Bergenfest: William Elliott Whitmore/Orbo & the Longshots

Kamelon, 28. april 2006

Våryr stemning i Bergen by

Publikum har synt stor musikkinteresse framfor årets Bergenfest. Drøye månaden før festivalstart meldte ei stolt leiing at 13 000 billettar hadde blitt solgt og reservert, eit antall nesten dobbelt så høgt som tilfellet var på same tid i 2004 og 2005. Kanskje ikkje så underleg når festivalen tidleg programoppførte store internasjonale namn som Iggy & the Stooges, The Waterboys, Bobby Bare, Steve Harley & Cockney Rebel (+ ekstrakonsert), samt skandinaviske profilar som Timbuktu, Dum Dum Boys (+ ekstrakonsert) og Mira Craig.

Men i løpet av den drøye veka festivalen pågår skal den gjengse bergensbebuar også få sjansen til å oppleve "mindre" kjente artistar på fleire av byen sine mange konsertscener. Underteikna har på forhand plukka ut ei rekkje arrangement som høyrest svært lovande ut; William Elliott Whitmore (ein mann og sin banjo), Elliott Brood (omtalt som "death-country"), Teddy Thompson (sønn av to store), North Mississippi Allstars (spinvill bluesrock) og King Creosote (skotsk pop). Men overraskingar, både i positiv og negativ forstand, er så klart like forventa som det er ønskeleg.

I apologise for the sound of my rotten banjo

Alle går vel med ynskje om å la fingrane jobbe over ein antikk banjo medan leppene sprer sin kalde visdom utover slettene. Visdom om livet. Om døden. Om ting som dukkar opp, men også om ting som forsvinn. Utan å etterlate seg ei postadresse. For alt som går, går som kjent i sirkel. Eller prøv heller denne; Alt har ein start og alt får sin ende. Ein isolert oppvekst på hestefarmen i delstaten Iowa har tydeligvis satt sine spor på William Elliott Whitmore. Også musikalske.

Klokka er konserttid. Denne tynne, 30s something(?), tattoveringsdraperte amerikanaren inntek scena, slurpar i seg litt lokalt HansaBrygg og hyler ut ein storslagen hymne i a cappella-versjon, medan han trampar takta så hardt at sagmuggen slår seg opp frå gulvplatene. Dette er måten å få publikum med seg frå starten av, dette er liv laga.

William Elliott Whitmore er kanskje ikkje eit household-name her til lands, likevel var Kamelon godt befolka denne fredagen. Her på groove har vi tidlegare karakterisert Whitmore sitt unike uttrykk på følgjande måte; "Det høres ut som det er en livstrøtt redneck som har gått lei av whiskyen og konebankinga og stilt seg klar til å henge seg selv i låven som har bestemt seg for å levere et musikalsk testamente til denne triste verden..."

Redneck er han dog ikkje. Og whiskeyen, denne fyrige drykk, den er for han like velkommen som ei vakker kvinne. Men eg forstår like fullt allegorien.

Han har ei raspande og rå stemme som lyser av levd liv i tillegg til altfor mange sigarettar i oppveksten. Med seg på scena har han ein rusten gammal holk av ein banjo. Den er hans livsledsager, venn og i tillegg til føtene, hans einaste akkompagnement her i kveld. Den brukast ikkje på denne ultraraske Deliverance/Bluegrass-måten, men er plukkande, taktfast og nærverande. Og den får oss i riktig god stemning. Dette er fabelaktig folkblues. Eit minimalistisk opplegg som dette kunne så klart blitt relativt einsformig i lengda, men slike tankar slo meg aldri undervegs i konserten.

"This is a song about killing yourself, slowly" er introduksjonen til Diggin' My Grave. "When Life Throws a Punch, Son, You got to take it on the chin", heiter det i ei anna låt. Whitmore viser seg å vere ein storyteller av rang som vekslar mellom det dystre og det livsglade; det går frå tragiske skildringar av rennesteinsfolket til euforiske ovasjonar til livet i alle sine fasetter. Whitmore har og mange element av "entertaineren" i seg. Han tuter i flasker, ler og koser seg med publikum, ber om whiskeyshots, amazing Hansa øl (slik sjarmerer ein patriotiske bergensfolk) og diskokuler og var tydeligvis glad for å debutere på norsk jord.

Setlista var naturleg nok basert på Whitmore sin to tidlegare utgjevingar; Hymns For the Hopeless (2003) og Ashes to Dust (2005), samt den nye skiva som blir lansert i August. Best på scene sannsynlegvis, men med sterke nok låtar til å engasjere også i albumformat.

Orbo & the Longshots

Whitmore var som alle oss andre spent på kva Orbo & the Longshots ville prestere seinare på same scene. Bergensbandet, som er fronta av gitarist/vokalist Ole Reinert Berg-Olsen (altså ORBO), spelte i januar inn sitt andre album Genuine, Handmade Rock'n'Roll From Norway i legendariske Sun Studio i Memphis. Under Bergenfest var det dags for release av EPen Dead Man Walking.

Konserten blei i korte trekk ein temmeleg variert affære som svinga seg frå lun countryrock i Uncle Tupelo/Son Volt-tradisjon, altfor mange glatte countryballader (noko som fikk kompisen min til å kalle det "Smokie på prom-night-feeling"), eit par raffe rockabilly-låter og andre meir behagelege rockelåter med solide dryss av country-toner. Ole Reinert Berg-Olsen beviste at han har ei fantastisk veleigna stemme til slike sjangre og dei resterande medlemane fylte på med velspelt instrumentering og koring.

Konserten sett over eitt blei likevel for ujamn. Mest interessant var dei kanskje på låta der William Hut deltok (tittel?) med si songstemme, kjedeligst blei det paradoksalt nok under låta (igjen mangel på tittel) dei skreiv saman med Kevin Welch.

Mange i publikum storkoste seg derimot og foran scena svinga fleire seg til den eine dansen etter den andre, medan dei song ut tydeligvis velkjente tekstlinjer. Det er nok ikkje umulig at det blei solgt eit pent antall EPar på denne kvelden. Meg og min kompis spaserte derimot ut av lokalet etter ein times tid; ekstremt godt fornøgd med kveldens første akt, litt mindre entusiastisk over akt nummer to.


comments powered by Disqus

 



Per Magnus
2006-04-30Bergenfest!

Ja, det var store konserter på Bergenfest, fredagen! Tift merritt ikke minst! Fikk ikke med meg Whitmore konserten, men Orbo satt som en kule. Samme gjorde Chris HIllman og Pedersen tidligere på kvelden.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo