So long, Mitch (1947-2008)

Ein av rockens absolutt største 'unsung heroes' Mitch Mitchell, trommeslagaren i The Jimi Hendrix Experience, er ikkje lenger med oss.

Relaterte sider:

Mitch Mitchell

Denne veka blei Mitch Mitchell funnen død på eit hotellrom i Portland, Oregon 61 år gamal. Det er med sorg og vemod at me konstaterer at det siste medlemmet i Jimi Hendrix si supergruppe no ikkje lenger er blant oss.

Det er ein tendens til at ein forbigår John Mitchell, som er hans eigentlege navn, når ein ramsar opp dei største trommeslagarane i rockhistorien. John Bonham, Keith Moon, Ringo Starr og Charlie Watts blir alltid nevnt med ærefrykt, men særs få hugsar på “trommisen til Jimi” som stod bak nokon av popmusikkens mest kjende rytmer. Kven kan vel unnlate å la foten gå når Crosstown Traffic kjem på radioen, til dømes. Mitch var ein trommis i ordets rette betydning. Akkurat som Bonzo i Led Zeppelin levde og ånda han for instrumentet sitt og elska å improvisere live på scenen. Dei som har sett konsertopptak med The Jimi Hendrix Experience kan ikkje ha unngått å bli imponerte over måten Mitch og Jimi tente kvarandre musikalsk og verkeleg sette fyr på materialet dei spela saman. Det gjekk til og med så langt at Jimi tende på gitaren sin til tider.

Mitch, i likskap med Charlie Watts, kom eigentleg frå jazzfeltet. Han må kunna seiast å vere ein av dei viktigaste eksponentane for stilen me i dag kallar for fusion. Trommeslagarar som Mitchell brøyta vegen for at slagverk kunne brukast både som soloinstrument og som ein melodisk komponent i popmusikken. Han var med på å gjere slutt på myta om at trommeslagarar var dei som korkje kunne spele gitar, bass eller synge og som i mangel av andre talent måtte ta til takke med å halde seg bak på kjøkkenet og halde takten som best dei kunne. Mitchell var ein genuin talentfull musikar som gjennom sitt trommespel har vore med på å influere både måten poplåtar har blitt skrivne på og framførte på.

Hey Joe, Manic Depression, Voodoo Child, Third Stone From The Sun, Crosstown Traffic, All Along The Watchtower, Fire, Purple Haze og mange mange fleire av rockens store milepælar har Mitchs sine fingeravtrykk over heile seg. I tillegg var han med i rockens største, men desidert mest kortliva, supergruppe, nemleg The Dirty Mac som opptrådde på Rolling Stones’ Rock and Roll Circus og sanneleg så var han også innom The Pretty Things. Med andre ord er det ingen miniputt me her har å gjere med. Det er difor på tide at me gjev Mitch Mitchell den respekten han så inderleg fortener. Eg oppfordrar alle til å setje på ei Hendrix-plate og sende ein varm tanke til ein mann som var grensesprengande innanfor sitt felt og som har hjelpt til med å definere det 20. århundrets mest potente og lengstlevande kulturuttrykk.

Du var ein hedersmann, Mitch. Eg håpar du har funni din rettmessige plass i supergruppa i 2. etasjen.



comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


80-tallets kulturelle polpotisme: Minner fra et innblikk i keiserens nye garderobe

- Det var en vidunderlig tid for eklektiske og komplementære platesamlere som dreit i trender og musikkpolitiske tvangstrøyer, men for bløffmakerne og posørene i post-punken må det ha vært en rigid og tøff tid.

Drag Queens, Rent Boys, Rock Stars and Punks
Det engelske kunstkonseptet Inside kommer til Oslo med fotoutstilling fra punkens glansdager, åpning på Galleri TM 51 fredag.

Vinnere: Working Class Hero
Vi har trukket ut to vinnere av festivalpass til Working Class Hero-festivalen i Drammen.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Första demon ute
21.05.12 - 19:28

Gitarist søkes!
20.05.12 - 16:47

Backing vokalist sökes
20.05.12 - 14:41

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Jack White - Blunderbuss

(XL)

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Tidligere:

Sharon Van Etten - Tramp