Konsert: Goodiepal
Transformator: 30.november 2006, St. Jørgens Hospital, Bergen.
Del på Facebook05.12.06
Relaterte sider:

Meiner du at kjendisastronom Knut Jørgen Røed Ødegaard i det siste har vist for lite boblande entusiasme og barnsleg fryd? Har du ein forkjærleik for det underlege, det eksentriske og det beint fram spesielle?
Då finnast det der ute ein plystrande kar med langt tufsete skjegg, rar blandingsdialekt og ein koffert med solsystemet i miniatyr som kan være din mann. For ein skuletime med det dansk-færøyiske performance-fenomenet Goodiepal (Kristian Vester) er på ingen måtar heilt som andre skuletimar. Usedvanleg mykje word-of-mouth medførte då også at det blei rimeleg trongt om plassen når han tura innom Bergen for å halde "konsert" inne i Lepramuseumet på St. Jørgens Hospital.
Eit utvatna konsertbegrep må vite, for ein time med Goodien er vel så mykje eit foredrag eller ein stand-up-førestilling med støy, astronomi, plystring, naturvitskap og human beatboxing på plakaten. Med ein langsam dvelande plystresesjon delte han ut sine små eigenstøypte bjeller til publikum og etter å ha forvissa seg om at det ikkje befant seg eit trugande antall islendingar eller franskmenn i salen, satte Goodiepal lupen mot nevnte nasjonalitetar.
Dette var også starten på ein merkeleg seanse der han snart byrja å legge ut spesialkort på bordet i eit mønster kun han sjølv herska over og forstod. Alt medan ansiktet viste fram ei mine som nesten skulle uttrykkje: "Eureka, den biten må så klart ligge der". Samstundes som dette skjedde flytta han også bitar av solsystemet fram og tilbake på bordet med ein like naturleg maner. Det er ikkje fritt for at enkelte av oss her lurte på kva det vi hadde kome for å oppleve? Risk for vidarekommande?
Well, it gets weirder! Undervisninga blei framført med ei vekslande språkdraft, det skifta frå færøysk til dansk og frå norsk og engelsk. Og tilbake igjen. Indo-skandinavisk kalla han det visst sjølv. Han snakkar om ein aukande voldskultur på Færøyane, men også om jobben med psykisk utviklingshemma pasientar. I blant hylte han så opp som ein stukket gris (ein meget ubehageleg gryntelyd må innrømmast), andre gongar parodierte han fransk rap og islandske artistar som Bjørk og Sigur Ros (la-la-la-natur-er-så-skjønt-la-la-hør-så-følsomt-og-eksotisk-la-la). Det er både seriøsitet og moro dette, litt Nutty Professor og litt Petter Smart.
Med seg i kofferten har han då også ein del "props" som blei viktige etterkvart som showet rulla vidare, blant anna eit utbrettbart synth-teppe, ei gammaldansk fløyte som lydmessig kunne minne om sekkepipe, vinlyplater med plystring, "soundbites" og snakk, pluss ein fem minutt lang videosnutt som gav meg bleike assosiasjonar til den japanske versjonen av The Ring.
Ikkje ein konsert i tradisjonell forstand altså. Men kva er det så eigentleg han ønskjer å oppnå med dette? Eller at vi i publikum skal oppnå? Skulle eg vore litt matematisk av meg kunne eg sikkert slengt ut likninga språk = tvangstrøye og fabulert ut noko om at Goodiepal ynskjer å kommunisere med oss gjennom uventa lydinntrykk, gestikk og visuelle handlingar, heller enn gjennom dagleglivet sin regelbundne språktortur.
Skulle eg derimot vore konspiratorisk av meg, kunne eg påpeika at Goodiepal i "sitt tidligare liv" har jobba for den finske mobilgiganten Nokia, noko som bør få alle til å undre seg om heile dette opplegget er lagt opp slik at subliminale meldingar av "må ha ny telefon"-karakter skal vasse gjennom skallen på deg. Skulle eg heller vore regelrett kynisk og humørlaus av meg kunne eg kopiert Bergens Tidende sin utsendte skribent, gått i harnisk og for heile vestlandet klassifisert dette som ekstremt kjedeleg og unødvendig. Det kunne eg gjort.
Men eg velge heller å la være. For det Goodiepal presenterer på scene er så vilt annleis og uforutsigbart at ein bortimot MÅ sette pris på det, sjølv om ikkje nødvendigvis utbyttet ditt står like klart fram. Showet var ofte underhaldande og lattermildt, men kunne også fortone seg som både monotont, langsamt og dvelande. Faktisk var det nokså vondt å sitte pal på eit kaldt golv i ein og ein halv time, men om målet er eit levande og eksperimentelt kulturtilbod treng ein definitivt slike særeigenheiter som Kristian Vester, nettopp ein kar som kan rive opp i våre førestillingar om kva "konsert" kan og bør inkludere.
Mange spørsmål og sikkert like mange svar, men det endelege spørsmålet står foreløpig ubesvart; For kven var det eigentleg som stakk av med den siste bjella til Goodiepal? Sjå der har du kanskje den største gåta av dei alle.
comments powered by Disqus
Siste anmeldelser
Groovissimo

The Modern Lovers - Modern Lovers
(Beserkley / Sanctuary)
Tidlegare i år runda Jonathan Richman 60 år. I sin ungdom effektuerte han nokre rock'n roll grep som framleis er like verknadsfulle.
Tidligere:

