Britpop-flaggskip gjenforenast
Blur, inkludert Graham Coxon, gjenforenast neste år for å øve saman, i følge Damon Albarn. Så gjenstår det å sjå kva frukter dette kan bere.
Del på Facebook26.11.08

Det var under presselanseringa av Damon Albarns siste prosjekt, operaen Monkey: Journey To The West, at kunngjeringa kom. På spørsmål om framtidsplanane for Blur sa Albarn at gruppa skal øve saman neste år og sjå om dei framleis er liv laga, i følge NME.
Blur debuterte med plata Leisure i 1991, men det var først med utgjevinga av Parklife i 1994 at dei slo gjennom for alvor. På toppen av britpophysteriet, der rivaliseringa med Oasis var på sitt største, kom deira kommersielle høgdepunkt The Great Escape og singelutgjevinga Country House. Dei tre neste studioalbuma Blur, 13 og deira førebels siste plate Think Tank blei i større grad eksperimentelle og viste, vil nokon seie, eit band i identitetskrise. Før innspelinga av sistnevnte verk forlot sågar gitarist Graham Coxon bandet og har sidan konsentrert seg om ei stadig meir lovande solokarriere. Albarn har på si side blitt sjølve kongen av side-prosjekt. Gorillaz-prosjektet har teke verda med storm dette tiåret, i tillegg har Mali Music og ikkje minst The Good, the Bad & the Queen vore kunstnarlege triumfar.
Så får me smøre oss med tolmod og sjå om det kan bli ei ny Blur-skive om ikkje alt for lenge. Reunions er alltid ein risikosport, men alt skulle borge for at tida er meir enn mogen for at gamle britpopheltar skulle ha gode moglegheiter.
comments powered by Disqus
Groovissimo

Jack White - Blunderbuss
(XL)
Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.
Tidligere:
Sharon Van Etten - Tramp
