cover

23

Sukpatch

CD (2006) - Moshi Moshi / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop / Shoegaze / Lo-fi / Psykedelia / Country / Hip-Hop

Spor:
7:30 Tomorrow
Medium Self-Employed
Out of the Window
Bottom of the Well
Natural Thing to Do
Wrrt
Sopenyo
Hand in Hand
Better Hills
I'm Not Here for a Position
Radon

Referanser:
The Byrds
The Velvet Underground
Happy Mondays
Beck
Ben Folds Five
Barenaked Ladies
Franz Ferdinand

Vis flere data

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Morosamt og leikent

Ein godtepose av ei plate, skryter vår anmelder, som ble hypnotisert av denne...

Dette er ein av årets smygarar, ein godtepose av ei plate når ein først har høyrd i gjennom den eit par gonger med eit ope sinn.

Undertegna regelrett hata plata etter første gjennomlytting, men etter å høyrd gjennom fleire gonger blei eg hypnotisert av magien som denne gruppa greier å frambringe med musikken sin.

Duoen Sukpatch, med base i Minneapolis, har laga ei plate med sterk påverknad frå psykedelia, men pakka det heile inn i eit lydbilete som tek vel så mykje frå hiphop som rock, med sine sample-drevne beats. Resultatet er at musikken formeleg sprett ut av høgtalarane og gjer deg glad og får deg til å danse!

Det mest imponerande er den generelle mangelen på dårlege spor på denne utgjevinga. Frå førstesporet 7:30 Tomorrow til sistesporet Radon er det jamn høg kvalitet heile vegen. Det er særs få artistar som klarar å lage eit album utan såkalla "fillers", men Sukpatch har greidd det på imponerande vis.

Det fins sjølvsagt spor her som hever seg over resten, som står ut. Det aller beste er utan tvil Sopenyo, ei hypnotisk, monotont og psykedelisk låt som henleder tankane mot slutten av 80-talet og det beste frå Madchester-perioden med Happy Mondays i spissen.

Framhever seg gjer også den countryinspirerte Out of the Window, med ein vokal så sløy og laidback at Johnny Cash ville ha rødma, og Hand in Hand som smyg seg avgarde i eit behageleg tempo og med ein nydeleg westcoast feel. Det er heilt tydeleg at Sukpatch er influert av det beste frå amerikansk populærmusikk. Mellom rillene her høyrer ein The Byrds og Velvet Underground. Ein kan også høyre at dei har blitt inspirerte av Ben Folds og Barenaked Ladies, kanskje særleg på tekstsida. Sukpatch opererer med eit tekstleg univers som tenderer mot det bisarre og det sære til tider, sjølv om det også er jordnære tekster her om å gå på fylla og andre trivielle ting ein gjer som ung, fri og frank. Duoen klarer å lage fine tekstkontrastar songane i mellom slik at ein aldri går lei og kan finne mange interessante betraktningar heile vegen i gjennom.

Ein annan positiv ting på 23 er den særs vellukka leflinga med samplebeats som ein kjenner frå hiphopen. Dei klarer med dette grepet å lage særdeles dansbar musikk ut av deira sonisk eksperimenterande psykedelia-trippar. Sukpatch er også, tilsynelatande i alle fall, heilt på det reine med at det dei driv med er ei smule "leftfield" og verkar å lage musikk for kunsten si skuld og ikkje ut frå kommersielle motiv. Det blir det alltid best musikk av.

For å konkludere, dette er rett og slett ei av året 2006 sine beste plater. Dersom du likar amerikansk pop på sitt beste så kan du trygt gå til innkjøp av denne vesle juvelen av ei plate.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


A Silver Mt. Zion - Horses in the Sky

(Constellation)

Elsk eller hat: nok et post-apokalyptisk manifest fra kanadisk kollektiv.

Flere:

Fra Lippo Lippi - In Silence And Small Mercies - The Early Years
The Samuel Jackson Five - Same, Same, But Different