Festival: by:Larm

by:Larm, Stavanger 10-12 Februar 2005

Det er få ting som slår det å vandre rundt på musikkfestival med eit nøye planlagt, men likevel til tider svært urealistisk tidsskjema. Som regel går då og den opprinneleg konsertodysseen i vasken, anten fordi ein overhøyrer velsmukkande tonar frå små tilfeldige krikar og krokar, blir verbalt overfalt av personar som vrøvlar hardnakka om "must-see" artistar, eller må skrinnleggje konsertar til dømes grunna logistiske vanskar eller generell latskap. Slik var og tilfelle på årets by:Larm, denne gangen arrangert til okey vær i oljebyen Stavanger. Mange konsertar blei slukt under by:Larm, her er enkelte av mine inntrykk:

Torsdag:
Enkelte valg var likevel enkle å foreta. Opningsdagen skulle på ingen måte tilbringast under P3-sessions på uteplassen Folken (plass til ca 700 personer - alt for lite denne dagen viste det seg), der meir "kommersielle" artistar som til dømes GÅTE, CHRISTER KNUTSEN, ANNIE og MADRUGADA visstnok fikk stemninga verkeleg i taket. Interessante artister alle som ein, men hovedpoenget med by:Larm er vel å få med seg det nye og ukjente; dette potensielt "friske pustet" i musikk-norge som under festivalen er i starten på sitt eventyr? Det var i alle fall det ultimate målet for dagen, utan at eg kan seie at mine forventningar blei oppfylt i alt for stor grad. Første band ut var den energiske Follo/Oslo kvintetten RUMBLE IN RHODOS, eit tidvis fengande band som befinn seg i eit slags no wave-hardcore-punk-landskap. Mykje på grunn av den hyperaktive vokalisten Thomas Bratlie, var dette eit relativt spennande bekjentskap, sjølv om middels lyd, tidvis einsformig låtmateriale og eit heller labert publikumsoppmøte (alkoholfritt), ikkje medførte den knallkonserten ein kunne håpe på. Potensialet er likevel til stades.

Vi fortsatte turen i sann hardrock-ånd til Tromsø-bandet THEE MONO SAPHIENS på Javel Scene, som leverte ukomplisert garagerock til ein liten men ivrig fanskare. Det mest underhaldande med konserten var muligens den dresskledde vokalisten, som med sin breiale stil og tunge og "old-time"- mikrofon framviste stor ro på scena og kom med morosame kommentarer som skapte humring blandt publikum. Musikalsk sett var det likevel uoriginal rock som blei servert (Sonics, The Hives etc), og det var nok få i publikum som gjekk svett frå lokalet til neste konsert. Det var for meg Ørsta/Bergen-bandet NINTH (som tidlegare gjekk under navnet WOO) i klamme lokaler på Checkpoint Charlie. Ninth har forøvrig fått produsenthjelp av Andrew Scheps (Johnny Cash, Michael Jackson, Jay Z med flere) på EPen Evolver der mange av dagens låtar var henta frå. Styrt av den meget imponerande gitarhåndteringa til Geir Sætre og stødig vokal av Per Helge Lande, vekslar bandet mellom eksperimentell og eksplosiv hardrock og meir melodiøse og fluktige popmelodiar. Strukturen i låtane er infløkt og uvant og krever så definitivt eindel av lyttaren, men på sitt aller aller beste har bandet det som skal til for å tre ut av det anonyme øvingslokalet og ut til publikumsmassene.

Eit besøk til våre nordiske singer/songwriter-venner Kristoffer Åstrøm og Teitur måtte skrinnleggast til fordel for ein svipptur innom Røde Sjøhus og ein hyggeleg konsert med Stavanger-bandet SYME. Snart aktuelle med ei rykande fersk debutplate, innspelt i gotiske omgjevnader i Hulen, Bergen, leverte dei ein knall konsert beståande av ein form for Mogwai-aktig eksperimentalrock (dvs: rolig og innadvendt.... så bombastiske gitarbrøl... rolig.. brøl etc), krydra med små pensla strøk av gitarjazz og elektronika. Sjølv om bandet fortsatt har endel å gå på i låtsnekrings-biten, har dei definitivt funne ein appelerande sjanger å boltre seg i. Det blir spennande å følge med på den vidare utviklinga for Syme. Dagens absolutte høgdepunkt fikk vi likevel i den lokale "outsideren" SIRPLUS, eit melankolsk folkpop-ensemble (tenk Damien Rice og Ray LaMontagne, pluss eventuelt litt Hank Williams) som skapte magiske stemning på fotballpuben Martinique. Her var det derimot ingen primalhyl av United og Chelsea-fans, men ei rolig og behageleg pubstemning i første rekke skapt av den framifrå vokalisten og tidlegare kunst-studenten Trond Hansen. Vakkert og romantisk, melankolsk og melodiøst, SirPlus var nok bandet som gleda meg mest denne kvelden. Som siste band på programmet stod så THE SUBSTITUTES, (med søte Silje Salomonsen frå Mongoland på fiolin), som rører rundt i eit skranglete bråkepop-landskap med brukbare melodier utan å skape den verkelege godkjensla i meg. Heilt kurant med andre ord.

