Konsert: Ungdom og manndom

Micah P. Hinson, Ubudoll, Entrance, Bergenfest, Kamelon 6. mai 2005.

Relaterte sider:

Vinn: Konserter

Det finst dagar ein like godt kunne vore under dyna. Det finst dagar ein ikkje bør entre ein scene. 21 år gamle Guy Blakeslee frå Baltimore hadde nok ein slik dag fredag 6. mai. Kanskje er eg litt urettferdig, men den unge mannen med kunstnarnamnet Entrance leverte ein heller traurig halvtime innleiingsvis på Kamelon denne kvelden. Han ser ut som ein fusjon mellom Devendra Banhart og Slash, spelar musikk som ligg ein stad mellom førstnemnte sitt utrykk og gamle folkblues-heltar som Lowell Fulsom og Blind Lemon Jefferson. Med ein øydelagt og sterkt plastra el-gitar (som han brukte cirka halve seansen til å stemme), rytmetingestar rundt leggene og ei røyst som prøvde seg over minst tre oktavar men slett ikkje alltid fant tonen den leita etter, vart det heile ei noko haltande affære.

Det finst dagar då ting klaffar, då det meste ein prøver på lykkast dobbelt. Det kan godt vere at 22 år gamle Micah P. Hinson har mange slike dagar, ein av dei var i alle tilfelle fredag 6. mai på Kamelon i Bergen. Med sitt album Gospel of Progress leverte den unge texanaren ein av fjoråret sine avgjort beste debutplater. Slikt drar på seg store forventningar, og det han presterte frå scena denne maikvelden i Bergen var ikkje akkurat med på å svekke inntrykket av ein musikalsk personlegdom i emning.

Med berre to medmusikantar på scena måtte dette verte eit noko anna lydbilde enn det den til tider mangfaldig instrumenterte debutplata byr på. Den gotisk-psykedeliske folkrocken frå plata vart i dette minimalistiske trioformatet (el-gitar, bass og trommer) tilført ein energisk dose punkånd som gjorde låtane til Hinson om mulig endå meir vitale.

Jyplingen som entrar scena med buksesig, ei ustroken rutete skjorte og ein utsliten caps, ser mest av alt ut som ein lokal elektrikarlærling ute på oppdrag. Vel, han dreg nå i alle fall på seg gitaren, tar nokre breie skritt fram til mikrofonen, kikkar nervøst men likevel sjølvsikkert utover lokalet, og byrjar syngje. Dette er ikkje nokon lærling eller jypling, dette er ein kar med ei røyst så full av levd liv at hadde det ikkje vore for at eg stirar rett inn i andletet på ein glattbarberte ung mann, ja så kunne eg ha sverja på at songaren måtte vere minst 40 år gamal. Med sin elektriske gitar "feilplassert" heilt oppunder armhola dreg han showet i gang med Close Your Eyes. Først aleine, så heng den engelske rytmeduoen seg på. Tonen vert satt for ein elektrisk time i den uvørne dynamikk si teneste.

Nennsame viser som Beneath the Rose, You Lost Sight In Me samt eit par nye gjer Micah på eige hand. Tett på mikrofonen, med gnistrande auger bak brilleglasa og ein intens nærleik kjem han både songen og tilhøyrarane tett på livet. Sjølv dei mest taletrengte blant publikum held kjeft. Han stemmer gitaren, og ber om orsaking. Ei stemme frå salen ropar at det er vi vant til. Micah gliser lurt. Han fortel ein kortversjon om oppveksten sin i eit strengt kristent Sørstats-Amerika. Han leikar med tunga i kjaken, skjær nokre grimasar, ser mot eit nakent punkt bakerst i lokalet, og brølar "The Possibilities!" Han har låtar som går energiske vegar, skakke vegar og ville vegar. Han er full av elektrisk intensitet og i sentrum av tonane, men held likevel eit skjelmsk fokus mot salen. Dette er levande musikkformidling.

Micah presenterer fleire nye songar og markerar at han ikkje har komponert sine siste eventyrlege tonar. Ein av dei heiter muligvis Tell Me, er frenetisk og febrilsk lovande. Nokre har ikkje bandet heilt lært seg enno. Dei orsakar seg. Midtvegs i settet kjem ei feberheit utgåve av Don't You (Part 1 & 2). Dei som kjenner låta veit at sjefslinja går slik; ”don't you forget about me”. Ingen som var på Kamelon denne kvelden kjem til å gløyme deg Micah, herifrå og ut er det taktfaste ovasjonar etter kvart nummer. Vi kjem også alle til å huske den overveldande desperasjonen The Day Texas Sank to the Bottom of the Sea vart gjort med. Den mest uhøvla låta på debutplata er Patience, den er siste låt på programmet denne kvelden. Eit folkpunkrock-åtak av sjelsetjande dimensjonar. Micah sender fuzzpedalen mot maksimum og publikum inn i ljomande ovasjonar. Ekstranummeret tar han heilt aleine. John Denver låta This Old Guitar. Ribba for sentimentalitet men spekka med lidenskap:

"This old guitar gave me my life my living/ All the things you know I love to do/ To serenade the stars that shine/ From a sunny mountainside/ Most of all to sing my songs for you
I LOVE TO SING MY SONGS FOR YOU!"

Han står der, trør ikkje feil, og berre er den heilhuga elektriske trubadur.

Det fanst dagar då David Thomas og Jackie Leven var Pere Ubu Og Doll By Doll. I kveld er dei berre Ubudoll. I 1978 gav Pere Ubu oss det avantgardiske punkalbumet Modern Dance, ein klassikar. I tidsrommet 1979-82 gav Doll By Doll oss fire album med mykje attråverdig musikk, eit kultband. David Thomas er den eksentriske amerikanar som har gjort både teater, poesi og avantgarde-musikk. Skotske Jackie Leven vart seint ein kveld på midten av åttitalet brutalt angrepet og nesten kvelt. Mista stemma og vart heroinmisbrukar. Gjorde comeback i 1994 med flotte The Mystery of Love Is Greater Than the Mystery of Death. For fem-seks år sidan fant desse to herrane saman, og har etter den tid gjort ein del konsertar som Ubudoll.

Dei har ikkje laga musikk i hop. Dei spelar ikkje musikk frå sine band-dagar. Seansen er ei veksling mellom saker og ting dei to har gjort kvar for seg dei seinaste åra (pluss litt stoff henta frå andre kjelder). Dei sit med kvar sin pondus trygt plassert i kvar sin stol. Med på laget er ein tredjemann på keyboards og sampla lydar. David Thomas startar med å fortelje at dette er eit show om manndom og at damene derfor like godt kan forlate lokalet. Det gjer dei ikkje. Temaet er forresten kongruent med mykje av stoffet dei to herrane har presentert dei seinare åra. Jackie Leven syng eit par låtar av medium klasse. David Thomas spelar sitt accordion på ukonvensjonelt vis. Det handlar om attrå til jentene i Bergen (herrane har vore her før), og det handlar om å forlate dama men ikkje huset ("cause I'm aware of the dark”). Leven syng ein song med strofa "like a man in a Neil Young song", Thomas kontrar med ein varleg kortversjon av Young-låta Running Dry. Innimellom drar dei artige små anektdotar i noko som verkar vere ei delvis innstudert sit-down førestelling. Thomas snakkar om ein punksak han skulle gjere for MC5 til tusenårsjubileet. Han resiterer sitt eige dikt Wasteland (hallo T.S. Elliot!); "I'm alive let's get drunk & drive”. Leven syng ein ny song. Opplegget deira er godt på veg til å bli ein triveleg avslutning på ein framifrå Kamelon-seanse. Så var det tida då. Det går alltid eit tog, men som oftast for tidleg. Siste tog dreg frå stasjonen kl. 22.58. Dermed lyt eg finne vegen heim til bygda ved vatnet før Leven og Thomas har sagt sitt siste ord.

Vel fanden og, kvelden tilhøyrde nå i røynda ein ung texanar frå Abilene uansett.


comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Karl Seglem - Femstein

(NOR-CD)

To horn i pannen, ei fele som spiller som Fanden, sjamanrytmer og et snev elektronikk - Femstein er Karl Seglems muligens beste plate!

Flere:

The Samuel Jackson Five - Same, Same, But Different
The Machines - Stereotypes