Blur trappar opp
Gjenforeininga blir meir omfattande enn først tenkt.
Del på Facebook24.04.09

Som tidlegare meldt er ei gjenforeining av eit av Britpopens flaggskip Blur på trappene i sommar. No melder NME om at gjenforeininga blir meir omfattande enn først tenkt. Bandet annonserar såkalte “warm up shows” før den storstilte offisielle reunionen i Hyde Park i London.
For dei som måtte vere på dei britiske øyane i sommar ser den førebelse turnelista slik ut:
Southend Cliff Pavillion, 21. juni
Wolverhampton Civic Hall, 24. juni
Newcastle 02 Academy, 25. juni
Manchester MEN Arena, 26. juni
London Hyde Park, 2. og 3. juni
I tillegg til dette meldast det at Blur vil dukke opp på dei store festivalane T in The Park, Oxegen og Glastonbury. Informasjon om billettar og liknande er å finne på Blur sine blur.co.uk..
comments powered by Disqus
Groovissimo

Jack White - Blunderbuss
(XL)
Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.
Tidligere:
Sharon Van Etten - Tramp
