Håpet ute for Richey Edwards (1967-2008)
Britiske myndigheiter har gitt opp å finne den forsvunne Manic Street Preachers-gitaristen og låtskrivaren i live, melder avisa Wales Online. Det har no gått 13 år sidan han forsvann på mystisk vis.
Del på Facebook02.12.08

Den siste sikre observasjonen av Richey Edwards i live fann stad den 1. februar 1995 då han sjekka ut av hotellromet sitt ved Embassy Hotel i London. Saman med frontfigur James Dean Bradfield skulle han denne dagen fly til USA for å gjere ein kort promoturne for TV og radio. Slik skulle det imidlertid ikkje gå. Edwards forsvann denne dagen og ein har ikkje sett snurten av han sidan. Den 17. februar same året blei derimot bilen hans funne forlatt ved Severn Bridge. Dette området har i fleire år vore notorisk for sjølvmordskandidatar og politiet sin sterkaste teori har i alle år vore at Edwards tok livet sitt. I november 2008 verkar det som om myndigheitene slår seg til ro med det og stadfestar at dei går ut frå at Richey Edwards mest sansynleg er død, eller “officially presumed dead” som det heiter på originalspråket.
At Edwards skal ha teke livet av seg har derimot vore vanskeleg for både Manic Street Preachers og fansen å svelge. Særleg bestekompisen, bassist Nicky Wire, har hatt vanskeleg for å akseptere denne lagnaden og har ved fleire høve uttalt at han trur at Edwards enten har meldt seg ut friviljug eller at noko kriminelt har kome han til del. Likevel, på midten av 1990-talet viste Edwards fleire og fleire tydelege teikn på at ting ikkje akkurat var i sin skjønnaste orden. Han fekk stadig større alkohol og rusproblem, og på toppen av det heile utvikla han etterkvart anoreksi. Det mest sjokkerande og det dei fleste beit seg merke i var imidlertid då han skar opp armen sin med ein kniv då han blei fotografert i britisk musikkpresse. 4 REAL stod det skrive, bokstaveleg talt, i kjøt og blod på den vevre armen hans. Med andre ord er det truleg at det her ligg nok til grunn for at eit sjølvmord er meir enn berre truleg.
Richey Edwards har likeeins som mange andre rockarar som mista livet eller forsvann ut av musikklivet på tragisk vis fått ein nærast mytisk status i britisk musikkliv. Han er på mange måtar ein slags britisk blanding av Syd Barrett og Kurt Cobain. Vidare, på reinaste Elvis-vis, så har det i alle desse åra sidan forsvinninga hans kome rapportar om at han har blitt observert kringom i verda. Desse har, sjølvsagt, aldri blitt stadfesta. Likevel, han har blitt eit rockeikon for den yngre generasjonen som ikkje opplevde Hendrix, Lennon og Barrett på nært hald.
Og nettopp i dette ligg litt av det triste ved Edwards også. Dersom han ikkje hadde forsvunne på slik mystisk vis er det lite truleg at han hadde sett slike djupe spor etter seg. Han var på sitt beste ein briljant tekstforfattar i tospann med Nicky Wire, men musikalsk sett hadde han liten eller beintfram ingen påverknad på det musikalske landskapet Manic Street Preachers bevega seg i. Han spela rytmegitar og hadde ellers hovudansvar for det estetiske uttrykket, kva klær dei gjekk med og korleis dei stelte håret sitt. Manic Street Preachers fekk paradoksalt nok også verkeleg mainstream suksess etter at den tragiske hendinga var eit faktum.
Me skal likevel ikkje undervurdere tydinga til Richey Edwards. Alle generasjonar treng sine tragiske heltar. 1960-talet hadde Syd Barrett og Jimi Hendrix, 1980-talet hadde Ian Curtis og 1990-talet fekk Kurt Cobain og Richey Edwards. Morbide som me er blir me aldri heilt ferdige med desse tragiske lagnadene.
Kvil i fred, Richey. Eg håpar me ein dag finn ut kva som skjedde med deg.
comments powered by Disqus
Groovissimo

Jack White - Blunderbuss
(XL)
Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.
Tidligere:
Sharon Van Etten - Tramp
