Genre:
Rock
Stiler:
Singer/songwriter / Lo-fi / Folk
Spor:
These Are Your Friends (radio edit)
These Are Your Friends
After the Storm
(Tunnel interlude)
Let It Burn
Referanser:
Fridge
Four Tet
Badly Drawn Boy
Beck
Heime aleine
Ung mann har stengt seg inne på soverommet, og slikt blir det jo sjølvsagt lågmælt melankoli ut av.
20.05.2004
Adem med etternamnet Ilhan har så langt i sin musikalske karriere stort sett nøgd seg med å være ansvarleg for basslinjene hos den engelske postrock-trioen Fridge. Kieran Hebden frå samme trio har dei siste åra fått vel så mykje merksemd omkring soloprosjektet sitt Four Tet. Og no har også Adem Ilhan tatt steget ut i solotilværet.
I dei mørke og stille timane etter midnatt har den unge mannen sete heime på soverommet og spelt inn sjølvlaga sangar. Sangar som i desse dagar har nådd platehyllene som albumet Homesongs. Lavmælt og dominert av lyden frå ein akustisk gitar som den er, er plata mest å rekne som ein liten vise-seanse. Ein melankolsk og til tider rett så fin seanse.
Blant Homesongs sine ti kutt har Adem valgt seg These Are Your Friends som single-representant. Frå eit album som ikkje akkurat flyt over av opplagte singlevalg, er denne Mutation-era Beck-liknande saken god som nokon. Den er forresten blitt redigert for tilfellet og fått merkelappen 'radio edit'. Redigeringa består i å ha kutta kraftig ned på det lange gjentakande mantraet "everybody needs some help sometimes" som avsluttar albumversjonen (ein versjon som for øvrig er med som spor to). Sikkert greit, for i radioen hadde den trulig blitt utsatt for fading uansett.
Dei to andre sangane her er spor som ikkje fant vegen til Homesongs. After the Storm er ei stillferdig lita vise utan så veldig mykje særpreg. Medan den noko meir lydtilførte Let It Burn er ein ikkje altfor interessant Radiohead-pastisj.
Dermed står vi, når det gjeld denne singelen, egentlig kun att med det smakfulle hovedkuttet These Are Your Friends, men som altså er å finne i betre selskap på Homesongs.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Madder Mortem - Desiderata
(Peaceville)
Nordmennene fortsetter å bevege seg fremover i sin unike og høyst originale retning. Til glede for noen, og stor frustrasjon for andre.
Flere:
Philip Kane - Time: GentlemenHigh Llamas - Beet, Maize & Corn