Topp 10 - Arild Ness

Når fotballklubben din alltid endar opp som tapande part, når det har vore dagleg nedbør sidan 12. oktober, når naboen fyrer opp technoversjonen av ei eller anna finsk folkevise, når pcen ut av ingenting ryk til helvete, når alt kjøleskapet har å by på er syltetøy og når ein plutseleg blir kommandert i skauen for å jakte på juletre, ja då er det godt at der finnast musikk som får deg til å slappe av og ta ting i litt chill tempo.

2006 har bydd på så mange godsaker at ei slik årsliste nesten kjennast urettvist ekskluderande. Det er då også ein haug med band/artistar som har bobla seg inn og ut av lista den siste veka. Flotte album har kome frå mange: Mono, The Hold Steady, Destroyer, The Pipettes, The Decemberists, Beirut, Norfolk & Western, Joanna Newsom, Sonic Youth, Tellusalie, Kaada, Jason Molina, Fionn Regan, Black Debbath, The Format, Calexico og I'm From Barcelona. Pluss garantert ein heil del fleire eg endå ikkje har fått gleda av å høyre. Men skal ein spisse det heile ned til kun ti får ein vel være så god å gjere det; her er mine favorittar.

10.Voxtrot - Mothers, Sisters, Daughters and Wives EP

CD (Cult Hero / Playlouder)
Å inkludere ein liten EP i årslista for 2006 kunne nok bli sett på som eit lite svakheitsteikn for året generelt (sjølv om det ikkje er tilfelle), men uansett korleis eg vrir og vendar på det kjem eg ikkje heilt utanom denne strålande samlinga. Texas-bandet som forhåpentlegvis står klare med debutplata neste år peiser ut kvikk gitarpop med fargerike harmoniar, sjarmerande vokal og energiske arrangement. Voxtrot gjev total tilfredstilling til eit lite britpop-hjarte. Dette blir som om eit råare Belle & Sebastian skulle hatt The Beatles i vaskebøtta og sveipa dansegolvet med Franz Ferdinand på svaberen. Fantastisk.
» [vis produktdata]

9.Monster Movie - All Lost

CD (Graveface)
Sjølv om dei heilt store overskriftene har uteblitt har tidligare Slowdive-gitarist Christian Savill og hans kompanjong Sean Hewson levert eit par meget smukke utgjevingar. Vel har dei valt seg eit ganske misvisande namn; Monster Movie opererar nemleg i eit rundopent synthbasert elektropop-landskap der målet er å produsere lydspor til mange av dine lataste draumesekvensar. Godteposen All Lost byr på dansebar svevepop, New Ordersk vennleg el-pop, flytande club-materiale og sakral song i melankolske vinterlandskap. Kanskje ikkje heilt oppe der med klassikaren Last Night Something Happened (2002), men så er då heller ikkje perfeksjon ein enkel ting å gjenta.
» [vis produktdata]

8.God Is an Astronaut - All Is Violent, All Is Bright

CD (Rocket Girl)
Tre walisarar med bakgrunn frå rocken sine hårdare kretsar leverte for meg årets beste instrumentalplate, eit lite steinkast framfor dei japanske rockarane i Mono. Som sine opplagte åndsfrendar i EITS, Mogwai og Sigur Ros er ikkje bandet redde for å blande kraftfulle riff og voldelege crecendoer, med lågmælte, emosjonelle og sorgfulle tema. All Is Violent, All Is Black tek oss gjennom alt frå angeliske popviser til meir medrivande metallinferno, men befinn seg som oftast på midten av desse ytterpunkta. Godt muleg eg var for lite raus med terningen når eg anmeldte denne, for denne skiva har vokse seg veldig stor dei siste månedane.
» [vis produktdata]

7.The Submarines - Declare a New State

CD (Nettwerk)
Paret John Dragonetti og Blake Hazard utgjer den likandes Boston-duoen The Submarines. Saman har dei komponert ei skive med søtladen pop-eleganse der både den fullendte og den forhatte kjærleiken står i sentrum. Låtane blei nemleg skreve når forholdet deira var på skranten, noko som for all del gjenspeilast i tekstane, her finnast det både solide hatkuler og lidenskapeleg sakn. Declare a New State har eit luftig og opent lydlege som i hovudsak tuftast på ei foreining av akustiske gitarar, syntheziser/wurlitzer samt digitale trommer, og det vekslast galant meir lågmælte uttrykk og viser av det meir orkestrale slaget. Toppen av kransekaka må være den smukke svar/motsvar-låta Peace and Hate som opnar albumet på flottast tenkeleg måte.
» [vis produktdata]

