cover

Betty's Room

Linda McLean

CD (2003) - Mandolin / Playground / Me & My

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3


Lesernes karakter:
(4.4 av 7)
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Din karakter:

Genre:
Pop

Stiler:
Singer/songwriter / Country / Folk / Americana

Spor:
Betty's Room
Choose That Road
Mandolin
Waiting For the Sky to Fall
Beauty
Who Will Say
Brave
2 Steps
Monday Songs
Roll Into Light
Harmony Row

Referanser:
Joni Mitchell
Mary Chapin Carpenter
Shawn Colvin
Kathleen Edwards
Iris DeMent

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


10 trivielle og ein mandolin

Ein ikkje altfor spennande debut frå canadisk singer/songwriter.

Etter det vesle eg har klart å finne ut om canadiske Linda McLean tyder alt på at Betty's Room er hennes debut som plateartist. I eit velkjent singer/songwriter segment, med tilsnitt av folkpop og country framfører ho 11 sangar i eit modent landskap som egentlig kun unntaksvis har så veldig mykje å by på. Nå skal rett nok Linda sin mann Andy McLean få lov å være med å dele ansvaret for resultatet. I tillegg til at han trakterer gitarar av ulik styrkegrad, er han nemlig og oppført som medkomponist på samtlige av låtane her. Ellers er det vel og verdt å nevne at den solide steel gitar og mandolin trakterande Bob Egan (Wilco, Freakwater, Blue Rodeo) deltar, utan at han på noko vis blir gitt muligheten til å dominere bildet.

For å bruke ein gammal klisjé; det er mykje gråstein her. Nå er rett nok, som mange sikkert veit, ikkje all gråstein berre grå. Og det er sant nok også tilfelle med samlinga vi finn på Betty's Room. Tar ein seg tid til å studere sakene litt ekstra vil ein nemlig finne tonar med eit litt friskare preg innimellom. Den første av den sorten møter vi på allereie i det startskotet går. For sjølv om den svellande dynamikken på tittelsporet ikkje har så mykje spenning i seg, er det slett ikkje heilt uefne tonar Linda og Andy har krydra den med. Waiting For the Sky to Fall lurer inn litt soul-fargar, og det er slett ikkje så dumt. Who Will Say er ein dvelande og absolutt habil sak, medan Roll Into Light sprett noko raskare avstad i hop med heilt greie tonar. Men godklumpen, og ein som ikkje ber preg av noko som helst slektskap til gråstein, er Mandolin. Den er tvert imot ein liten fargesprakande twang-utrusta folkpop-skatt som ein ikkje finn kor som helst.

Sånn ellers har det fantasilause og melodi-trange dessverre fått litt for stort spelerom. Så når Betty's Room nå har inntatt sin plass til høgre for Don McLean i platehylla, er det vel heller tvilsamt om den kjem fram i dagslys igjen. Viss eg då ikkje eingong i American Pie eller Vincent humør gløttar nokre millimeter tilsides og kjem i hug ein fin liten sak med eit frodig refreng; "I like the mandolin".




Klikk her for å kommentere



Heidi Hanssen
2004-03-14Kjempefin

Jeg synes denne CD en Betty's Room er kjempefin. Hun bruker stemmen sin på en fin måte, og det er generelt fine rytmer og god drive i alle låtene, synes jeg som derved ikke synes Oddmund Berge sin anmeldelse av CD en passer med mitt inntrykk.

Artikler, nyheter


The Antlers, Blå 15. mars

The Antlers fremførte den kritikerroste Hospice og vekket følelser man frykter og helst vil ignorere.

Alex Chilton (1950-2010)
Legenden fra Big Star døde på sykehus i New Orleans 17. mars.

Vinn: Lake
Skvist inn mellom melankolikerne Stephen Merritt og Stuart Staples kommer Lake for å bringe litt glede inn i hverdagen!

Groovissimo


Archie Bronson Outfit - Coconut

(Domino)

Ørene dine kommer til å blø fuzz etter å ha hørt Coconut, og danser du plutselig ut av det blå så skyldes det bare voodoo.

Tidligere:

The Besnard Lakes - The Besnard Lakes Are The Roaring Night
The Megaphonic Thrift - Decay Decoy