cover

Pilgrim's Progress

Kula Shaker

CD (2010) - Strangefolk Records / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Britpop / Poprock / Folk / Psykedelia

Spor:
Peter Pan RIP
Ophelia
Modern Blues
Only Love
All Dressed Up
Cavalry
Ruby
Figure It Out
Barbara Ella
When A Brave Meets A Maid
To Wait Till I Come
Winter's Call

Referanser:
The Jeevas
The Beatles
Oasis
Ocean Colour Scene
The Bluetones

Vis flere data

Se også:
Revenge of the King - Kula Shaker (2006)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Sit som ei kula!

Pilgrim’s Progress er Kula Shakers nest beste album nokonsinne. Basta!

Kula Shaker har hatt ei, mildt sagt, brokete karriere sidan dei vann jackpoten på midten av nittitalet med debutalbumet K og hits som Tattva, Govinda, Grateful When You're Dead og Mystical Machine Gun. Suksessen som blei bandet til del i kjølvatnet av britpop-hysteriet blei for mykje og bandet disintegrerte. Mange vil nok seie at mykje av skulda låg hjå den eksentriske leiaren Crispian Mills og hans fikse idear og, ikkje minst, friske ytringar som gjorde at mange stilte spørjeteikn ved deira politiske ståstad og skulda dei for å ha Nazi-sympatiar. Dette kan nok gjendrivast temmeleg kontant som tabloid svada, men har likefullt hefta ved dei.

Det skulle gå nesten eit tiår mellom den fabelaktige andreplata Peasants, Pigs & Astronauts og den noko meir svette Strangefolk frå 2007. No, revitaliserte og vaksne, kan me trygt stadfeste at Kula Shaker endeleg er attende og at dei har funne tilbake til formtoppen. Pilgrim's Progress inneheld deira beste songar sidan debuten og det seier ikkje reint lite. Her bugnar det av musikalske nikk attende til Pink Floyd, The Beatles og CSN&Y for å nemne nokre.

Musikken flyt avgarde og vitterleg osar av speleglede, vitalitet og nyfunnen kreativitet. I presseskrivet som følgde med plata står det vidare at bandet bygde sitt eige platestudio midt inne i skogane i Ardennene i Belgia, og dette kan ein høyre. Heile lydbiletet har eit slags rustikt, landleg preg over seg, ikkje ulikt Traffic. Vidare har dei tona ned dei verste indiske og mystiske referansene, noko som denne meldaren meiner kler Kula Shaker anno 2010. Det er nok å låne øyre til ei popperle som Only Love, ein song som kunne gått rett inn på ei kva som helst Neil Young-plate uten å blunke. Dette er kanskje det aller sterkaste sporet på heile albumet. Flotte harmoniar, ein kul tekst og eit leikent arrangement gjer at songen duvar avgarde, med det flotte slagordet "only love can take you there" som prikken over i-en.

Av andre høgdepunkt kan nemnast countryrockaren All Dressed Up, der dei engelske middelklassegutane nesten høyrast meir ut som The Flying Burrito Brothers enn The Beatles. Ei særs fin avveksling og ein morosam låt som kilar lyaren rampete I øyregangane.

Mange gonger bør varsellampene byrje å lyse særs sterkt når artistane produserer seg sjølve. Me har mange døme på at den kritiske sansen flyg ut glaset når ein streng produsent ikkje er til stades. Det er nok å nemne plater som Paul McCartney si første soloskive og Oasis si Heathen Chemistry. Dette var begge plater med mange fine songar, men der også svakare spor fekk plass som garantert ville ha blitt diskret luka vekk av ein George Martin eller ein annan topprodusent med kritisk blikk. Derfor blir Pilgrim's Progress ekstra flott fordi det ikkje finst eit einaste direkte svakt spor her. Ingenting er overflødig. Låtmaterialet er gjennomgåande sterkt, tekstane og melodiane utfyller kvarandre på ein særs nennsom måte, arrangementa er vakre og smarte og, ikkje uvesentleg når det gjeld Kula Shaker, dei har for første gong ikkje falle for fristelsen med å vere overmystiske. Skiva er rett og slett eit dokument over eit band som har blitt vaksne, men som likefullt evnar å lage ei leiken og stilfull plate.

Skal ein pirke på noko, så må det vere at songane på ingen måte er utfordrande. Dette er musikk du har høyrt før, på uttallige 60- og 70-talsutgjevingar. Sagt annleis, homage-faktoren er høg. Pastisj er jo, som kjent, ikkje eit ukjent fenomen i dagens postmoderne verd. Likevel skal ein passe seg for ikkje å la det bli for mykje av det gode. Dette hindrar plata I å få full pott. Mange av songane blir for like sine inspirasjonskjelder. Men for all del, dette er eit av dei beste rockealbuma på marknaden i det herrens år 2010. Løp, kjøp og spel høgt så alle naboane dine ikkje går glipp av denne vellyden!

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


A Silver Mt. Zion - Horses in the Sky

(Constellation)

Elsk eller hat: nok et post-apokalyptisk manifest fra kanadisk kollektiv.

Flere:

Sufjan Stevens - Seven Swans
Deathprod - Deathprod