Fredag:
Ein smule skuffande åpningsdag blei heldigvis etterfulgt av ein fantastisk fredag med eit knippe nye favorittartistar. Gårsdagens sushi, kyllingwok og japansk øl på futuristisk restaurant, blei erstatta av meir trauste Half'n Half Pizza og Champagne-brus på Dolly Dimples. Utsøkt det og. Så spaserte vi til VG-teltet for litt quizing i regi av Robinson-Christer, ein quiz som forøvrig endte med eit skammeleg dårleg resultat for mitt lag. Nåja, la oss heller gå over til den musikalske føden.

Dagen opna då med psykdelisk retrorock av BRIMSTONE på Folken B (den minste scena i bygget). Av frykt for å få den etablerte fanskaren til bandet på nakken, er det vel best å seie minst mulig om denne konserten. Det kan vere nok å nevne at Brimstone ikkje akkurat framsto som dagens høgdepunkt. Tilbake igjen på Røde Sjøhus står HOWL på scena, og som bandnavnet tilseier var alt lagt til rette for ein aften med skrik og skrål. I by:larm programmet kunne vi lese at det nystarta bandet bestod av (ex?) medlemmer frå blandt anna Xploding Plastix, San Diego 45, Billion Dollar Mission osv, og hadde sin aller første konsert på Cafe Mono ein søndag i slutten av august. Til fulle hus. Stinn brakke var det og på sjøhuset når Howl knuste til med sin aggresive rock'n'roll, vannvittig herlege trommerytmer og gitarriff, i tillegg til suverene akrobatikkøvelsar frå ein entusiastisk vokalist. I heseblesande tempo, men samtidig med ein solid porsjon "coolness" i utrykket, lagde bandet liv og røre i det knirkande båtnaustet. Etter konserten kunne vi svett konkludere at Howl utvilsomt har det som skal til for å skape liv og røre blandt rockepublikumet. Om det fungerar likegodt i plateform er derimot uvisst.

Ein knapp time seinare i same (skjult musikalsk referanse) lokalet, fant det fabelaktige postrock-bandet SAMUEL JACKSON FIVE vegen til scenekanten. I tillegg til å skilte med årets kulaste by:Larm-navn, leverte den Oslo-baserte kvintetten samtidig ein forykkande konsert som fikk storparten av publikum til å måpe av begeistring (i alle fall meg og mine mine næraste venner). Musikken er utelukkande av det instrumentale slaget og blei utforma av tre elektriske gitarer, ein synth og trommer. Ikledd raude t-shorter og med ei frenetisk snurrande klokke som scenedekor tok bandet fatt på sin eksperimentelle leik frå lågmelte og svevande introer, gjennom instrumental-jazz til absurd eksplosive kaskader av lyd og regelrett støy. Muligens har band som Godspeed og Mogwai gjort liknande musikk på ein litt meir fullstendig måte, men likevel er dette noko av det mest overbevisande eg har kome over på ei konsertscene på lang lang tid. Hipp Hurra for SJ5 altså.

Muligens var det rusen etter slik deilig post-rock (eventuelt overprisa by:larm-øl) som gjorde at det vanligvis utsøkte bergens-bandet TUCO'S LOUNGE ikkje var umiddelbart fengande i starten. Den som har høyrt bandet på scena eller på EP veit at vi her snakkar herleg kaktusrock, tex mex, rockabilly og overlegen westernsound. På tross av ei litt uvøren opning, var Tuco's snart tilbake på kjente jaktmarker og fikk det til å svinge i rockefoten til mang ein cowboy i salen. Vokalist Bjørn S. Hillestad hadde som vanleg bra framtoning på scena, Kjetil André Tofte briljerte med tangentane og gitarist Christoffer Pedersen serverte giftige surfe-riff til stor glede for oss alle. Etter konserten var planen å jogge vidare til Javel for å høyre sprudlande metall og ANIMAL ALPHA, men på grunn av trøtte bein og altfor lang kø blei dette aldri realisert. Checkpoint Charlie tok meg vidare inn i vårnatta, dog utan liveband på scena.

