cover

Wilderness

Wilderness

CD (2005) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-rock / Eksperimentell / Cinematisk

Spor:
Marginal Over
Arkless
It's All the Same
End of Freedom
Post Plethoric Rhetoric
Fly Farther to See
Your Hands
Say Can You See
Mirrored Palm

Referanser:
Explosions in the Sky
The Appleseed Cast
Public Image Ltd
The Cure

Vis flere data

Se også:
Vessel States - Wilderness (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ris og Ros, Elsk og Hat

Wilderness får pluss i margen for delikat instrumentering, men den primalhylande vokalen var ingen god idé.

Ut ifrå villmarka, eller rettare sagt Baltimore, stig den musikalske firarbanden Wilderness fram med debuten sin. Med vage minner om at den desimalorienterte blekka Pitchfork hadde la sin elsk på dette albumet (jepp, det stemmer, 8.5), var det naturleg for meg å låne eit øyre til gjengen. Opplegget er velbrukt, men ganske forfriskande. I Wilderness sitt univers trengst det kun gitar, trommer og bass for å setje i gong jamminga, sjølv om det viser seg at skiva tok heile tre år å fullføre.

Som landsmennene i Texas-bandet Explosions in the Sky, komponerar Wilderness atmosfærisk, melodirik, riff-fri postrock med lange svevande passasjar og storslagne crescendi. Utan å la seg freiste til altfor støyete utblåsingar manar dei fram stemningar som i mangel på betre ord kan kallast cinematiske. Skiva er heller ikkje fri for meir behagelege lag av fjørlett popstøv, og under enkelte melodiar kan ein kjenne att den intrikate melodikken til eit band som til dømes The Appleseed Cast. Det er i det heile teke ein svært velspelt gjeng dette, og særleg trommeslagar Will Goode skal ha ros for sitt aktivt vandrande trommespel. Mannen har rett og slett eit imponerande handlag med stikkene.

Vi talar derimot ikkje om eit reint instrumentalband her - synd, eigentleg. For det er innsatsen til ordfordelar James Johnson som får lyttinga til å bli ei svært ambivalent oppleving. Johnson har ei noko spesiell røyst, eller syngeteknikk (syngeparodi?), som etter mitt syn mest evnar å spre lumsk irritasjon. Og gjentekne lyttingar har ikkje gjort situasjonen betre, snarare tvert om. Eg prøvar ikkje å vere ondskapsfull her, men den halvt skrikande, halvt snakkande og alltid mumlande vokalen passar i dei fleste tilfella mildt sagt usedvanleg dårleg inn. Tematisk sett er det få klare haldepunkt i lyrikken, noko som fører til minimal forståing av tekstane (som visstnok tek for seg tema som: "the beauty inherent in beauty, listening to the woods, vibrations in the market place" og så vidare). Spør du meg er abstrakte tekstbitar formulert gjennom megafonen i repetitiv slagord-stil, verkeleg ingen god idé. Kanskje passar det betre i ein live-samanheng, men her blir det som å vere evig fanga i eit skodespel av Samuel Beckett. Den "kunstnariske" ramblinga synast både malplassert og pretensiøs, og når den pressar seg inn og overkøyrer dei nydelegaste gitarparti, mistar dei i alle fall meg ein stad på vegen.

I sanning er det riktignok enkelte låtar der vokalen fungerar rimeleg greit. Den pompøse koringa i siste halvdel av dansbare Say You Can See og den maniske rallinga på End of Freedom har sine glimt av storheit, men det er likevel under reine instrumentalsekvensar at Wilderness spenn sine største musklar. Det mest gåsehudframkallande sporet her må vere åtte minutt lange Post Pletoric Rhetoric; ei trottig sak forma av marsjerande trommeslag, luftige The Edge-aktige gitartonar og ei bortimot vokalfri atmosfære. Framhevast må og dystre Arkless med sine meir tribale kvalitetar og den klassiske piano-sonaten Mirrored Palm som avsluttar samkvemet på uventa vis.

Wilderness har levert eit album som sparkar godt frå seg, sjølv om denne karneval-røysta skjemmer musikken i altfor stor grad. Ergo må denne anmeldinga sjåast både som ei anbefaling og ein advarsel. Men om du mot formodning skulle ha sansen for Johnson si noko karakteristiske formidling, i tillegg til at du fell for dei smektande tonane, kan du galant avfeie denne artikkelen og heller tylle i deg Wilderness-skryt på Pitchforkmedia.com.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Shining - Grindstone

(Rune Grammofon)

Jørgen Munkeby og hans Shining har overgått seg selv og skapt en plate som fascinerer, fenger og - ikke minst - imponerer.

Flere:

Hunx and His Punx - Gay Singles
Neurosis & Jarboe - Neurosis & Jarboe