6.Ali Farka Toure - Savane

CD (World Circuit)
6. mars døde den malisiske bluesartisten Ali Farka Touré av kreft. Savane har blitt hans avskjedspresang til oss. Denne dobbelt grammyvinnande gitaristen rakk så vidt å spele inn denne plata som formeleg oser av sveitt og vidopen ørken lang veg. Martin Scorsese og Ry Cooder framheva ofte Touré som ein av verdas leiande gitaristar og etter å ha vore i kompaniskap med denne forstår eg rimeleg godt ein slik fasinasjon. Savane er ein timeslang jamsession med både spanske, karibiske, arabiske og sjølvsagt afrikanske grunntonar. Forvent derimot ikkje ei rein gitarplate. Her gripast det rundt alt frå feler (njarka), saksofon, lutt (ngoni), bongotrommer, fløyter, munnspel og kontrabass, det heile fusjonert med nestan magisk eleganse. Språkleg avstand er på ingen måte nokon hinder for å la seg forføre av Ali Farka sin rituelle og spirituelle stammesang.
» [vis produktdata]

5.Neil Young - Living With War

CD (Reprise)
I vår urolege tidsalder med krig og elende er protestviser absolutt naudsynt. Gledeleg då at det finnast ein aldrande canadiar med hjartet på rett plass, med lyrisk briljans og ikkje minst ei smittande formidlingsevne få andre er han maken. For med Living With War tar Neil Young eit radikalt oppgjer med Bush-administrasjonen samstundes som han lagar eit av sine beste album på lang tid. "Let's impeach The President for lying", syng han med dirrande røyst. Young er som så mange andre rasande på det krigshelvete som har blitt satt i stand av ein gjeng hissande haukar og etterlyser ein ny kurs for Amerika. Living With War har blitt ei både skitten og rufsete heil-elektrisk skive som verkar bortimot uberørt etter innspeling. Med den effekten at musikken står endå meir kraftfull fram. Heilt inn i det kvite hus?
» [vis produktdata]

4.Oakley Hall - Gypsum Strings

CD (Brah)
New York-baserte Oakley Hall nådde meg først mot slutten av året, men rakk likevel å sette eit usletteleg godt inntrykk. Hipp urban street-talkin' converserock? Langt ifrå. Gypsym Strings kunne nemleg - utifrå både stil, omslag og lydbilete - vore ei skive grove fram frå ruinane av 1971. Eit utagerande gitarfyreri i starten blir etterfylgt av seig psykedelisk countryrock, Goa-mediterande drogepudra dulcimerjam, Sandy Denny spissa folkprog og banjoplukkande fjellmusikk. The Broken Family Band var kanskje fjorårets mest likandes cowboyar, men i år er det Oakley Hall som gjev valutaen.
» [vis produktdata]

3.Band of Horses - Everything All the Time

CD (Sub Pop)
Underteikna skildra tidlegare lyden av Everything All The Time som "ein romantisk date mellom The Shins og Okkervil River inne i den forlatne kornsiloen til Great Lake Swimmers". Ei skribentslapp navnedroppande formulering som for så vidt framleis innkapslar mitt inntrykk av skiva. Heilt i sentrum for herlegdommen har vi vokalist Ben Bridwell med si emosjonelle og reverb-sentrifugerte stemme, rundt han pøsast det ut med popmelodiøse strukturar og lyttarvennlege rock-jinglar i det som totalt har blitt ein meget lekker kombo av sedate viser og meir utblåsande uttrykk. Dei debuterande hingstane frå Seattle fikk då også eit fortent kommersielt gjennombrot, noko som her til lands blant anna manifesterte seg med opptreden under årets Øya-festival (at konserten etter mange sine lepper var gørr kjedeleg snakkar vi ikkje vidare om her).
» [vis produktdata]

2.The Hidden Cameras - Awoo

CD (Rough Trade)
Ingen komponerar kammerpop så storslagen og fengande som det eksplisitt skeive stormannsbandet Hidden Cameras. Awoo er eit klokkereint bevis på det. Joel Gibb ledar som vanleg det heile ann med si smule teatralske synging av festlege tekstar. Med seg har han ei svært aktiv avdeling av medmusikantar som trakterar sine instrument til fulle. Awoo tilbyr progressiv indiepop med suverent dansbare arrangement og ein velklingande fornem symfonibruk. Innhaldet er tretten spor (ei hitparade nesten frå start til mål) med lekker koring, trippande xylofonklokking, rasande fiolinar/strykarar og bankande trommer som umiddelbart klistrar smilet på deg. Og blir der permanent.
» [vis produktdata]

1.Trespassers William - Having

CD (Nettwerk)
Der finnast tre kvinnerøyster der ute - Hope Sandoval, Jesse Sykes, Gillian Welch - som er så ulideleg vakre at dei burde ha kome med ei åtvaring; fare for hjarteknekk, kronisk melankoli og absurd nyting, kunne der stått. No får dei selskap av ei ny. Årets venaste ordgyteri kjem nemleg frå Anna-Lynne Williams i amerikanske Trespassers Williams. For når Williams får strupen i gang begynner verkeleg ting å krølle seg innvendig i meg. Når denne stemma i tillegg blir inntulla med varm draumande instrumentering i eit pent/grumsete lydbilete er eg fullstendig knust av lykke. Trespassers Williams sine lågmælte og saktegåande låtar romsterar rundt i eit Mazzy Star og Low-aktig landskap og delar med desse eit uttrykk som er både vakkert, kosete og trist på same tid. Årets plate, spør du meg.
» [vis produktdata]

Arild Ness
(08.01.07)

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo