Coldplay blir oppløyst i 2009
Viva La Vida-suksessen til tross, Coldplay planlegg å legge inn årene i 2009. - Ein bør ikkje spele i band etter fylde 33 år, seier Chris Martin til britisk presse.
Del på Facebook19.11.08

Coldplay kom på banen for alvor med debutalbumet Parachutes i 2000. Med ein sound som låg i grenselandet mellom a-ha, Travis og U2 skapte dei ein platform som skulle kome til å sikre dei eit stadig sikrare verdsherredøme utover tiåret. Her i Noreg har dei også opparbeida seg ein enorm legion av fans, og med sine stadige kjærleiksytringar til a-ha og bassist Guy Berrymans stadige samarbeid med Magne Furuholmen er dei sikra den noko tvilsame tittelen “Noregsvener” for lengst.
Etter braksuksessen med X&Y i 2005 var det mange som tvila på om bandet var i stand til å ta det heile endå eit steg lenger. Desse fekk svar på tiltale i år ved utgjevinga av Viva La Vida. Plata har, mellom anna, slått iTunes salsrekord, gitt Coldplay sin første nummer 1-singel i USA og er utan tevling i det heile årets mestselgande plate. Om nokon dagar kjem ein ny EP frå bandet, Prospekt’s March, som er eit slags oppsamlingsheat med lause spor som ikkje fekk plass på Viva La Vida. Samstundes er Coldplay i ferd med å avslutte sin største verdensturne så langt og ei ny plate ventast neste haust. Likevel, neste år kan det heile altså vere historie, skal me tru salige Chris Martin.
I følgje den britiske avisa The Daily Express er planen å gjere så mykje som mogleg og å avslutte med stil i slutten av 2009. Martin seier at dei framleis har mykje å gi. Difor vil dei, medan dei framleis er unge og vitale, gjere så mykje dei berre kan det neste året for så å gi fansen eit verdig farvel ved utgangen av neste år.
“Eg er 31 no, og ein bør ikkje spele i band etter fylde 33 år,” seier Martin i følge NME. Så gjenstår det å sjå då om dei er i stand til å la det heile fare. Det var ein gong Mick Jagger sa at han heller ville døy enn å stå på scenen som ein forkrøpla 40-åring også. Men, du verden, å gi seg på topp er noko ein ikkje skal kimse av.
comments powered by Disqus
Groovissimo

Jack White - Blunderbuss
(XL)
Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.
Tidligere:
Sharon Van Etten - Tramp

Du mangler et spørsmåltegn bak overskriften din.
Jack Of Hearts
Kan vel ikke si annet enn at dette gleder meg ganske mye. Jeg er dog stygt redd for at de bare juger, og kommer til å cashe inn serious bucks på en gjenforurensingsturne om fem-seks år.
Hvis du les siste avsnittet så ser du at det ikkje er naudsynt med spørjeteikn på toppen.