Bergenfest: Chuck Prophet IV

Rick's Teater 01.mai 2006.

"Denne mannen treng vel ingen introduksjon", sa festivalrepresentanten før han like etter introduserte Chuck Prophet. Og fleire på Rick's denne måndagskvelden kjente nok til Prophet gjennom den rolla han spelte i americana-bandet Green On Red. Men det var nok også dei som (underteikna inkludert - det må røpast), trampa inn i lokalet utan å ha lånt øyrene til dette bandet som på 80-tallet leverte skiver som står skildra som "hjørnesteinar innanfor amerikansk gitarrock" (sitat; groove.no). Men å sitte på konsert med slikt eit tomt og urutinert sinn kan visst ofte vere ein fordel det.

På Bergenfest kom han mutters åleine, utstyrt med sin elektriske gitar han visstnok hadde stjelt frå veggen på ein amerikansk restaurant og med før-programmerte beats i form av ei svær trommemaskin som han slo av og på med føtene. Mikrofonstativet hadde og eit litt pussig oppsett, med ein vanleg mikrofon og ein annan som sende ut grums og litt vennleg støy. Begge to hyppig brukt under konserten. Dessverre var ikkje trommemaskin nok til å unngå å sakne eit backingband i ryggen på Prophet. Tidvis fungerte det bra, særleg under dei meir rocka blues-tilskota der beaten var hardare og meir variert, men gjerne var nok rytmane for enkle og spinkle ut til å tene andre funksjonar enn reint taktmessige.

Stilen til Chuck Prophet har blitt samanlikna med den til Tom Petty; det er trygg og jordnær radiovennleg lightrock som manglar det store særpreget, men som inni mellom er ganske så triveleg. Ei Dylanesque vise var eit av kveldens høgdepunkt; den fengande smygaren New Years Day. Låta som han sjølv hadde gløymt, men som ein fan frå Bergen gjorde han merksam på, blei tileigna alle menn over tretti som har måtte bite i graset og flytte heim til mors kjøttkaker.

Andre låtar som utmerka seg i positiv forstand var gjerne dei som representerte eit slags stilbrot i konserten. Først og fremst uhøgtidelege og litt tøysete You Did (Bomp Shooby Dooby Bomp) frå Age of Miracles (2004), samt surferock-melodien frå tv-serien Son of the Beach som blei siste ekstranummer.

Chuck Prophet anno 2006 framstår på mange måtar som trubaduren som kan finne på å dukke opp på den lokale puben ein tilfeldig vinterdag med eit fint utval av låtar på programmet og ikkje minst eit par artige historier på lur. Men personleg hadde eg heller sett at han tok med seg eit par kompanjongar opp der på scena. Det modne publikum på Rick's, som kanskje var slitne etter for mange fridagar på rad, gav uansett lydig respons utan eit kan påstå at stemninga gikk heilt i taket denne kvelden.


comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Magnet - On Your Side

(Ultimate Dilemma)

Engelske kritikere har trykket Magnet til sine bryst. Fortjent. Det beviser Even Johansen nok en gang med sitt nye bittersøte album.

Flere:

Magnolia Electric Co. - Josephine
Leonard Cohen - Live at the Isle of Wight 1970