cover

The River Bends... and Flows Into the Sea

Denison Witmer

CD (2005) - Bad Taste/Smekkleysa / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Sadcore / Softrock / Visepop

Spor:
Looking For You
Lawyers and White Paper
Are You Lonely?
Chestnut Street
All the Days and Nights
22
I Love You April
Days Repeating
It Takes Time
Better or Worse
You Could Be Anything

Referanser:
Ellis Paul
Michael Miller
Elliott Smith
Jackson Browne
Richard Shindell

Vis flere data

Se også:
Are You a Dreamer? - Denison Witmer (2006)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Dusinvare

39 minutt med kommunegrå visepop som i framtida vil samle store mengder støv.

Utan nødvendigvis å angripe opphavsmannen; The River Bends... and Flows Into the Sea kunne gjerne vert soundtracket til ei rekkje overfladiske tv-seriar som til dømes O.C, Smallville eller Dawson's Creek. Med si semi-akustiske oppbygning, den lågmælte og halvt tårekvalte vokalen, dei vennlege refrenga og det alltid velpolerte lydbiletet, tek ikkje Philadelphia-artisten Denison Witmer altfor mange musikalske riskar på sin femte fullengdar. Under første gjennomhøyring var skuffelsen monumental. Kanskje skiva kunne sparkast rakt tilbake til groove-redaksjonen, tenkte eg. Men sidan førsteinntrykk ofte er null verdt, og redaksjonen sikkert har andre interesser enn å blidgjere ein altfor utålmodig skribent, fikk albumet snurre vidare. Og ja så sanneleg, den tydelege aversjonen mot The River Bends.... har ikkje blitt redusert i takt med antall høyringar.

I ei overfylt eng av melankolske singer/songwriters væpna med kassegitar og den naturleg lyse stemma, tenderar mange mot å drukne i eigen sensitivitet framfor å formidle låtar av særleg interesse. Denison Witmer unngår heller ikkje å tråkke i nokon ytterst introverte tuer, og evnar kun i få tilfeller å snekre i hop delvis engasjerande låter. For det trengst. Altfor ofte svevar han inn i ei sfære av rein middelmådigheit, tilsynelatande tom for for kreative idéar og fullstendig blind for det store exit-skiltet. Låt etter låt smyg sakte forbi etter det store samlebåndsprinsippet, med ein svak tilførsel av bedagelege rytmer som aldri ser det for godt å utfordre dei etablerte melodiane.

Kanskje er det mangelen på tekstar i promo-CDen som forhindrar meg å gripe det poetiske bildespråket til Witmer, som etter sigande er inspirert av Rilke og Neruda? Kanskje er dette nyskapande og kreativ musikk som vil fengje mengder av lyttarar verda over? Eller kanskje er dette ei skive som i stor grad blir lidande under mangelen på særpreg, variasjon, og musikalsk utadvendtheit? Eg held ein knapp på det siste.

La oss likevel prøve å gje nokre merknadar av det positive slaget. Looking For You er ei ganske smakfull vise, enkelt arrangert rundt eit komp av luftige gitarar og trommer. Den 27 år gamle trubaduren viser her fram ei lavmælt og litt nasal stemme og befinn seg vokalmessig i nærleiken av artistar som Dan Bern (etter si periode som Dylan-kopi), Josh Ritter og Mark Kozelek (Red House Painters). Chestnut Street er ei anna godsak. Med kun ein einsam plukkegitar som selskap, og ein vokal som ikkje glid over i unødig føleri, blir denne lengtande visa kanskje ståande som høgdepunktet på skiva. Etter eit stort vakum under den midtre del av plata (der ingen minneverdige spor syner seg), kjem han litt sterkare tilbake heilt mot slutten med You Could Be Anything, ei meir rocka låt som skil seg ut med si fengande melodilinje og ei herleg pompøs gitaravslutning. Eit verdifullt unntak på eit habilt, men fullstendig grått og kjedeleg album.

Denison Witmer har av fleire blitt omtalt som ein "verdig arvtakar" etter Elliott Smith. Ei salgbar overskift er det nok, men den heller labre kvaliteten på The River Bends... and Flows Into the Sea viser mildt sagt at Witmer har ein del arbeid framfor seg før han kan smukke seg med den tittelen.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Björk - Greatest Hits

(One Little Indian)

Björk slår et heftig slag for fred, frihet, demokrati, omsorg og nytelse.

Flere:

Fjorden Baby! - Se Deg Rundt i Rommet
Diverse artister - Hugen leikar så vide - Middelalderballader i Norge