Topp 10 2005 - Arild Ness

Her er vår skribent Arild Ness sine favorittplater for 2005. Ness har funnet stor glede i mange amerikanske artisters utgivelser fra fjoråret - her er både misantropiske whiskeyrabbinere fra Canada og såpeglatt pop fra California for å nevne noe.

10.Silver Screen - Greatest Story Never Told

CD (Clairerecords)
Den såpeglatte popen er naturlegvis ikkje så fæl. Med sin gitar/synth-baserte stil og sine to/tre minutt til rådigheit, tilbyr LA-baserte Cris Miller vennlege melodiar til pop-elskaren. Med fyldige lag av sakral koring, lune gitarar og harmoniske 80's beats skaper han eit strålande lydbilete. Silver Screen lagar musikk for den lystige romantikar og dette er verkeleg ei historie som treng å bli hørt av fleire.
» [vis produktdata]

9.A Silver Mt. Zion - Horses in the Sky

CD (Constellation)
Apocalypse Now og politisk produksjon! Montreal-kollektivet A Silver Mt. Zion & The Tra-la-la-band manar fram skummel dommedagsstemning med eit avgrensa arsenal av instrument. Det blir likevel ein filharmonisk njutelse dette. Dystre, skjærande gitarar, hylande desperasjon, gotisk strengspeling og tribale trommetrugslar skaper ein deilig midtøsten-feel. Djevelsk interessant.
» [vis produktdata]

8.Magnolia Electric Co. - Trials & Errors

CD (Secretly Canadian)
Trials & Errors er ein strålande livekonsert frå Brüssel (2003) dokumentert på plate - meir intim og jamn enn påfølgande What Comes After the Blues. Det er ikkje altfor mange vokalistar som maktar å formilde "levd liv" like godt som Jason Molina. Dette er snasen sørstatsrock av tidlaust kaliber og som vanleg sender vi blomster til Neil Young for opplagt inspirasjon.
» [vis produktdata]

7.Stars - Set Yourself On Fire

CD (Arts & Crafts / City Slang)
Det Montreal-baserte kollektivet Stars utkjempar ein soft revolusjon med sin sukkersøte elektro-pop. Melodiøse bånd kan trekkast til eit fiktivt britisk pop-
akademi med elevar som Morrissey, New Order, Dubstar, Belle & Sebastian (etc.) Stars miksar i hop ein svært velklingande sound; her går det i franske horn,
casio, tromboner, cello, trompeter, strykarar og luftige gitarar med ein glad rytmeseksjon og yndige vokalinjeksjonar av Torquil Campbell og Amy Millan.13 varme gleder til våren som ventar på å kicke inn. (Nb!: Jada, skiva kom ut allereie i 2004, men fikk norsk distribusjon først i fjor)
» [vis produktdata]

6.Iron & Wine & Calexico - In the Reins

CD-EP (Touch and Go)
Varm ørkenrock møter lavmælt visesong, kombinasjonen er fantastisk. In the mood for litt hot jazz? Sumpblues? Eller kva med spansk-aktig countryrock, svingande trompetar eller ein dæsj med opera? Calexico har her slått seg saman med den heller sindige Florida-læraren Sam Beam og laga ei nydeleg, varm skive på slutten av året. Ikkje blir det for avdempa eller einsamt og ikkje let dei seg freiste imot vilter mariachi; In the Reins representerar to flotte artistar som har funne seg til rette i eit behagleg lende midt i mellom.
» [vis produktdata]

5.Geoff Berner - Whiskey Rabbi

CD (Black Hen)
Trekkspel-punk er din nye favorittsjanger? Då kan den canadiske "noregsvennen" Geoff Berner være verdt å sjekke ut. Denne omreisande trubaduren har alltid ei grov historie på lur, alltid eit stort glas whiskey i neven, og er alltid klar for å trekke i bælgen for den som går forbi. I dei originale historiene til Berner lev altomslukande misantropi og burlesk humor side om side, anten det bæljast om "det ondes problem", skummel voodoo, jødisk ironi, lukkeleg grøftefyll eller meir klassisk boy-meets-girl-problematikk. Tønnegutta i Kaizers Orchestra var så fan av den austeuropeiske klezmer-punken og den livate sigøynarmusikken til Geoff at dei likegodt brukte han som oppvarmar på fleire konsertar i haust. Men når valet står mellom ein gal Whiskey Rabbi eller ein forstyrra Maestro, velger eg utvilsamt presten.
» [vis produktdata]

4.The Broken Family Band - Welcome Home Loser

CD (Track & Field)
Americana frå Cambridge. The Broken Family Band er det mest tøysete bandet det er vits å høyre på. Frå hjerteskjærande countryviser i Hank Williams-ånd, gjennom lekker skranglepop til humørfyllt bluegrass; sveitt blir kroppen når Steven Adams og kompani inviterar til fredagsdans på låven. Familiebandet går ikkje av vegen for å harselere med alskens cowboy-trash og formidlar på Welcome Home Loser ei herleg harry stemning. Neppe ein favoritt for folk som vil ha sin country (pop) så autentisk og porch-sutrande som mogleg, men for alle oss andre er dette berre reinspikka moro, moro og atter moro.
» [vis produktdata]

3.Okkervil River - Black Sheep Boy

CD (Jagjaguwar)
At sjølv briljante The Decemberists klarte å framstå som middelmådige sjømenn i 2005 var ein gedigen skuffelse. Men når Texas-banden Okkervil River gikk hen og leverte si beste utgjeving så langt hadde vi fått eit velfungerande botemiddel for det halvknuste indiepophjartet. Tim Hardin-inspirerte Black Sheep Boy er ei variert men relativt umiddelbar skive der hujande powerpop, lange svalande ballader og smektande folkpoplåter fargelegg det fasinerande tekstuniverset til hovedarkitekt Will Sheff. Black Sheep Boy er eit velfortalt eventyr der det royale møter det rurale i form av kongar og dronningar, gjetarar, sauer, søte jenter og mystiske steinar. Plusspoeng skal og gjevast for utsøkt dyre-surrealisme i coverutforminga.
» [vis produktdata]

2.Antony and the Johnsons - I Am a Bird Now

CD (Secretly Canadian / Rough Trade)
Det meste har vel eigentleg blitt sagt om Antony Hegarty. Han er framleis like "androgyn" som før. Han er pompøs, majestetisk, vakker, brutal og rørande og syng som ein engel. Han er elska av både Per Sundnes, David Letterman, fyren som kommenterar Melodi Grand Prix, publikum på Blå, redaksjonen i lydverket og sikkert dei fleste av oss her på groove. Han er Nina Simone, Thomas Dybdahl, Boy George og Jeff Buckley smelta saman til ein. Han er rett og slett ein strålande artist.
» [vis produktdata]

1.The National - Alligator

CD (Beggars Banquet)
The National, beståande av Matt Berringer og brødrepara Devendorf og Dessner, står for meg ansvarleg for årets mest spennande funn på rockefronten. New York-bandet er i musikken både mjuke og viltre, på tekstfronten både underfundige og enkle. Ofte blir tempoet skrudd ned, som på uimotståelege Daughters of the Soho Riot, andre ganger er det låter av meir fyrrig karakter (Abel, Lit Up). The National, har i tillegg til ein usedvanleg god popteft, ein slentrande og cool stil som er akkurat passe arrogant. Med crooneren Berringer som karismatisk talsmann vil denne alligatoren bykse mot deg, rive deg i fillebitar og gli ned i den kalde sumpen. Og fornuftig som du er, kravlar du blodig og fæl etter den, i humør for nye basketak.
» [vis produktdata]

Arild Ness
(29.01.06)

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo