Gjesteliste: Linn Frøkedal

Linn Frøkedal har hatt et begivenhetsrikt 2009 med sine to bandprosjekter, The Low Frequency In Stereo og The Megaphonic Thrift. Begge har høstet ekstremt mye lovord om både konserter og plater. The Low Frequency In Stereo stakk blant annet av med en niendeplass i Grooves egen kåring av tiårets beste norske album. Det er ingenting som tyder på at 2010 blir mindre begivenhetsrikt, med blant annet albumdebut fra The Megaphonic Thrift og en tur til bransjetreffene South By South West og Eurosonic med begge band.

- Eg har strengt tatt vore alt for dårleg til å kjøpe plater i år, men av det eg har fått med meg har eg valt ut 10 ekstremt bra album som eg ønskjer å trekkje fram som mine høgdepunkt. Alt i alt sit eg igjen med eit inntrykk av eit svært vellukka musikkår – både når det gjeld norske og utanlandske utgivingar. Det er sjølvsagt mange gode plater som ikkje får plass på ei slik liste, og garantert ei rekkje utgivingar eg ikkje har fått med meg, som sikkert burde vore med her. Men ein kan ikkje få med seg alt.

Uansett, her kjem mine 10 favorittar i tilfeldig rekkjefølgje:

Animal Collective - Merriweather Post Pavillion

CD (Domino)
Merriwather Post Pavilion er ei fantastisk god plate, og då den kom ut tidleg januar sat den ekstrem høg standard for plateåret 2009! På eitt vis er det enkelt, leikent og tidvis svært dansbart. Samstundes er låtane komplekse, og sjeldan logiske i si oppbygging. Ein vert dradd inn i lydunivers av elektronika, dronete psykedelia og Beach Boys-aktige vokallinjer. Plata er gjennomgåande ”hakkete” og nokre gonger verkar det som om alt går i sirkel og at ein aldri kjem vidare – men på eit slags hypnotisk, transeaktig vis fungerer det som berre det! Det er heile er latterleg bra gjennomført frå start til slutt.
» [vis produktdata]

Yo La Tengo - Popular Songs

CD (Matador)
Dette etterkvart legendariske alternative indierockebandet har vel aldri heilt nådd kommersiell suksess, men sidan sin oppstart i 1984 har dei regelmessig gitt ut sterke plater, og Popular Songs er ikkje noko unntak. Sjølv om kanskje I Can Hear the Heart Beating as One frå 1997 er min personlege favoritt, fortener årets utgiving absolutt ein plass på denne lista.

Stemninga på albumet er heile vegen nedpå, avslappa og uformell. Samstundes finn ein leikne låtar som den søte 60-tallspopbaserte duetten If It's True eller den herlege syrepoplåta Avalon Or Someone Very Similar. Introen på førstnemnde låt liknar forresten skremmande mykje på Four Tops’ hit, ”I cant help myself” (sugar pie honey bunch) frå 1965.
» [vis produktdata]

Motorpsycho - Child of the Future

LP (The Last Record Company)
Det var til frustrasjon for mange då Motorpsycho gav ut jubileumsplata si berre på vinyl. På tide at dei frustrerte skaffar seg ein platespelar, og snurrar Child Of The Future, som aleine er verd det. Coverarten er nydeleg, og det same er innhaldet. Musikken ligg i same gate som dei siste utgivingane deira, med høgt støynivå og tidvis framleis stor vekt på det instrumentale. Det er hardt, ekstatisk og fullt av energi. Child Of The Future er ikkje bandets beste plate, men Motorpsycho er i mine auge heilt klart framleis Noregs beste band!
» [vis produktdata]

The Flaming Lips - Embryonic

CD (Warner Bros.)
Viss ein syretrip er som ei reise gjennom Emryonic sine 22 spor (deluxe edition), seier eg ja takk!.

