Konsert: Damien Jurado/J. Tillman

Damien Jurado/J.Tillman, Garage, Bergen 16.november 2006.

Ringreven frå vest eller den yngre arvtakeren frå aust? I utgongspunktet kunne ein nesten bli freista til å sjå det som eit trubadurisk generasjonsskifte dette. Eller ein musikalsk boksekamp kanskje. Damien Jurado, den kortklippte, store ruggen frå Seattle som har ausa ut skiver det siste tiåret, møter Josh Tillman, den spinkle, langhåra New Yorkaren nesten i starten av si karriere, nyleg bemerka med den bejubla plata Minor Works. Ei utgjeving som blant anna blei påsmurt solide ovasjonar og fem glansande groovestjerner av vår skribent Frøkedal.

Held ein av Damien Jurado køyrer ein eit relativt safe løp, Jurado har nemlig alltid vore den som har gjeve lyttaren kvalitet. Ni album har det så langt blitt, ingen av dei (av dei eg har høyrt i alle fall) i nærleiken av å vere dårlige, kanskje ingen av dei vilt strålande heller, men likefullt med eit par verkelige kremmarhus inkludert. Om Josh Tillman maktar å matche sin makker over tid er sjølvsagt vanskeleg å spå, men tek du I Will Return (2005) og Minor Works i betraktning, vil du snart oppdage at mannen har skumle hensikter. For dette kan faktisk ende opp fryktelig bra. Etterkvart.

Konserten på Garage førre torsdag makta likevel ikkje å samle dei store publikumshordene og nok heller ikkje generere den heilt store magien. Men av dei (rundt) 40 av oss som slengte baken på barkrakken og førebudde oss på ein roleg kjensleladd aften i stearinlyskledde omgjevnadar, tipper eg det var få som gikk veldig skuffa heim. For trivelig var det.

Førstemann ut, Josh, gjorde lite for å forkludre inntrykket av at dette kom til å bli slacke og bedagelige greier. Alt han brakte med seg på scena var ein akustisk gitar, eit munnspel og ei dirrande, klangrik, sjelfull og langt frå umoden stemme, med enkelte stadar potensial til å virvle og kile i kroppen sine mange unødvendige hårtustar. Ikkje ulikt stemma til Jurado, for å seie det sånn, men samtidig eindel lysare og meir opplagt klagande. Med ein heller avgrensa diskografi i bagasjen gav det seg sjølv kva låtar som ville bli presentert, og materialet blei då også grave fram frå dei to nemnte fullengdarane.

Sjølv ironiserte 25-åringen etterkvart over sin eigen "sippete" musikk og lurte på om vi ikkje snart var lei av bullshiten han lira av seg. Men publikum backa han opp og let han fortsette med sine sørgmodige og fingerplukkande viser, historier om danskebåten og tysk techno og let han plystre seg vidare ut av sitt 40 minutt lange sett. Ei pen oppvisning var det definitivt, dog med litt manglande variasjon mot slutten. Han har ei stor stemme og enkelte verkelig staute låtar, og får eg vilja mi gjennom inkluderar han på neste vitjing også eit lite mannskap på scena. La meg slenge ut følgjande stikkord; banjo, fele, trommer og kontrabass. Det hadde vært no'.

Ein heller tafatt Seattle-bamse tok ikkje lenge etter fatt på sitt sett. Som du kanskje har fått med deg ser Damien Jurado ikkje lenger seg sjølv som solo-artist, men omtalar seg som band. Med seg på den 8-timar lange togturen frå hovudstaden hadde han då også teke med seg
trommeslager/gitarist Eric Fisher og cellist Jenna Conrad, begge to medverkande på årets Jurado-plate, den smått behagelege, men ikkje heilt briljante And Now That I'm in Your Shadow (4/7 groovepoeng). Om ikkje akkurat dominerande i lydbiletet tilførde i alle fall dei to kompanjongane ei behageleg fylde til musikken, der særlig Jennas varme celloklang og lyse lerkesang sette gode merker etter seg.

Sjølv om ei aktiv øl-blære, distré vaner og ei skremmande skranten erindring, forhindrar meg frå å komme i hug låtrekkefølgje og slike smådetaljar, var mykje av materialet naturleg nok henta frå den siste skiva. Lyden var det heller ikkje masse å utsette på, men etterkvart som Damien sjølv kom litt "meir i siget" humørmessig var det også som om godtonene breidde seg ekstra godt ut i lokalet; høgdepunktet var vel den dvelande instrumentalen der reiskapar blei bytta rundt og han sjølv benka seg ned ved trommesettet.

Etter omtrent ein time der alle låtane tilsynelatande blei sunge direkte til den blonde jenta på første rad, starta han å rote fælt med eigne tekstar. Tre mislykka forsøk seinare hetsa han seg sjølv, ba publikum om orsaking, og tilbydde seg å spele ein valfri låt som kompensasjon. Texas to Ohio (ein nydelig sak), kom det unisont frå tre stykke i kjellaren. Problemet var berre at ting hadde låst seg fullstendig og han måtte heretter få hjelp frå salen (var det Tillman?) til å stavre ut dei tre første strofene. Til slutt klarte han like fullt å kravle seg trygt i land og songen blei fullført til 19, 19,5 og 19 i stil.

Kven som gikk sigrande ut av kampen mellom aust og vest, mellom ringreven og arvtakaren, er eg neimen ikkje sikker på. Når eg tenker meg om er det vel eigentlig ikkje så nøye heller. Eg trur heller vi slenger på eit belgisk nøytralitetskort, kallar det uavgjort og poengterar at det er rom nok for begge to både på plate og på scena.


comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo