cover

Tonight: Franz Ferdinand

Franz Ferdinand

CD (2009) - Domino / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Indierock / Collegerock / New Wave / Post-punk / Elektronika / Dub

Spor:
Ulysses
Turn It On
No You Girls
Send Him Away
Twilight Omens
Bite Hard
What She Came For
Live Alone
Can't Stop Feeling
Lucid Dreams
Dream Again
Katherine Kiss Me

Referanser:
Kaiser Chiefs
Arcade Fire
Joy Division
The Fall

Vis flere data

Se også:
You Could Have It So Much Better - Franz Ferdinand (2005)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Medvitne draumar med lite substans

Franz Ferdinand syng om medvitne draumar, men deira siste album er langt frå nokon draum for øyro.

Få band har vore så hypa og overlevd som Franz Ferdinand. Skottane har på sine to føregåande album gjeve lyarane art school rock av varierande kvalitet. På deira tredje utgjeving, Tonight: Franz Ferdinand, følger dei formelen til fulle, men krydrar med utstrekt bruk av verkemiddel me kjenner frå electronica og til dels trance-genren. Resultatet er sprikande, for å seie det mildt.

Opningsporet Ulysses er klassisk Franz Ferdinand. Her er det sparsommelege vers, dominerte av bass og trommer, som leiar inn i eit allsangrefreng der gitarane ausar av all si kraft og ein kan nynne med på "la la la la"-kanonaden som slår i mot ein. Dette er artig i og for seg, men dette har me høyrd så mange gonger før frå denne kanten. The joke is wearing a bit thin, mates.

Det verste er at fleire spor på albumet høyres klin like ut. What She Came For er så og seie Ulysses sin siamesiske tvilling. Heilt ned til arrangementa er det likt. Jamvel akkordrekkene høyres like ut. Omkvedet på Lucid Dreams hintar til det same. Twilight Omens er ein downtempo versjon av det føregåande. Med såpass mykje liktlydande må ein undre seg om erkehertugen er trøytt og treng å kvile seg. Send Him Away er tittelen på ein av låtane på verket, og kanskje det er et som er medisinen. Ei lang pause, nye impulsar og inntrykk ville gjort dette bandet godt. Det er ingen vits i å ende opp som ein art school-versjon av Status Quo som spyr ut den same gamle visa i ny innpakning år etter år.

Hvis me set musikken til sides for eit lite augneblink så skal det seiast at tekstane også ber preg av slitasje og lite nytenking, slik denne meldaren ser det. I sin iver etter å vere smarte og ironiske tippar lasset av tilhengaren for dei godaste gutane i Franz Ferdinand. Strofer som "Hi, So? So what you got? What you got this time? Come on, let's get high. Come on Lexxo. What you got next-o? Walking twenty five miles-o? Well, I'm bored, I'm bored, come on let's get high."

Eg trur ikkje Alex Kapranos aspirerer til dickenske høgder i utgangspunktet. Likevel er det lov å krevje litt betre tekstar. Slik mange songar ligg føre på dette albumet kan ein ikkje snakke om poptekstar i vanleg forstand. Dei er meir som fragment å rekne. Bandet er velutdanna karar. Dei veit, sjølvsagt, at i den postmoderne røyndomen så er livet fragmentert og prega av genreblanding. Likevel, tekstfragmenta som blir servert oss på dette albumet sømer ikkje musikkstilen, som i mange høve er særs tradisjonell og forankra i Joy Division-tradisjonen. Eg tvilar sterkt på at salige Ian Curtis ville ha digga dette albumet dersom han hadde hatt høve til å høyre den.

Det er sjølvsagt ikkje berre negative ting ein kan seie om denne utgjevinga. Først og fremst, bandet er vidunderlege musikarar som spelar tight. Albumet er dessutan særs godt produsert og miksa. Med andre ord, reint teknisk er dette ei plettfri oppleving som mange andre artistar kan ta lærdom av. Her er det ikkje spart på noko produksjonsteknisk sett og det er såleis ei behageleg oppleving auditivt sett. Alex Kapranos leverer dessutan sin utan tvil beste vokalprestasjon hittil på dette albumet. Han syng på ein avslepen og slentrande måte som harmonerer godt med McCarthys koring og som passar genren godt.

Eg vil også framheve eit par spor der Franz Ferdinand går vekk frå formelen sin og briljerer reint musikalsk. Den spretne Send Him Away er ei perle med beint fram nydelege harmoniar og reggae-aktige gitarfigurar som bringer fram eit breidt smil hjå lyaren. Utan tvil er dette sporet det desiderte høgdepunktet. Avslutningssporet Katherine Kiss Me er ei var og akustisk ballade som høyres ut som ei blanding av ein bornesong, XTC og Julia av The Beatles. Det er å håpe at bandet kan bygge vidare på desse tendensane til storleik ved neste korsveg.

Slik landet ligg for augneblinken så blir Franz Ferdinand for repetitive og riv hekken når det kjem til arrangeringa av låtane sine og det tekstmessige. Det blir rett og slett kjedeleg å høyre på plata deira og det er sjeldant eit godt teikn.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Bertine Zetlitz - Sweet Injections

(Capitol / EMI Virgin)

Den hyperaktive ertekroken har funnet seg en lysere skog for utfoldelse av sjofle pek.

Flere:

Bonnie Prince Billy - The Letting Go
OutKast - Speakerboxxx/The Love Below