Arild Ness – Ti på topp i 2007

Førsteplassen på lista skulle egentleg gå til popbandet Voxtrot, det visste eg jo på førehand. Men når den etterlengta debutplata så kom i handelen, var resultatet så ufyselig skralt og kjedelig at topplassen med eitt vart ledig. Dette fikk ein fin gjeng skottar nyss i og tilbaud seg galant nok å ta gullet med seg hem til Nessie.

Battles, Yeasayer, Tinariwen, Panda Bear og ein del slike påståtte godsaker har eg riktignok ikkje fått hanka inn i år, men la meg kjapt namnedroppe ei remse band som også kom med meir enn godkjente album i løpet av dei føregåande 12 månader: Basia Bulat (takk til forum-Totoro), Throw Me The Statue, Port-Royal, The National, The Mary Onettes, Jens Lekman, Mobius Band, Miracle Fortress, Beirut, Radical Face, Sunset Rubdown, Explosions In The Sky, Lavender Diamond og Ronderlin. Sånn, det får rekke! Eg er for lengst overtydd om at 2007 var eit skikkelig kvalitetsår.

10.Windmill (UK) - Puddle City Racing Lights

CD (Melodic / Grönland)
Britiske Matthew Thomas Dillon (Windmill) lagar klangrik Mercury Rev-aktig pianopop der vokalen får meg til å tenke på ein mannleg versjon av Joanna Newsom, det betyr ei songstemme som er krevjande (sytande, barnslig og sær, høyrest mest ut som ei kråke), men som etter ei viss klimatiseringsperiode, klebrar seg varmt til kroppen som bestemor sin nystrikka genser. Sjølv om pianoet er hovudinstrumentet har PCRL fyldig orkestrering. Dillon pøser gjerne på med ei rekkje korande vokalspor, trommer med svak delay og ein skokk med strykarar. Windmill komponerer smått eksentrisk popmusikk som verkar veldig bedrøvelig, men som eigentlig ikkje er det.
» [vis produktdata]

9.Okkervil River - The Stage Names

CD (Jagjaguwar)
Elvebanden er ein aldri så liten gjenganger på lister som dette, ikkje rart då bandet har eit utømmelig hvelv av gromlåter å by på, album etter album. Vel har det blitt noko litt trygt og heilgardert over Okkervil sin folkelege musikk, men skal ein eigentleg klage over det? Heller enn å drive med eksperimentell sprangriding fokuserer heller bandet på det dei kan best. Mjuke Savannah Smiles er nyst no favoritten på albumet, etterfylgt av John Allyn Smith Sails sin heftige Beach Boys-endelikt, men The Stage Names er som eit modent epletre i september der dei fleste greinene tilbyd noko saftig, frodig og godt.
» [vis produktdata]

8.Cloud Cult - The Meaning of 8

CD
Det skortar ikkje på idear for den kreative karen Craig Minowa, aka Cloud Cult. For meg var han derimot totalt ukjend før denne skiva kom meg i hende mot slutten av året. Meaning of 8 er for så vidt litt brysam å plassere reint stilmessig da vi her snakkar om ei stor spennvidde. Orkestral pop, folkesang, tribale trommerytmer og song i grenselandet til rap, instrumentale snuttar med teatralske innslag og nikk til både Motorpsycho, Chad VanGaalen og Built to Spill, er vel kanskje sånn delvis skildrande. Dryssa over med cello, fiolin og trommer er dette musikk som kjem smygande på oss, og lyttar man til tekstene, er det også tydelege tankar bak. Kanskje har han tatt seg litt vatn over hovudet for ei 18 spor lang "konseptplate" som dette (deriblant den 2-minutts tause dedikasjonen til "the deaf girl") blir i meste laget, men ein stor del av musikken her er likevel svært så innbydande. Sjølv om eg eigentleg ikkje har knekt meininga med talet 8, på tross av sjølv å vere fødd på datoen 080880, er Meaning of 8 eit svært så facsinerande tonefølgje.
» [vis produktdata]

7.Tullycraft - Every Scene Needs a Center

CD (Magic Marker)
Ei verkeleg gladpille av Seattle-gruppa Tullycraft. Every Scene Needs A Center inneheld skranglande gitarorientert tyggegummipop-punk med klappande hender, sukkersøte vokalharmoniar, blåsarar, synther på galopp og tekster som omhandlar alt frå punkarar som skriv kjærleikslåtar til ufoar og vampyrar. Tullycraft har ein keitete sjarmerande stil som får ein til å blande inn namn som Mates of State, New Pornographers og The Submarines, men få lagar søte kvinne/mann-harmoniar som desse amerikanarane. Sjølv om pedalen er sett på full pinne store delar av skiva, er her også fleire rolige lekre numre.
» [vis produktdata]

