Coldplay og Kylie samarbeider

Det er ingen grunn til frykt for svorne Coldplay-fans som var redde for at eit Kylie-samarbeid ville ende i parodien.

Etter mykje att og fram blei alle spekulasjonane endeleg stadfesta i går då duetten Lhuna blei sluppe ekslusivt gjennom nettstaden (Red)wire, som ledd i ei veldedighetskampanje i høve Verdas Aids-dag.

Rykta har gått lenge om ein mogleg duett mellom Kylie Minogue og Coldplay, men sanningsgehalten i desse har vore omstridd. Det blei først sagt, av Coldplay sjølv, at Kylie hadde vore i studio med dei og at resultatet ville kome allereie på Viva La Vida. Dette stemte som kjent ikkje. Det blei seinare rapportert at duetten ville kome både på Prospekt’s March EPen og neste års varsla nye studiealbum.

No er det imidlertid ikkje nokon vits i å spekulere meir. Lhuna blei sluppe i går og ligg no ute på (Red)wire sine sider og på red.msn.com.

Songen er ein seig, langsom og ganske skummel sak, ganske langt frå både Kylie og Coldplay sine vanlege musikalske landskap. Ved første gjennomhøyring er det difor ikkje så vanskeleg å forstå kvifor dei valde denne utgjevingsvarianten. Det er lite truleg at denne songen ville ha funne sin naturlege plass på Viva La Vida og Prospekt’s March. På eigahand funkar den derimot som ei veldig overraskande og spennande låt som set begge partar i eit ytterst godt ljos.

Det er ingen grunn til frykt for svorne Coldplay-fans som var redde for at eit Kylie-samarbeid ville ende i parodien. Dette er eit solid stykke arbeid frå begge artistar og for ei ytterst god sak.


comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


80-tallets kulturelle polpotisme: Minner fra et innblikk i keiserens nye garderobe

- Det var en vidunderlig tid for eklektiske og komplementære platesamlere som dreit i trender og musikkpolitiske tvangstrøyer, men for bløffmakerne og posørene i post-punken må det ha vært en rigid og tøff tid.

Drag Queens, Rent Boys, Rock Stars and Punks
Det engelske kunstkonseptet Inside kommer til Oslo med fotoutstilling fra punkens glansdager, åpning på Galleri TM 51 fredag.

Vinnere: Working Class Hero
Vi har trukket ut to vinnere av festivalpass til Working Class Hero-festivalen i Drammen.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Första demon ute
21.05.12 - 19:28

Gitarist søkes!
20.05.12 - 16:47

Backing vokalist sökes
20.05.12 - 14:41

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Jack White - Blunderbuss

(XL)

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Tidligere:

Sharon Van Etten - Tramp