Bergenfest: Th' Legendary Shack*Shakers

Logen Teater 29. april 2006.

1-2-3-Fuck

Th' Legendary Shack*Shakers veit å sette pris på Bergen og bergensfolket veit å sette pris på Shack*Shakers. Tilbake for tredje år på rad på Ole Blues/Bergenfest, denne gangen med ein opptreden på den store fest- og konsertsalen på Logen Teater. Og skulle det være nokon tvil; konserten blei den maktdemonstrasjon i rølpete og intens partyrock/rockabilly som vi alle hadde håpa på. Det regelrett ljoma i veggane på dette ærverdige teateret, sveitten rant i bøtter av eit ivrig og feststemt publikum, medan bandet synte oss ein ekstrem spele-iver vi vel knapt har sett maken til på ei scene her i byen.

Shack*Shakers er eit nærast sjeldent velspelt band som uansett sjangerblanding, og visstnok uansett publikumsoppmøte (ikkje at det var eit problem med lite folk i går, nesten fullt hus), makter å uttrykke ei punka, rå og humoristisk attityde som smittar over på den som spottar. For alt skal nå ikkje takast så alvorleg heller; humoren og den uhemma kroppslege svingomen er ein viktig ingrediens her. Partyrock for både mor, far og barn skal vi dømme etter det store aldersspennet i salen.

Bandet brukar heller ingen form for kulisser, scendekor, utradisjonelle instrument (ja bortsett frå ein slik vintage mikrofon) eller spenstig lysformidling under sin konsert. I utgangspunktet verkar opplegget med gitar/trommer/kontrabass kanskje til og med litt kjedeleg. Men når ein har sterke låtar som suser forbi i frenetisk tempo, når ein pløyer ut sine herligaste gitar-riff og sine mest drivande trommerytmer, då treng ein sanneleg ikkje ty til kosmetikk for å skape stor entusiasme.

Sitt fremste kort har dei nok i den karismatiske, hyperaktive, barnslege, tynne og spretne vokalisten frå Kentucky; ablegøye-vennlege J.D Wilkes. Wilkes, som gikk for den komplette nerde-stil med både knebukser og bukseselar, er eit fyrverkeri utan sidestykke. Han sprett som ein kanin rundt på scena, tar salto mortale under låtane, riv publikum i håret, let seg daske på røva av publikum og oppfører seg generelt klovnaktig. Men på ein god måte. "Shack*Shakers loves Bergen" brøler ein skjortelaus vokalist til øredøvende jubel frå salen, særlig i mosh-piten framme med scenekanten visast det enorm entusiasme.

Det var ein genial konsert og kun det å mimre ein halv dag tilbake i tid får meg i strålande humør. Slik skal det vere. Så får vi vel nesten rekne med at Th' Legendary Shack*Shakers er tilbake til neste års festival også, om ikkje før. For denne gjensidige kjærleiken mellom band og publikum som oppstod denne laurdagskvelden vil vel begge partane gå inn for å oppleve på nytt. Og på nytt. Og på nytt.


comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Mick Harvey - Four (Acts of Love)

Tidligere gitarist i The Bad Seeds, Mick Harvey, lever godt i skyggen av Nick Cave. Kjærlighet i fire akter funker både fra skive og scene. Spiller på vestlandet denne uka.

Low i Oslo
Minnesota-bandet feirer 20-årsjubileum med nytt album og turné som fører Low til Blå på lørdag. Vi varmer opp til konserten med en fersk video som du kan sjekke her.

Jenteslipp
Øya med tre nye navn i dag, Cat Power, Laura Mvulah og Mona & Maria meldt klar for Middelalderparken i august.

Podium

Hovedsiden / Siste:

London folk ønsker å låne en...
13.05.13 - 21:04

Bassist søkes Oslo/Akershus
13.05.13 - 11:04

Vi soker øvingsrommet i Oslo...
05.05.13 - 20:55

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Erlend Ropstad - Hva om det ikke er sånn som du tror at det er

()

Ein sørlending finn stemma si blant ein bunke lågmælte songar om rastlause tider.

Tidligere: