Konsert: The Twilight Sad

Hulen, Bergen 4 .desember 2007: Med eit suverent album i baggen var det store forventningar til skotske The Twilight Sad då dei tok turen til Hulen i Bergen. Konserten kom til å bli ein total støyorgie med enkelte sarte pitstop.

Relaterte sider:

The Twilight Sad

Når eg etterkvart får sulla meg til å skrive ned lista over årets flottaste plater er det, med mindre noko heilt ekstraordinært skulle komme på tampen, enorme sjansar for at skottane i The Twilight Sad får gasse seg på toppen. For ingen skiver har nemleg treft meg slik i ryggmergen som debuten Fourteen Autumns and Fifteen Winters. Som eit storvegs lydspor til eit haust-melankolsk sinnelag fusjonerar denne sarte tonar med støyrik eksplosivitet i ein nydeleg pakke. 9 av 10 evalueringar plasserar bandet i bås med medskottane i Mogwai, andre droppar namn som Arab Strap og Jesus & Mary Chain, medan nokre få hentar gode gamle Tindersticks opp av sekken. Om ein tilføyar dei meir popstyrte tonane til Idlewild samt eit Interpol utan openbar New York-kulheit, så er vi kanskje alle inne på noko riktig.

Ein tirsdagskonsert i desember på studentplassen Hulen i Bergen, midt i den travlaste eksamensperioda, er kanskje ikkje ideelt med tanke på verken oppmøte eller totalrabling. Like fullt var det greit med betalande, eit prov på at det er eindel som har fått smaken for gruppa.

Utan å veksle eit ord med publikum starta dei med Cold Days From the Birdhouse, eit av dei lekraste spora frå skiva og representativ for Twilight Sad si djupt kjensleladde musikk og søken etter klimaks. Nakne, svevande gitartonar av Andy MacFarlane begynte å sive ut i lokalet før James Graham si tjukke, varme og rrrraspete stemme gjorde sitt inntog. Snart fikk dei oppbakking av bassist Craig Orzel og Mark Devine på slagverk og saman forma ein ulidelig vakker versjon krona med ei avslutning så pompøs og massiv at det føltes ut som huleveggar og tak skulle gi etter for trykket. Forsiktig applaus og forundra blikk frå publikum møtte dei etter når songen var avslutta. At Twilight Sad var kjent for å vere særs høglydte live hadde eg for så vidt blitt gjort merksam på før konserten, men at dei så til dei grader skulle sprenge desibelmålaren hadde eg nok ikkje forventa.

Konserten forsette inn i same lysløype og etterkvart kom også publikum meir og meir med på notane. I forhald til dei restriksjonane som studiofomatet naturleg nok fordrar var det tydelig at dei live søker eit meir eksplosivt og skurrande uttrykk, eit uttrykk som gjerne kunne gå over stokk og stein. Gitaren hylte i full vigør, bassen pumpa ut sine mørkaste tonar, Graham vrengte ut sine argaste tekstfraser, og ute i salen blei vi rett og slett møtt av ein lyd så enorm at det kjentest ut som den ville fortsette i det uendelige.

Med tekstleg tematikk som verkar knytt opp imot ungdommelege angstkjensler frå oppveksten i Cumbernauld like utanfor Glasgow (for eit par år sidan vurdert som det mest deprimerande hølet i Skotland), er det kanskje ikkje rart at Twilight Sad ikkje er den lystigaste gjengen på markedet. Dei er heller ingen levande openbaring på scena. Visuelt sett var gutane med gitarar på langt nær eit fyrverkeri der dei på flankane stod med blikket konsekvent festa mot sine sneakers. Det var nesten ironisk at ein så statisk gjeng kunne lage det enormt kaotiske lydrommet som dei gjorde. Eit lite unntak til passiviteten fikk vi med Graham som svaia rundt som i hypnose og også tok på seg ein ekstrajobb ved slagverket under majestetiske Talking With Fireworks Exploding.

The Twilight Sad hadde eit liveuttrykk så storslått, støya, ruvande og inderleg vakkert at det overgjekk alle forventningar. Mange kom til å gå heim med ei nyinnkjøpt plate i lomma, med susande øyregangar og ikkje minst vissheita om at dei hadde opplevd noko stort.
Kanskje kom eg til Hulen vel farga av min fasinasjon for albumet, for sant å seie var det so visst nyansar som forsvann under konserten. Vokalen hadde og ein tendens til å drukne i det valdelege ståket, men dette var ikkje meir enn forventa, i alle fall på Hulen der det knapt nok finnast ein plass i lokalet som lydmessig gjev totalutbytte. Når konserten runda av hadde det ikkje gått meir enn ein knapp fotballomgang, noko som på ingen måte kjentest for knapt. For med unntak av b-sporet Watching the Chair Painted Yellow var naturlig nok låtane henta frå debuten og foreløpig er det avgrensa med materiale å ha på setlista. Ekstranummer var det altså ikkje rom for.

Vel ei veke har gått sidan konserten. Øyresusen har meir eller mindre forsvunne, men minna om den heftige seansen har ikkje blitt mindre. I mellomtida har dei og rukket å spele ein konsert i hovudstaden og etter responsen her på forumet å rekne, var det også der mange som lot seg behaga av Twilight Sad sitt noko styggvakre uttrykk. Dette er med på å styrke trua om at bandet allereie ved neste møte kan ha oppnådd eit langt større namn enn tilfellet er i dag.


comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Koop - Waltz for Koop

(Superstudio Blå)

Svenske Koop imponerer med sommerlett og sval jazz, i det som trolig er den mest behagelige utgivelse så langt i år.

Flere:

Side Brok - Høge Brelle
Thelma & Clyde - White Line