Konsert: Antony and The Johnsons

Blå, Fredag 13. mai 2005

Relaterte sider:

Antony på operataket

Det var omtrent når Ali sang "Why does it always rain on me?" på eit kjedeleg talentshow, at himmelen slo seg vrang og fyrte ned eit voldsamt regnskyll og tordenskrall over hovedstaden. Forventningsfulle besøkande på konsertstaden ved Akerselva måtte springe i ly for å nyte den gode utepilsen. Men ingen såg ut til å få varige mèn av desse uventa dråpane; det var tross alt tid for konsert med ein artist heilt utanom det vanlege. Ein artist som neppe hadde komt lenger enn til første audition i det grå idol-kabinettet.

Med den fantastiske andreskiva I Am a Bird Now, leverte Antony and the Johnsons det som hittil er ei av årets store plateutgjevingar. Populær her til lands har den då og blitt, sjølv om hovudpersonen kan seiast å ha ein noko underleg suksessformel. New York-tilhøyrande Antony, som på 90-talet livnærte seg som fargerik cabaretartist på diverse nattklubbar i eplebyen, kler seg gjerne i stilige kvinneklær, flotter seg opp med make-up og syng emosjonelle sanger på piano med lys, gråtkvalt og ein smule teatralsk røyst. Og skal vi tru dei småpene salstala (jammen sneik ikkje plata seg inn på #39 på Topp 40-lista ei veke), den euforiske musikkpressa, dei bankande jungeltrommene og dei rundt 300 betalande på Blå denne kvelden, er dette akkurat det vi ynskjar oss i tolerante 2005.

På forhånd var det varsla at konserten skulle gå av stabelen klokka 8, men det var først litt over 10 at aktiviteten på scena tok til. Naturleg nok hadde dei mest ivrige klynga seg til rekkverket eit par sekund etter at dørene opna. Vi meir langsame av oss traska inn akkurat i tide til å sjå The Johnsons entre den spartansk lyssette scena. Med på laget denne gangen hadde Antony Rob Moose (gitar), Julia Kent (cello), Max Moston (fiolin) og Jeff Langston (bass), dei tre sistnevnte deltok og på innspelinga av I Am a Bird Now. Men publikum si merksemd kom utelukkande til å vere retta mot Antony denne kvelden, og hovudpersonen, ein ruvande skikkelse både fysisk og musikalsk, gjorde seg snart syneleg til stor jubel frå salen. Utan vidare presentasjon smyg han mot pianoet, benkar seg i favorittposisjonen og gjer seg klar til å trykke første tone.

Med sitt lange ravnsvarte hår og tilhøyrande svarte bluse, opna han med My Lady Story og The Cripple and the Starfish, to utsøkte schlägers frå kvart sitt album. Allereie her stod det klart. Antony reiser ikkje på turne for å levere sikre blåkopiar, men velger heller å bedrive litt live-eksperimentering gjennom å leike seg litt med låtane og la tonane trille rundt i nye fargedrakter. Opninga blei likevel litt for uinspirert for min smak, eg fikk kjensla av at det skorta litt på både patos og innlevelse. Men det er så klart muleg at eg her var i utakt med resten av publikum, enkelte tok til og med til tårene på andre låt. Uansett om det var våte tårer dryppande av glede eller sorg, er det herleg når musikk evnar å røre med oss på den måten.

Personleg følte eg nok det tok eit par låtar før Antony og kompanjongane verkeleg fikk etablert den gode standarden. Og sanneleg hadde det gjort seg om Cripple hadde komt seinare i programmet. Men i takt med eit stigande humør på Antony, var vi snart der vi skulle vere. Måpande, lamslåtte, med augene lukka og øyrene fokusert på å gripe kvar ei tone som svevde rundt i rommet. Responsen mellom publikum og bandet på scena var veldig god. Stille lydigheit under framføringa, høglydt applaus etter kvar låt og eit individ i salen som til stadigheit fremja ynskje om å ha med seg Antony på heimekos. Antony likte forsøket, men takka galant nei.

Materialet var som forventa jamnt fordelt mellom dei to utgitte fullengdarane, og heldigvis hadde han ikkje utelatt singlane I Fell in Love With a Dead Boy (2001) og The Lake (2004) på denne velkjente datoen for ulukker og bad omen. Låt etter låt strømma mot oss som ein hai rede til å angripe og røske opp i vårt ustabile nervesenter. Ja, det var lavmælt, ja det var langsamt og dvelande, men det er nå slik vi vil ha det. Glitrande låtar som River of Sorrow, Hope There is Someone og The Lake blei framført på aller beste vis og fikk nok mange nakkehår til å reise seg. Backingbandet, som kanskje ikkje var visuellt slåande på scena, la eit godt og stabilt teppe av lyd over og ved sidan av pianotonene, og bør naturleg nok ikkje skiftast ut med det første. Antony, muligens skolert i klassisk musikk, utviste full kontroll over tangentane og hadde eit leikent, flørtande forhald til publikum.

Det blei og plass til ei rekkje morosame anekdoter undervegs frå ein lystig frontfigur, noko som ærleg talt kom som ei lita overrasking med tanke på dei alvorlege tema som blir teken opp i låtane. Vokalmessig var det strålande saker som blei levert. Røysta var som vanleg både gråtkvalt, kvinneleg (Nina Simone), filmatisk (hadde passa ypperleg til eit 1930-talls kostymedrama), desperat og beroligande på same tid. Heldigvis var det ingen i salen som forsøkte seg på allsang, noko som antakelegvis ville blitt ein ganske flau affære for alle partar. Når bandet etterkvart takka for seg og gikk mot backstage, fikk ein trampeklappande og fornøgd horde vilja si, og Velvet Undergroud-låta Candy says blei ekstranummeret, strålande framført og ei verdig avslutning på konserten. Denne songen kan du også finne på Lou Reed-liveplata Animal Serenade frå ifjor, der Antony gjer ein duett med Lou.

Det blei i det heiltatt ein minneverdig fredagskveld på Blå, og eg trur flesteparten av dei frammøte koste seg godt. For å gi litt kjøtt på den siste påstanden velger å avslutte anmeldinga med eit par kommentarar som blei uttalt nokon straksar etter at konserten blei avslutta:

(Nordlending): Det va kanskje ikke magisk, men det va likevel genialt.
(Østlending): Jeg er så utrolig glad nå. Kun Twilight som manglet på den perfekte opplevelsen.
(Sunnmøring): Men, han var no ikkje trist i det heile tatt, berre smilande og lykkeleg, og det e eg også

Låtliste:

My Lady Story
The Cripple and the Starfish
Crackagen
The Lake
For today I Am a Boy
Man Is the Baby
All Is Loneliness (Moondog)
The Guests (Leonard Cohen)
I Fell In Love With a Dead Boy
You Are My Sister
Be My Husband (Nina Simone)
River of Sorrow
Soft Black Stars (Current 93)
Bird Girl
Dust Water
Hope There's Someone
--------------------------
Candy Says


comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Mulatu Astatke & The Heliocentrics - Inspiration Information

(Strut)

Vellykket integrering mellom etiopisk jazzpionér og britiske fusjonister.

Flere:

Bon Iver - Bon Iver, Bon Iver
Sharon Van Etten - Tramp