Ei vorspiel-analyse

Arild Ness tar oss med inn i helgen med denne vorspiel-analysen, hvor vi møter ymse karakterer som Glory Hunter og Leksikonet.

For litt sidan var eg og eit par kompisar invitert til eit lite musikk-konsept. Planen var demokratisk og fin. Alle involverte skulle møtast på Platekompaniet og hanke inn to skiver kvar. Etter innkjøpet skulle vi tusle mot vorspielet der absolutt alle platene ville bli spelt av i stein-saks-papir-kronologi. Årsaka til dette konseptet var at ingen bøller skulle få lov til å dominere kvelden gjennom ved å legge beslag på cd-spelaren. Alle skulle med det få høre den musikken dei ville.

Harmonisk, eller?

Natta før vorspielet tok til hadde eg eit fælsleg mareritt. Eg visualiserte meg ein kakafoni av svensk symfoni-prog, brasiliansk synth-prog og afrikansk worldmusic-prog. Prog, prog og atter prog, eit verdsleg helvete. Var det det som venta meg? Eg slo meg hardt på truten og bestemte meg likevel for å møte opp og respektere alle musikkval som blei tatt. Det var tross alt litt av poenget.

Å samle ein bråte menn i alderen 25+ med over gjennomsnittleg musikkinteresse til festlege lag vil så klart vere ei utfordring. Særleg når det festlege inkluderer plenty med berusande drikke. Det har seg vel slik at alle sosiale klikkar består av dominante brutusar og dominerte stakkarer. Ikkje nødvendigvis dominante som i S&M-forstand, men dominante som i "usedvanleg flink til å prakke si vilje på andre" og dominerte som i "usedvanleg flink til å føye seg etter den dominante". Ofte viser dette seg når spørsmålet om auditiv forlysting kjem på dagsorden. Sjølv er eg kanskje ein primitiv stakkar med dominante trekk; altså ikkje den som er mest aktiv på å høre min type musikk, men heller ikkje tom for latterleggjerande utsegn når verkeleg møkk rallar i rommet. Men dette varierar riktig nok.

Setting: Det er ei ganske rolig forsamling, første pils går ned kanalen, salte chipsflak slenger seg på. Enkelte trommer bittelitt på knea, andre skumleser albumcover:

Første skive svingar:

- (Icebreaker med kryptisk melding) Voldsomme 80’s beats dette her..
- (Lukkelig platekjøper) Ja… Ganske kult dette her... Det er mi første cefååån-plate
- (Arrogant musikkpoliti) Apapap!!. Navnet er ikkje zefååån, men ceeevåån, ceeevåån!!
- (Litt skamfull platekjøpar) Ahh, ja vel

Første eksempel viste oss den klassiske karakteren musikkpolitiet; denne elskar å korrigere andre sine feilaktige faktaopplysningar. Musikkpolitiet har ei arrogant framtoning og får onanert egoet sitt gjennom å "arrestere" andre.

Andre skive ruller:

- (Glory Hunter på jakt etter heider) Han var med i Slowdive denne karen... og Mojave 3… Hørt om desse?
- (Interessert kompis) Nei... Men var veldig rolig og behageleg, få coveret takk.
- (Glory Hunter som smiler tilfreds) Klart det buddy!!
- (Utålmodig fyr som venter på å høre si skive) Texas Hold-Em anyone, få gryna på bordet..
- (Glory Hunter redd for at musikken druknar i gambling) Skru musikken eit par hakk opp, er du snill.

Andre eksempel viste oss dei klassiske karakterane glory hunter og den utålmodige; førstnemnte hater at musikken han sjølv liker blir kommersiell, men vil paradoksalt nok alltid prøve å få flest mulig folk til å like den. Han er ein siklande sleiping som på irriterande vis festar blikket på andre under musikken for å lokke ut ein positiv reaksjon (desse folka ser på han sjølvsagt med sidesynet). Den utålmodige karakteren blir ikkje knekt av dette trikset og avfeiar musikken gjennom å foreslå nye aktivitetar som endrar fokuset i forsamlinga. Glory hunteren og den utålmodige har potensiale til å krangle høglydt om øl-konsumet blir for stort.

Tredje skive dansar:

- (Leksikonet tidlegare kjent som den utålmodige og musikkpolitiet) Denne skiva er eit landemerke i post-punk/new wave-tradisjonen, utan dette albumet hadde band som... aldri oppstått. Den kom ut i 1980, blei godt motteken i Sveits, Belgia, USA, bla bla bla...
- (Kollektivet som tar alt for god fisk, men mister interessa undervegs) Hmm, jo, du verden.
- (Icebreaker som føler seg forplikta til å kommentere) Fin dansemusikk er det
- (leksikonet som føler seg støtt av kommentaren) Dansemusikk du, det er ikkje dansemusikk alt som er post-punk!!