6.Alcest - Souvenirs d'un autre monde

CD (Prophecy Productions)
Årets metal-møter post-rock-møter shoegaze pris går til Avignon Frankrike og soloprosjektet Alcest. Mannen bak det heile, Neige, har sine musikalske røter i black metal-sjangeren, men har sidan mjuka opp, eller skal vi seie, kledd uttrykket opp i nye former. Karakteristisk for skiva er eit skarpt og fjernt bakteppe av metalliske gitarar som kvernar og går, i framgrunnen gjerne plukkande akustisk strengspel, feltopptak og svevande lys song frå anten Nerge eller ei kvinne med namn Audrey. Tilsaman blir dette ein formel som får ein til å tenke store aude landskap og forblåste minner. Souvenirs d'un autre monde er melankolsk musikk for fantasiland, eit land vi alle har lik rett til å busette oss i og eit land der språklege barrierer er eit ikkje-tema.
» [vis produktdata]

5.We All Have Hooks For Hands - The Pretender

CD (Afternoon)
Som om ikkje dette året hadde nok sprudlepop å by på, kom det ei plate ut av Sioux Falls som køyrde meg i senk frå første lytt. We All Have Hooks For Hands er eit gedigent orkester med eit av dei tøffaste bandnamna der ute. Musikken er heller ikkje av den fæle sorten. The Pretender har eit produksjonsmessig ufrisert, men likevel rikhaldig lo-fi uttrykk, med flust av snasne detaljar, kule hooks og låtvendingar samt ein skrålete barne-klagande vokal. Støya og forstyrra i den eine augneblinken, magert og svevande i den neste. Kvar låt her har sin eigen signatur som ein vil oppdage, om berre ein tek eit djupdykk ned blant detaljane.
» [vis produktdata]

4.The Concretes - Hey Trouble

CD (Licking Fingers)
Det er noko med det kjølige arrangementet og den glasklare vokalen til Lisa Milberg som får kulda til å briske seg gjennom kroppen. Slik er det elles også med fleire andre svenske popband (til dømes Sambassadeur, Acid House Kings), men særs kjenner ein det hjå Stockholms-bebudde The Concretes. Det er også noko med denne Melodi Grand Prix-stemninga som andre svenskar (til dømes Jens Lekman, Pelle Carlberg) klarer å gjere likande, og som då også The Concretes deler med sine landsmenn. Det er ikkje kun dei svulstige blåsarane, dei hurtig galopperande trommene, den sjarmrike røysta til Milberg eller dei skrudde synthlydane som får meg til å like denne så godt. Eller jau, forresten, det er vel nettopp det. Hey Trouble er sjølvsagt skammeleg fengande også.
» [vis produktdata]

3.Cats On Fire - The Province Complains

CD (Marsh-Marigold)
Joda, eg er snever i min musikksmak, meir lettbeint pop-moro coming up her. Denne gongen ein skandinavisk eller rettare sagt finsk (Åbo/Turku) kvartett tydelig oppflaska på Britpop og i første rekkje The Smiths og Pulp. The Province Complains inneheld skranglande, gladtrist og up-tempo indiepop der jangly gitarar, hovesvingande søte rytmer, lystig piano og ein vokalist. som høyrest ut som ei krysning mellom Jarvis Cocker og Robert Smith, tilsaman skaper plystrande dansbar indiepop. Sommarleg og umiddelbart nok til å falle pladask for. Her i Bergen har låter som Born Again Christian og I Am the White Mantled King skapt grom stemning på fleire av byen sine dansande indie-arrangement, og forhåpentlegvis vil dei brennande kattane også ta turen innom Norge det komande året.
» [vis produktdata]

2.Band of Horses - Cease to Begin

CD (Sub Pop)
Ekkoet frå My Morning Jacket er mindre tilstades enn før, og det ser kanskje ut som om Band of Horses fullt og heilt er i ferd med å finne sin eigen identitet. Det er ikkje nødvendigvis dei markante storslagne enkeltlåtane som er med på å heve denne endå eit hakk over debuten (sjølv om her så visst finnast slike), heller er det kjensla av at alle spora her har fått sin naturlege plass på skiva. Cease to Begin er nemleg godlåten perfeksjon frå start til stogg og har den fine komboen av rocka allsong og meir nedpå tenkande lunheit. Band Of Horses representerer vidunderleg storslagen "stadion-rock" (i meget positiv forstand) og blant andre Lydverket har i det siste hausa opp bandet etter beste evne ved å kåre Cease to Begin til årets aller beste album.
» [vis produktdata]

1.The Twilight Sad - Fourteen Autumns and Fifteen Winters

CD (Fat Cat)
Det er trist i tussmørket. Skotske The Twilight Sad starta som eit eksperimentelt rockeband som brukte å lage halvtimeslange låtar av totalt blandingskaos, men som etterkvart kom inn i meir strukturerte sporbaner. Heldigvis får ein seie. Fourteen Autumns & Fifteen Winters fusjonerer sarte tonar med støyrik eksplosivitet i ein nydeleg pakke og leda an av ein vokalist med den tjukkaste skotske aksenten du kan tenke deg, står denne skiva fram som eit storvegs lydspor til eit haust-melankolsk sinnelag. Me talar om emosjonell shoegaze, støy, pop og post-rock, Mogwai, Interpol og Jesus & Mary Chain, og låtar som nesten kunne stått i fare for å vippe over i overpompøsiteten sitt landskap.
» [vis produktdata]

Arild Ness
(21.12.07)

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo