Carnival of Light - endeleg utgjeven?

Den nærmast mytiske Paul McCartney-komposisjonen Carnival of Light kan endeleg sjå dagens ljos, skal me tru Macca sjølv. Millionar av Beatlesfans over heile kloden held pusten nok ein gong.

Det var i eit intervju med BBC nyleg at Paul McCartney uttrykte sterke ynskje om å endeleg få utgjeve sporet som i åra sine løp nærast har fått legendestatus, sjølv om kun den nærmaste krinsen kring The Beatles har høyrd den. La oss gjere det klart først som sist, det er ikkje ein tradisjonell McCartney-låt me har å gjere med, men snarare ein 14 minutt avant-garde og elektronisk utblåsing, inspirert av Karlheinz Stockhausen. I følge Associated Press inneheld opptaket vrengde gitarlydar, orgellydar, gurgling og John Lennon og Paul McCartney som kjem med tilfeldige rop som “Barcelona!” og “Are you all right?”

Det er slåande, når ein høyrer korleis sporet etter sigande blei til, nok ein gong å sjå kor utruleg mangefasseterte The Fab Four eigentleg var. Den 5. februar 1967 var dei alle fire på plass, saman med George Martin, i Abbey Road og la dei siste vokalharmoniane på Penny Lane. Frå denne popmusikkens minisymfoni gjekk ein så rett over i komplett avant-garde og eksperimentelle lydmåleri. Dette var sanneleg “the years of dash and daring”, slik Derek Taylor så slåande har uttrykt det i forordet til The Beatles Anthology 2. Ingenting skulle vere uprøvd for desse karane og mange gonger lot det då også alldeles framifrå. Det er difor med stor spaning og ikkje små forventningar ein vil gå dette verket i møte skulle det bli utgjeve.

Det einaste verkeleg avant-garde stykket som dei nokon gong gav ut var jo, som kjent, Revolution 9 på The White Album, og det må seiast å vere den minst likte og minst omtalte Lennon/McCartney songen som nokon gong såg dagsens ljos. Inntrykket ein har er difor, naturleg nok, at det var John Lennon som var den mest eksperimentelle av dei fire Beatles-medlemmene. Han har jo i ettertid gjort sitt for å sementere dette, ikkje minst i form av kollaborasjonane med Yoko Ono på Two Virgins og Wedding Album. McCartney har alltid blitt sett på som melodikaren framfor nokon, og i seinare tid har han medgått at det har irritert han ein smule at folk ikkje har sett den avant-gardistiske sida av talentet hans. Det vil difor vere særs interessant og av stor rockhistorisk tyding å få høyre eit McCartney-eksperiment som er dobbelt så langt som Revolution 9.

Me får berre håpe at det verkeleg blir noko av denne gongen. Det har gjennom åra stadig vore rapportar om å gje ut saker og ting frå det rikhaldig Beatles-arkivet hjå EMI. Me kom eit stykke på veg via Anthology-serien. Diverre var desse også noko mangelfulle, og det er underleg no i ettertid kvifor ein ikkje såg sitt snitt til å utgi Carnival of Light allereie då. Men, som me ettertrykkeleg har sett, å bli samde om noko har ikkje vore John, Paul, George og Ringos største force sidan 1970. Me har fleire andre døme også, ikkje minst den etter sigande utruleg vakre ballada Etcetera som framleis ligg og støvar ned i Maccas private arkiv og den siste “nye” songen, Now and Then, som diverre ikkje blei utgitt då ein var så godt i gang med Antology-comebacket.

Det hadde vore merkeleg å utgi Carnival of Light digitalt, eller berre som ein slags etterslengar-singel. Ein må håpe at Paul McCartney og Ringo Starr kan bli samde no som dei er dei to einaste kranglefantane attende om å endeleg gje ut siste rest av uutgitte Beatles-diamantar. Kall gjerne plata Anthology Encore eller noko i den dur. Det hadde garantert gleda ei heil musikkverd. Uansett, berre me får meir så skal me ikkje klage! Berre ver så snill og ikkje hald oss på nåler med stadig usanne release-rykte, Paul. Hald ord denne gongen.



comments powered by Disqus

 



Magnus Kjærstad
2008-11-17White Stripes

Det var da underlige striper på det fotgjengerfeltet. Slik har jeg ikke sett de før.
Nok en (strek)kode som kan inkluderes i den store Beatlescover-konspirasjonen?

2008-11-18Hmmm...

Number 9, number 9, number 9. Bra observert! Bildet er nå endret til originalen før vi får søksmål fra en eller annen photshop-dude der ute...

Artikler, nyheter


80-tallets kulturelle polpotisme: Minner fra et innblikk i keiserens nye garderobe

- Det var en vidunderlig tid for eklektiske og komplementære platesamlere som dreit i trender og musikkpolitiske tvangstrøyer, men for bløffmakerne og posørene i post-punken må det ha vært en rigid og tøff tid.

Drag Queens, Rent Boys, Rock Stars and Punks
Det engelske kunstkonseptet Inside kommer til Oslo med fotoutstilling fra punkens glansdager, åpning på Galleri TM 51 fredag.

Vinnere: Working Class Hero
Vi har trukket ut to vinnere av festivalpass til Working Class Hero-festivalen i Drammen.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Första demon ute
21.05.12 - 19:28

Gitarist søkes!
20.05.12 - 16:47

Backing vokalist sökes
20.05.12 - 14:41

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Jack White - Blunderbuss

(XL)

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Tidligere:

Sharon Van Etten - Tramp