - The Heat

CD (One Little Indian)
New York-artist som tidlegare var mest kjent som kompisen til Ryan Adams. Med oppfølgaren til The Fine Art of Self Destruction (2002) overgår han sin kamerat og leverar eit rufsete poprock/americana-album krydra med ein god porsjon punk-attitude. Ikkje alt er like strålande, men fortap deg i låter som Mona Lisa, Swinging Man og God's Lonely People og du oppdagar ein artist med kolossale kvalitetar. Friskare enn gamlefar Springsteen, mindre polert enn Pete Yorn og langt spenstigare enn traverane i REM. Malin har og vist seg som litt av ein entertainer og leverte etter sigande ein fantastisk turneavslutning i Oslo, ein konsert som kulminerte med at folk tilslutt lå strødd på gulvet og sang gamle Neil Young covers. Velkommen attende skal du vere.
» [vis produktdata]

8.Diverse artister - Friday Night Lights (OST)

CD (Hip-O)
Om filmen er god vitast ikkje, men med eit slikt soundtrack er det meget sannsyneleg at den må anskaffast. Det alltid majestetiske Texas-bandet Explosions in the Sky har hovudansvaret for musikken med 11 av 14 spor. Der fjorårets vakraste instrumentalplate The Earth Is Not a Cold Dead Place (2003), henvendte seg til post-rock romantikaren; draumaren som tolmodig blir med på reisa mot lydklimaks og tilbake, har dette albumet ein meir stabil form. Sidan låtane er betydeleg kortare enn vanleg blir det ikkje tid til det store fiksfakseriet og EitS satsar på det rolege og svevande heller enn det eksplosive uttrykk. Your Hand In Mine, eit spor som også er å finne på føregåande Explosions-plate, er i denne versjonen inntåka i eit hav av strykeinstrument og det heile blir ubeskriveleg vakkert. Lev farlig, kjøp filmmusikk.
» [vis produktdata]

9.Jens Lekman - When I Said I Wanted to Be Your Dog

CD (Racing Junior)
Er du lysten på svensk kammerpop med uhøgtidelege og humoristiske tekstar og musikalske bånd til Morrissey og Belle & Sebastian? Når Jens Lekman (tidlegare Rocky Dennis) i 2004 kom med ei utsøkt debutplate fikk vi nok ein gledeleg presang frå vårt granneland i aust. Det var riktignok ikkje skitten garasjerock eller akustisk cowboy-melankoli som stod på programmet. Sulamitten består derimot av smått pompøse orkesterviser, gule bananar på 7-11, og name-dropping av Cliff Richard og Lou Reed. Ein moderne pop-crooner som Lekman har det så definitivt i kjeften og serverar tragikomiske linjer på rekkje og rad. Synginga blir akkompagnert av piano og bongotrommer eller ein enkel gitar i tillegg til knipsing, plystring, klapping og bjelleklang. God Jul.
» [vis produktdata]

10.Rilo Kiley - More Adventurous

CD (Brute/Beaute)
Den amerikanske indiepop-kvartetten Rilo Kiley (Lewis, Sennet, Boesel, de Reeder) skal i februar dele scene med Bright Eyes på John Dee i Oslo. Posten kunne i dag tilby meg ein deilig billett. Før den tid er det obligatorisk for alle å gjere seg kjend med deira nye utgjeving, som utan å vere like fantastisk som The Execution of All Things (2002), står fram som eit solid gavedryss på tampen av året. Skiva har vert klar sidan tidleg i sommar og kunne anskaffast på diverse konsertar i statane, men fikk først normal distribusjon i november. Mikrofonjobben i bandet blei tidlegare delt mellom Jenny Lewis og Blake Sennet, men på More Adventurous dominerar i stor grad den kvinnelege vokalen. Jenny huskar du kanskje frå albumet til The Postal Service, medan Blake i løpet av året gav ut plate med soloprosjektet The Elected (Me First). Rilo Kiley er catchy up-tempo gitarpop med blåsarrekkjer, strykarar og syntheziser og vil kunne appelere til mange. Underteikna vil altså at du kjøper dette albumet og kjem deg på konserten i februar (2005).
» [vis produktdata]

Arild Ness
(30.12.04)

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo