Blur gjenforent på plate

Britpop-gigantane Blur gjer comeback på plate. Høvet er Record Store Day 2010.

Det har gått sju år sidan Blur aller siste utgjeving, singelen Good Song frå albumet Think Thank. Billboard melder no at bandet, som reknast som eit av dei mest sentrale innanfor nittitalets Britpop-bølge, har spela inn to songar som blir utgjevne på ein limited-edition 7-tommars singel i 1000 eksemplar. Høvet er Record Store Day 2010.

Record Store Day er eit internasjonalt tiltak og plateselskapet til Blur, Parlophone, vil gjere singelen ekslusivt tilgjengeleg hjå 150 utvalde platebutikkar i Storbritannia. Utgjevinga vil også inngå i ein serie der kjende artistar som Bat For Lashes, Pet Shop Boys og Lily Allen, mellom andre, bidreg med nytt materiale. I tillegg gjev Parlophone ut ein ny versjon av Beatles-singelen Paperback Writer/Rain.

Damon Albarn uttalar, i følge det same magasinet, at Blur ynskjer at dei uavhengige platebutikkane overlever. “Dei er ein viktig del av musikkulturen. Musikk er ein enkel måte for Blur å vise si støtte og me håpar at folk likar resultatet”, seier Albarn.

Meir detaljar om utgjevinga vil føreligge seinare. Blur er forøvrig aktuelle med kinodokumentaren No Distance Left To Run, ei skildring av deira historie med fokus på fjorårets gjenforeningsturne.


comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Fleet Foxes - Fleet Foxes

(Sub Pop / Bella Union)

Eit ruralt pop-under tufta på gamle tonar, like naturleg og friskt framstilt som lerkesong ein grønnkledd vårdag.

Flere:

Beach House - Beach House
Serena Maneesh - Serena Maneesh