Tredje eksempel introduserer karakteren leksikonet; denne ser på seg sjølv som eit oppslagsverk, men forstår at han godt kan slenge ut feilaktige opplysningar for å briljere ovanfor dei andre. Desse andre vil sjeldan klare å skilje fakta frå fiksjon. Leksikonet er ein autoritet med frie tøyler som faktisk les gjennom coverbladet til cd-ar han kjøper. Stor vinylsamling har han også. Kollektivet er ein passiv gjeng som sjeldan sett spørsmålsteikn med autoriteten.

Fjerde skive triller:

- (Den brautande adrenalinjunkien) Vis oss floppen, treng ein flush så inderlig, skru ned musikken, dette var kjiipt, treng litt power.
- (Den høflige) Hm, albumet er kun på rundt 30 minutt, kanskje vi kunne hørt litt etter?
- (Den brautande adrenalinjunkien ignorerar den høflige) FLUUUSH!!! In ya face!!
- (Den høflige skrur ned musikken og snakkar med ein annan høfleg)

Konseptet er i ferd med å gå av hengslene.

Fjerde eksempel er ei trist historie. Her møter vi den høflege karakteren som må føye seg etter ein brautande adrenalinjunkie som fullstendig harver over musikken med pokerpreik, buldrande framtoning og spydige kommentarar. Den høflige karakteren tek dette med fatning, men er litt skuffa over manglande respekt for sin eigen musikk.

Femte skive hopper:

- (Misjonæren) Zappa er kongen, han er så fantastisk. Hør på dette, hør på dette... Dyrisk bra!
- (Anti-misjonæren) Kan du slutte å kommentere kvar einaste gitarsolo?
- (Misjonæren) Zappa er kongen, det er ingen andre gudar enn Zappa… dum di dam, squeeech
- (Anti-misjonæren som misliker Zappa, men som mest av alt misliker misjonering av musikk) Avskyelig flinkismusikk dette her. Må vi høre gjennom alle spor på albumet? Fyr meg opp på litt pop
- (Misjonæren prøver å endre reglane undervegs) Vi må høre cd nummer to også, det er dobbelplate dette, vi må høre alt av Zappa, Zappa er GUD
- (Kollektivet) STOPP!!

Femte eksempel introduserar misjonæren og anti-misjonæren; eit tospann som aldri bør delta i slike konsept. Misjonæren forsøker å banke inn musikken i skallen til kollektivet gjennom å synge falskt med, tromme på bordet med hendene, brøle ut at dette er verdas beste musikk, knipse, smatte og hoje. Misjonæren forstår ikkje at ingen får med seg musikken på grunn av alle slike forstyrringar, eller at folk som anti-misjonæren hater at folk skal fortelje han undervegs kva som er så bra med nettopp denne musikken. Anti-misjonæren vil aldri i livet godta at folk bestemmer kva han skal like. Man bør etter beste evne unngå å invitere misjonæren og anti-misjonæren til slike musikk-konsept.

Sjette skive lyder:

- (Den antennelause) Dette er drittmusikk! Få det av.
- (Kollektivet) C'est la fucking Vie, reglar er reglar. Alle skal få høre sin musikk.
- (Den antennelause som nektar å gi seg) Forstår ikkje alle at dette er elendig musikk?
- (Det irriterte kollektivet) Kom deg bort frå anlegget din snobb, det rablar for deg

Sjette eksempel introduserer karakteren den antennelause og han manglar som namnet tilseier sosial antenne. Han har stor glede av å hetse musikken til både kjente og ukjente og bringer med det ei klam kjensle av ubehag til lokalet. Han har eit verdssyn med seg sjølv i sentrum og i likheit med misjonæren og musikkpolitiet klassifiserar han gjerne musikk kun i termar som "god" og "dårlig". God er sjølvsagt kun den musikken han sjølv likar.

For å hindre dabb av underteikna sett vi stopp der. Ein mengde karakterar har no blitt presentert og katalogisert og sjølv om nokon kanskje vil etterlyse den ironiske bølla som laster ned skrekkeleg dance-musikk blanda med rumensk polka og latar som det er behageleg å høre på, er han hoppa over fordi han meldte seg fråverande denne kvelden.

Den fullstendige playlista for dette vorspielet var følgjande:

Warren Zevon - Bad Luck Streak in Dancing School
Neil Halstead - Sleeping On Roads
Talking Heads - Remain in Light
Randy Newman - 12 Songs
Frank Zappa – Joe's Garage
Tool - Lateralus
Bob Dylan - Infidels
Loudon Wainwright III - Career Moves (live)
Devendra Banhart - Cripple Crow
Emmylou Harris - Red Dirt Girl
Danko Jones - We Sweat Blood


comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Neil Young - On the Beach

(Reprise)

Now I'm livin' out here on the beach, but those seagulls are still out of reach.

Flere:

Proviant Audio - Real Love Tastes Like This
Kullrusk - spring spring spring spring spring