cover

Born A Black Diamond

NormanOak

CD (2004) - Secretly Canadian / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Psykedelia / Indiepop

Spor:
The Curse
It Is Impossible
Watching Your House Burn
Even the Golden Child
Baby Trees
Our Place in the Sky
Sun Enters Capricorn
Here They Are
Changing My Course
How Do You Stay Sane?
Slow Explosion
The Wild Itch
Born Again
The Ballad of NormanOak

Referanser:
Doug Martsch
Iron & Wine
Danielson Famile
The Impossible Shapes
Aaron Deer
Love

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Blodfattig og anonymt

Psykedelisk lo-fi pop frå NormanOak, ingen umiddelbar slager i min heim.

Ser vi bak det velklingande artistnamnet NormanOak finn vi Chris Barth, ein artig skrue med base i Bloomington, Indiana, som er facinert av lett psykedeliske melodiar i indiepop-land. For kjennarar er det unødvendig av meg å påpeike at same mann også har gjeve ut plater med The Impossible Shapes (der han først og fremst bidreg med vokal og gitar) og John Wilkes Booze (bass, kor), samt soloprosjektet Loving Off the Land: A Story In Two Parts som kom på markedet i 2002. I likheit med bandkollega Aaron Deer (frå begge overnemnte band) er også Chris Barth no ute med eit nytt soloalbum på kvalitetslabelen Secretly Canadian.

Albumet Born A Black Diamond har etter alle solemerker fått sin fødsel grunna slump og reine tilfeldigheiter, heller enn å vere ei nøye planlagt utgjeving. Utan overflødig studio dill-dall er alle låtane her spelt inn på nakent lo-fi vis i løpet av 2002-2003, med hjelp av ein enkel liten 4-spors opptakar. Ei slik minimalistisk tilnærming innebær her at det som regel er vokalen og den sløye, og til tider stakkato, kassegitaren som etablerar melodiane, men litt tonesettande krydder i form av trommerytmer, bassgitar og lydcollage er det likevel blitt plass til. Her bør det nemnast at eg er revnande likegyldig til om låtar vert spelt inn på soverommet eller i eit storslagent studio. Så lenge dei inneheld fengande melodiar blir lydkvaliteten relativt uviktig i det store og heile. Dessverre klarer sjelden musikken til NormanOak å engasjere meg nemneverdig, sjølv om lyden faktisk er ganske bra.

Når Chris Barth utformar sine melodiar er det sjelden på bakgrunn av standariserte koder og konvensjonar innanfor moderne popmusikk, noko som er prisverdig nok. Han tek gjerne store omvegar som både er kronglete og utfordrande for lyttaren, og ser klare mogeligheitar der andre artistar sikkert ville stoppa opp i rein frustrasjon. Tekstlinjene brytast ofte opp i rein dadaisme-stil og framførast som oftast med ein varsam vokal, men eit tilfeldig hyl eller to kan du og forvente. Enkelte vil nok sikkert tiljuble måten artisten her harselerar med våre vante forestillingar kring den "typiske" poplåt-strukturen, men eg meinar at albumet på mange måtar isolerar seg i sin eigen særheit framfor å åpne opp for nye meir utadvendte musikalske løysningar. Når Born A Black Diamond er på sitt beste, som under instrumentalsporet Sun Enters Capricorn, den akustiske hymna Even the Golden Child og den psykedeliske Baby Trees (litt Love-aktig), er det ikkje fritt for at entusiasmen min stig ein smule. Desse er delvis godkjente bidrag til eit album som såvidt rundar halvtimen i speletid. Dessverre er det dei blodfattige og anonyme låtane som dominerar her, noko som gjev meg lyst til stemple Born A Black Diamond som ei uferdig demo-plate. Og det er ikkje på grunn av lyden.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


The Shins - Chutes Too Narrow

(Sub Pop)

Ein 34 minuttar fyldig popdropspose med 10 utsøkte smaks- samansetningar til å suge lenge og fornøyd på.

Flere:

Erlend Ropstad - Hva om det ikke er sånn som du tror at det er
M.I.A. - Arular