Laurdag:

Siste dag av festivalen og nye band på programmet. Først var det derimot passande å overhøyre årets Urørt-finale på Javel Pub. 10 kandidatar kjempa om førstepremien; ein musikkvideo som vil rulle og gå på Svisj Show og Topp 20 på NRK. I juryen, med 50% mandat til å bestemme vinnaren, satt Håkon Moslet, Petter Singsaas, Siri N. Moen og Knut Schreiner. Publikum i salen skulle stå for den resterande halvparten av stemmene ved å benytte seg av nostalgiske Ti i Skuddet-trykksaker. Konkurransen fortona seg dessverre som eit laaangt gjesp, og av kandidatane var det kun ANIMAL ALPHA som heva seg over den gjennomsnittlege smørja. For all del, Urørt er eit spennande konsept der mange talentfulle artistar har offentligjort musikken sin. Litt skuffande var det difor at urørt-juryen denne gangen syntest å favorisere artistar med eit allereie velpolert og radiovennleg uttrykk, framfor å satse på det meir "genuine", "eksperimentelle", "heimesnekra" etc. Vi er vel på søk etter utvikling eller? Når publikum og juryen stemte fram ANJA og hennar elektronika-poplåt Hush, Hush som årets Urørt, reiste vi indignert vidare mot Røde Sjøhus der Colt skulle opptre.

I by:larm-programmet kunne vi lese at COLT var countrybandet til Kjell Breivik, tidlegare roadie og sjåfør for Kaizers Orchestra som etter perioder med store rusproblem hadde vendt seg mot kristendommen og etterkvart komt seg på rett kjøl. Prisverdig nok det, men konserten på sjøhuset var på ingen måte ein oppvåkning for meg. Hank Williams, Johnny Cash og Waylon Jennings har muligens vert store inspiratorar for Breivik, men å plassere Colt i same klasse som dei vil nok vere å ta usmakeleg hardt i. Okey, på tide å oppleve litt "psychedelic cocaine-blues" med bandet SOUND SYNDICATE tilbake på Javel. Dessverre var dette ein konsert med svært få publikum (faktisk ingen framfor scena under første låt), for bandet var definitivt ei positiv overrasking. Når tonane trilla til breibeinte positurar, kom slektskapet til Jesus & Mary Chain og Black Rebel Motorcycle Club tydeleg fram. Låtmaterialet holdt høg standard og sceneframføringa var upåklageleg konserten gjennom. Debutalbumet til gruppa (Cosmic Heart Attack) er planlagt utgjeven i månadskiftet mars/april, og kan absolutt vere noko å sjå fram til.

Etter ei grei garagerock-oppvisning av Oslogjengen LUKAS KASHA, var det tilfredstillande å oppleve SAMUEL JACKSON FIVE for andre gang denne festivalen. Settet var framleis fortreffeleg, sjølv om det var eit meir nedtona SJ5 som presenterte seg på Cementen. Konserten var ikkje like eksplosiv som kvelden før, men publikum flest lot seg på ny forføre av den dvelande og bildeassosierande instrumentalrocken. Som avslutning på konsertkvelden fikk vi med oss delar av JE SUIS ANIMAL og SKAMBANKT utan at desse satte noko varig inntrykk. Det ryktast at sistnevnte endte i ei halvskandale der publikum gjekk fullstendig bananas og teknikken gjekk til helvete, noko som i så måte var ein interessant, eventuelt kjip avslutning på årets festival.

Oppsummerande viste vel by:larm 2005 at det gror rimeleg bra i den norske undergrunnsfaunaen. I ein nyleg kommentar i Aftenposten, hevdar musikkjournalist Robert Hoftun Gjestad at årets festival var skuffande middelmådig og at artistar med den såkalla "X-faktoren" var omtrent fråværande. Han om det. Personleg føler eg at både Samuel Jackson Five, Howl, SirPlus, Tuco's Lounge, Syme, Sound Syndicate og ein del andre imponerte voldsomt i Stavanger, men sidan det var godt over 200 konsertar under festivalen har kanskje Gjestad eit (bittelite) poeng likevel. Litt møl og middelmådigheit må han likevel forvente. Norge er tross alt eit lite land, og det å forvente ypperste kvalitet på scene etter scene blir ein temmeleg utopisk draum.


comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Cornelius - Point

(Matador)

Et svært vellykket forsøk på ikke å samle alle fargene på en side.

Flere:

Turboneger - Scandinavian Leather
Bonnie Prince Billy - The Letting Go