Siste fullengd frå Flaming Lips inneheld ingen reglar eller rutinar, den er grensebrytande og vågalt eksperimentell. Det heile er bisart og uverkjeleg. For eksempel er I Can Be A Frog ein imitasjon av diverse dyrelydar. Eg droppar å prøve å skildre Embryonic. Det kan ikkje gjerast på ein god måte, den må berre opplevast.
» [vis produktdata]

bob hund - Folkmusik För Folk Som Inte Kan Bete Sig Som Folk

CD
Bob Hund var nok høgdepunktet på årest Øya-festival, for min del. Konserten fekk meg faktisk til å gløyme både høljeregn og visdomsjekselbetennelse (og det faktum at eg var hoven og lam i halve trynet) i ein times tid.

Folkmusik För Folk Som Inte Kan Bete Sig Som Folk er kanskje årets beste popalbum, og har alt: gode, sjelfulle melodiar, tekstar som tatt frå øvste hylle av poesi, eit godt knippe fantasi og originalitet, Thomas Öberg sin desperate og intense vokal, og eit ekstremt bra band. Sjeldan er skånsk så vakkert som på Tinnitus i Hjärtat. Det hypnotiske, Kraftwerk-aktige tittelsporet er også eit høgdepunkt.
» [vis produktdata]

Årabrot - The Brother Seed

CD (Norway Rat)
Haugesundstrioen Årabrot låter så forbanna ærlig og rett frå hjarta. Med The Brother Seed beviser dei atter ein gong at dei alltid leverer – og dette gjeld ikkje berre materialmessig, men også live er bandet beinsolide og sparkar slik andre berre kan drøyme om. Årabrot presenterer farleg og drøy kunststøyrock frå øvste hylle. Vokalist Kjetil Nernes har dessutan ein fabelaktig evne til å kviskre og brøle samstundes – og det er ikkje berre stygt.
» [vis produktdata]

Sonic Youth - The Eternal

CD (Matador)
The Eternal var ein perfekt start på sommaren, og svært nyttig til lange bil- og bussturar. Låten Sacred Trickster åpnar plata i klassisk Sonic Youth-ånd, med mektige fin-stygge gitarriff og Kim Gordon sin skeive og direkte vokal i front. Anti-Orgasm følger på i same ånd, med ein herleg, halv-kinkig call-and-respond mellom Moore og Gordon. Innimellom støyrockelåtane finn ein meir ”kontrollerte” og melodibaserte låtar som Antenna og Walking Blue som er det næraste ein kjem rein pop på plata – men også desse er fylt til randen av dissonerande lydtepper.

Sett i forhold til kva Sonic Youth har gitt ut før, presenterer dei for så vidt ikkje noko nytt og revolusjonerande med The Eternal, men albumet føyer seg inn i den etterkvart lange utgivingsrekka deira, og beviser igjen at dei er stilskaparar og blant dei mest grensebrytande banda innan kunst- og støymusikken.
» [vis produktdata]

Built to Spill - There Is No Enemy

CD (Warner Bros.)
Som vanleg ei sterk plate frå indierockerane Built to Spill med Doug Martsch i spissen. Kanskje deira beste dette tiåret. Gode låtar, sterke og fengande gitarriff og avslappa men jamt, rullande tempo. Låtane festar seg latterleg lett, men det er ikkje akkurat vonde hooks å få på hjernen.
» [vis produktdata]

I Was a King - I Was a King

CD (Hype City)
Førre plate til Frode Strømstad og I Was a King, Loosing Something Good For Something Better, var også god, men årets sjølvtitulerte utgiving er noko av det aller beste som har kome ut av Noreg på årevis. Med meloditeft som faen, og ei perfekt blanding av søt solskins-pop og sinna gitarstøy får ein låtar som ein berre vil sette på om og om igjen. Når låtane gjennomsnitteleg varer i rett over 2 minutt, og den lengste ikkje eingong bikkar 4 minutt, kjennes det heile nesten ut som små teaserar, og det er ikkje rart ein får eit ekstremt behov for å høyre alt saman på ny.
» [vis produktdata]

Wilco - Wilco (The Album)

CD (Nonesuch)
Forgjengaren Sky Blue Sky er ei fantastisk plate, og eg var skuffa over Wilco (The Album) første gong eg høyrde gjennom. Det tok litt tid, men etterkvart har albumet blitt betre og betre, og sjølv om eg meiner det ikkje er på høgde med førre utgiving – reint låtmessig – er det absolutt blant mine favorittar frå 2009.
» [vis produktdata]


(24.12.09)

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo