Oddmund Berge: Årets plater 2009

Så har det siste året i det første tiåret av 2000-talet komme til sin ende, og det utan at verken terroråtak, internett, fildeling eller andre slags påfunn har tatt livet av musikken.

Den er utstyrt med for mange liv, og har eit altfor vinnande vesen, til det.

Det grensesprengande eller spektakulært nyvinnande har rett nok ikkje musikkåret bydd på (eller tiåret for den saks skuld). Men stabelen av plater eg har funne hugnad i har dei siste 12 månadane vokse seg bra stor den. Så derfor seier eg meg nøgd, godt nøgd.

Eg har sett pris på plater av Bonnie Prince Billy, Pink Mountaintops, The Felice Brothers, Marnie Stern, Dan Deacon, Deportees, Monsters of Folk, Wilco, Bill Callahan, Sunset Rubdown, Yo La Tengo, Megafaun, Son Volt og M. Ward.

Men det aller djupaste inntrykket har nok desse ti gjort:

10.Marissa Nadler - Little Hells

CD (Kemado)
Som tittelen varslar, dette handlar ikkje om menneskeskjebner på sporet av den evige lukka. Dette handlar om saktegroande arr, gnagande sakn og uoppgjorte dystar. Sånt som dama allereie har dvelt ved på tre album før. Men denne gangen er lydkjeldene fleire, ho har eit band med seg. Dei overdøyver henne aldri, dei spelar varleg, men dei er der. I eit luftig og smått hypnotisk sonisk landskap. Saman med Marissa, hennar vevre, transparente og klare røyst, hennar melankoli, og hennar stillferdig forførande melodiar.
» [vis produktdata]

9.Richmond Fontaine - We Used to Think the Freeway Sounded Like a River

CD (Decor)
Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn, og bråkar. Dei høyrer til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.

Og fremst finn vi Willy Vlautin. Låtskrivaren, og songaren, med dei sterke og reinskorne mininovellene, om folk som opplever at livet slett ikkje er ein frydefull heisatur.

Denne gongen er det nesten like bra som meisterlige Post To Wire.

» [vis produktdata]

8.John Olav Nilsen og Gjengen - For Sant Til Å Være Godt

CD (Voices Music & Entertainment (VME))
Utstyrt med vinnande tonar og dei beste rocketekstane på denne sida av Jokke stuper Nilsen og Gjengen uti eit kokande opplegg som aldri nærmar seg lunkne farvatn.

På rotekte bergensk syng Nilsen om livet slik det er. Ganske så vrient og lummert, men ikkje til å forkaste heller. Han ser det vakre i det stygge, og fortel om det. Han ser diamantar i knuste flaskeskår, og er lykkelig ulykkelig.

Det er postpunk, The Aller Værste, ei rabiat popåtferd, og eit gåvmildt arsenal av fengande tonar.
Det er ingen perfekt plate, ingen sensasjonell plate, ingen frelsande plate heller. Men ei fantastisk plate er det. Bore fram av eit sjølvlysande overskot, og trustappa av frydefull desperasjon. Eg smiler, framleis.
» [vis produktdata]

7.The xx - xx

CD (XL)
Dei er frå London, dei er fire, dei er unge, men dei overdriv ikkje. Absolutt ikkje. Dei har skjønt at lite kan vere nok. Dei har skjønt det er mykje energi i det uspelte. Så dei har funne seg ein liten dunkel krok, der lyset er dempa, og lyden blir servert i minimalistiske former.

Ei sensuell damerøyst har den vokale hovudrolla, ei meir limitert mannsrøyst har ei framtredande birolle. Dei har postpunk i årene, men spelar den med sordin. Dei kan vandre inn i sfæriske landskap, men med ein poptone i sekken. Bass og beats går i eit funky dubganglag. Gitaren spelar lysskye tonar, skånsamt. Det er lågstemt og lumskt, det er suggererande lakendans. Det er varmt.
» [vis produktdata]

6.Simon Joyner - Out Into the Snow

CD (Team Love)
Med si noko ustøe, men slett ikkje karakterlause røyst tar Simon Joyner lyttaren med på ein transperent tur inn dit ambivalensen dekker kampen mellom uro og harmoni. Der det handlar om dei som elskar, dei som har elska, og dei som hungrar etter å bli elska. Han skildrar folk i havsnaud. Folk som drøymer draumar med lenker på. Folk som skannar rommet for mareritt før dei går til sengs. Folk som tørstar, leitar, snublar, og som kjenner på den bitre smaken av løgner og tapte sjansar. Folk som mest av alt søker fred og harmoni, men som ikkje heilt finn utav kartet dei har fått utdelt.

Han evnar skape medrivande forteljingar. Og kler dei så med tonar henta frå eit vegkryss der Leonard Cohen har støtt på Lou Reed og Townes Van Zandt. Gode tonar.
» [vis produktdata]

5.The Low Anthem - Oh My God, Charlie Darwin

CD (Bella Union)
Dei er både høgt og lågt, dei gjer det både stilt og vilt. Dei er tre. I lag spelar dei på sånn cirka 27 ulike instrument (frå saksofon og cello til tabla-trommer og pumpe-orgel).

The Low Anthem er ein varmblodig og organisk trio, som spelar songane sine, ikkje konstruerer dei.
Dei sprenger ingen grenser eller er überfantasifulle på noko vis. Det dei gjer har vel i grunn ganske så mange andre også gjort. Det dei gjer har sine røter i ein gamal tradisjon. Folkmusikktradisjon. Ut av denne tradisjonen dreg dei så tonar, og komponerer songar, som har det med seg at dei verkar å ha vore her alltid. På ulikt vis, og i ulik skapnad. For folk er så mangt. Berre spør The Low Anthem, og du vil få eit uimotståelig svar. Deira svar.
» [vis produktdata]

4.Animal Collective - Merriweather Post Pavillion

CD (Domino)
Den kom tidleg denne, svevande på eit røslig rykte om å vere fargerik og fabelaktig. Og det var den jaggu også, og det er den framleis. Ein sonisk virvelvind som sopar med seg både eitt og hitt, og meir til. Ein part Strawberry Jam, ein part Person Pitch, ein part Smile, og atskillige partar nyvevd og spektakulær lydrikdom. Ja slikt noko som det vanskelig kan bli anna enn psykedeliske popdrops utav. My Girls, Summertime Clothes, In The Flowers. Søte, syrlige, mektige, vanedannande, og evigvarande popdrops. Om å synge, og danse, og elske, og drikke, og smake, og gaule, og tru, og tvile, og føle, og omfamne livet, for det er det verdt.

Utan å gå på akkord med sitt sprudlande eksperimentelle vesen har Animal Collective plassert poptonen i den sentrale rolla denne gongen, og rulla fram sitt mest tilgjengelige verk. Sitt beste. Eit av årets beste. Synst eg òg.
» [vis produktdata]

3.Neko Case - Middle Cyclone

CD (Anti)
Med ei listig popånd i ryggen fører Neko Case nok ein gong countryfolktonane sine inn på det minneverdige sporet. Tonar som blir til songar. Songar som sjeldan tar fyr i første forsøk. Men som når dei tar fyr, aldri sloknar.

Det finst grunnar for at songane tar fyr. Sjølvsagt gjer det det. Ein kan snakke om dei tempererte arrangementa, om subtile innspel frå gode hjelparar, og om den luftige og brennbare atmosfæren dei driv rundt i. Men den fremste kveiksla er tvillaust røysta til dama sjølv. Denne røysta som verkar råde over det meste. Som er inkarnasjonen på malmfull. Som har tonane som sine beste venner. Som kan danse uti sommarnatta, lene seg mot ein rusken haustkveld, eller kysse mystikken midt i nakken. Alt like naturlig, og så sjølvsagt utført, at ein reint kan fatte mistenke om at røysta sin eigar ramla i dynamikkgryta då ho var lita.

På Middle Cyclone syng ho songar om ville vindar, leie regnbyer og brokete skylag, om utemja dyr, fuglar og insekt.

Men eigentlig, eigentlig er det 14 kjærleikssongar. Eg er blitt glad i alle.

» [vis produktdata]

2.Magnolia Electric Co. - Josephine

CD (Secretly Canadian)
"Ooo-oh!", den einsamaste røysta under den vestlige himmel syng om fjerne horisontar, lange netter, utålelige smerter, og det å ha levd så lenge blant skuggane at han er blitt ein av dei. Omlag slik han har gjort det frå han presenterte sin første mollstemte tone for fleire år sidan. At bandets bassist forulykka i ein brann då denne plata var på skissestadiet gjorde nok ikkje mollstemninga lysare. Utan at det er bassisten dette handlar om. Dette handlar om hardt prøvde Josephine (og Grace, og Knoxville Girl), og han (og dei) som snudde livet hennar (deira) opp ned. Det handlar om den evige rastløysa, den manglande tilhøyrsla, om kor lett ein mann kan rote seg bort "when he's on the mountain road", og om ørkenen som skjuler eit paradis.

Med Josephine leverer Jason Molina og hans gjeng sitt strammast redigerte album til dags dato. 14 spor på tre kvarter, med lite rom for utanomsnakk, gitarsoloar og andre utflukter. Stilmessig er det ei nokolunde jamn fordeling av luftige folkrocklåtar med godgjerande country-resonans, og dei meir elektrisk brennande sakene med ulik grad av blues i årene. Sterke låtar, hjerteskjerande vakre låtar. Og bandet, bandet verkar vere heimsøkt av eit overskot eg meiner å ikkje ha høyrt sidan dei transformerte seg frå Songs:Ohia til Magnolia Electric Co.

Så "sing it brother, one more time".
» [vis produktdata]

1.Andrew Bird - Noble Beast

CD (Bella Union)
"Popmusikant med fiolin" har jo blitt eit velkjent bilde her i landet siste året. Andrew Bird har ikkje vore i det bildet. Han er i eit anna eit. Eit betre eit. Eit rikare eit, med fiolin, plystring, eklektiske poptonar, smarte grep, og varme friske fargar.
Inspirasjonen hentar han frå mange hald, og utføringa er kjenneteikna av soniske krumspring. Så vegen inn til tonane hans kan by på visse utfordringar, men slett ikkje uoverkommelige utfordringar. For dei har eit inviterande vesen desse tonane. Og ikkje sidan meisterverket The Swimming Hour såg dagens lys (i 2001) har dei vore like inviterande som dei er på Noble Beast.

Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er, blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.

Tekstlig likar Bird helst å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og begrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar. Slikt føder kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet.

Noble Beast er popmusikk så levande og så feiande flott at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.
» [vis produktdata]

Oddmund Berge
(29.12.09)

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo