Topp 10 2003 - Oddmund Berge

Heime i stova mi har det faktisk vore teikn til elektrisk stemning under avspelinga av både det eine og det andre av årets musikalske framstøt, så sjølv om det ikkje er heilt 1969, 1975, 1977 eller 1991 kan eg vel ikkje gjere anna enn å seie meg godt fornøyd med plateåret 2003.
Ingen norske har fått plass: men Ricochets, Kaizers Orchestra og Cinnamoon bobler like under, saman med fleire utenlandske navn som Oh Susanna, Super Furry Animals, Sleepy Jackson, Songs: Ohia, Warren Zevon og ein håndfull til.

1.Ben Weaver - Hollerin' At a Woodpecker

CD (30/30)
Det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine som unge Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige. Der han fjerner all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna. Han pløyer ikkje ukjent mark, men han pløyer med ein intensitet og ein smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.
» [vis produktdata]

2.Lucinda Williams - World Without Tears

CD (Lost Highway)
La det være sagt med ein gong; World Without Tears representerer femte kapittel i føljetongen "Lucinda Williams sine ekstraordinære album". For nok ein gang har den Louisiana-fødte Lucinda levert eit briljant album i skjæringspunktet mellom country, folk, blues og rock. Sjeldan har eg høyrt ei plate så intenst levande som denne. Den er eit knust hjerte, ei skadeskutt sjel, eit rått og nakent oppgjer, og er full av lengsel og begjær. Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus, og til tider brutal poesi som det Williams gjer i desse 13 sangane. Ho opptrer utan sikkerhetsnett i sine skildringar av korleis innvollane vrir seg av fortviling og vrede over svikefulle elskarar, eller i framstillingane av frynsete og stormfull lidenskap. Men ho er aldri i nærleiken av å brekke nakken, den presise inn-til-beinet poesien fangar essensen, og Lucinda framstår nok ein gong som ein av vår tids mest truverdige skildrarar av mellommenneskelige (unntaks)tilstandar.
» [vis produktdata]

3.Joe Henry - Tiny Voices

CD (Anti / Epitaph)
Joe Henry sitt siste verk, døypt Tiny Voices, er ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.
Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.
» [vis produktdata]

4.Ed Harcourt - From Every Sphere

CD (Heavenly)
Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle bli eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærleiksforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Så det blei litt annleis. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Men From Every Sphere er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevingar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærleiken og om døden.
» [vis produktdata]

5.The Fiery Furnaces - Gallowsbird's Bark

CD (Rough Trade)
Vil du helst ha din rock og din blues kraftfull, kompakt, rakrygga og konvensjonell, kan du like godt stige av her. For denne turen ber rake vegen til ein blues-gjødsla grøftekant der slike førestellingar er heilt ukjente. Det er ein grøftekant eg ikkje ante eksisterte, men som har nokre av dei styggvakraste blomane eg nokon gong har oppspora. Dei veks opp av steinar, ut av metallrestar, igjennom knuste glasflasker, og dei får sin gjødning frå ein kakkelovn som spyr ut gloheite, skarpslipte og vaklevorne riff og tonar henta frå ein ilsken men ikkje så lite fascinerande blues-republikk som for fleire år sidan blei utstøtt frå det gode selskap. Dei har ein uanstrengt haldning til sine røter, kan være respektlause, er ikkje redd for å bryte reglar, og har i all sin snodighet eit særdeles vinnande vesen. Dei kallar seg The Fiery Furnaces.
» [vis produktdata]

6.Nina Nastasia - Run to Ruin

CD (Touch and Go)
Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedteikningar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. Her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar er det Run to Ruin sitt sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.
» [vis produktdata]

7.Richmond Fontaine - Post to Wire

CD (El Cortez)
Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Ein gjeng som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Bandet sin femte utgjeving, med tittelen Post to Wire, gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har såvel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock-terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitaroverhalingar får lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.
Utan tvil eit av dei aller mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.
» [vis produktdata]

8.My Morning Jacket - It Still Moves

CD (Ato / RCA)
Neil Young + Wayne Coyne (Flaming Lips) : 2 = Jim James. Dette er ikkje matematikk, dette er ikkje ei udiskutabel sanning, men det er noko i fraseringane til My Morning Jacket sin sangar som minner veldig om dei to nevnte herrar. Det totale bildet er det imidlertid Jim og hans kompanjongar frå Louisville, Kentucky som komponerer med heilt sjølvmiksa fargar. Og det er eit stort lerret dei har sett seg føre å dekke (12 låtar, 70 minuttar), likevel er det sjeldan dei går trøtte og dreg uinspirerte linjer og strøk. For med noko som minner om sitt bysbarn Muhammed Ali sin smidighet, vever dei saman eit mektig brygg av seig boogie, countryflørt, riff rock samt kraftfulle droner og serverer det heile med eit melodimønster skapt av ein James som veit korleis rocke-vendingar skal gjerast og kor popskapet står.
» [vis produktdata]

9.OutKast - Speakerboxxx/The Love Below

CD (Arista / BMG)
Ingen årsbeste-liste utan ein dose med skikkelig funky saker, og då kjem ein ikkje forbi sørstats-duoen Outkast, som for tre år sidan leverte noko som minna sterkt om tidenes beste hip-hop album (Stankonia). Nå er dei tilbake med ein dobbel porsjon, henta frå kvar sin sydande seanse. Speakerboxxx tilhøyrer Big Boi, og The Love Below er Andre 3000 sin. Og for ein rett dei serverer, for sjølv om det kanskje finst ingrediensar ein dyttar litt til sides, og ein sit noko aldeles stappmett tilbake hvis ein inntar alt i ei vending, er dette definitivt heftige saker. Hovedingrediensen er fortsatt hip-hop, men det heile er i endå sterkare grad enn tidlegare tilført ein salig blanding av psykedelia, soul, jazz, swing, funk og pop. Hey Ya!
» [vis produktdata]

10.Pedal Steel Transmission - The Angel of the Squared Circle

CD (Cardboard Sangria)
Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja, når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock'n'roll enn for dogmatiske country-entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Definitivt eit av denne hausten sine aller mest innbydande rock'n'roll-brygg, der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built To Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv.
» [vis produktdata]

Oddmund Berge
(28.12.03)

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo