cover

Raditude

Weezer

CD (2009) - Geffen / Interscope / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Poppunk / Powerpop

Spor:
(If You're Wondering If I Want You To) I Want You To
I'm Your Daddy
The Girl Got Hot
Can't Stop Partying
Put Me Back Together
Trippin' Down the Freeway
Love Is the Answer
Let It All Hang Out
In the Mall
I Don't Want to Let You Go

Referanser:
Blink-182
The Offspring
Green Day

Vis flere data

Se også:
Weezer (The Green Album) - Weezer (2001)
Maladroit - Weezer (2002)
Weezer (The Red Album) - Weezer (2008)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Skal ein le eller skal ein gråte?

Enkle melodiar og tekstar som tenderer mot det regelrett stupide.

Det er noko tragikomisk over ein gjeng i slutten av 30-åra som prøvar iherdig å høyrast ut som tenåringar. Green Day har klart balansekunsten, og ved hjelp av tekstar som på ein bra måte har spegla tida dei blei skrivne i, har dei landa på den rette sida av gjerdet. Med Weezer er det ein litt anna historie, diverre.

Raditude har blitt til noko som må karakteriserast som ein nesten-kalkun. Dette er frustrerande, for det er så unødvendig. Det står klart for lyaren at bandet er tight når ein høyrer på plata. Teknisk sett spelar dei godt og har god timing. Låtmaterialet er det som dreg det heile ned i søyla denne gongen. Produksjonen gjer ingenting for å hjelpe heller. Den er flat og kjedeleg der ein meire luftig og atmosfærisk tilnærming kunne ha gjort sitt til å løfte ein medioker meny. Det er tilløp til fine vokalharmoniar her og der, men desse blir drukna i eit nokså gjørmete lydbilete som ikkje gjer seg, for å bruke folkeleg terminologi.

Weezer har unekteleg fleire fengande og tidvis glitrande popaugneblinkar bak seg. Det er nok å nemne den utsøkte Buddy Holly og, ikkje minst, Undone - The Sweater Song som begge står som pålar som klassikarar frå 1990-talet. På denne utgjevingane er det derimot langt mellom slike høgdepunkt. Det går stort sett I allsongvenlege punksubstitutt og malplasserte elektoniske sidespor, som The Girl Got Hot som dei har fått med seg Lil Wayne på. Med ein melodi som ikkje går nokon stader og eit tranceaktig backing track reduserer dei seg sjølve til eit russehits-ensemble på denne låta. Dette er utan tvil det pinlegaste som har kome frå Rivers Cuomo i heile karriera. Styr klar dersom du i utgangspunkter har eit godt øyra til Weezer. Denne plata gjer sitt beste for å øydelegge det.

Det er eit spor som reddar skiva frå totalslakt. Love Is The Answer er, dersom ein ser bort frå ein naiv tekst og eit litt klisjéaktig indisk lydbilete med sitar og tablas, ein fin melodi som skiljer seg ut I mengda og viser at Cuomo er ein tidvis god popsmed. Hadde det vore fleire slike på albumet hadde heilskapsinntrykket blitt mykje betre. Diverre blir det med det eine ljospunktet i ein bukett med krampaktig hippe oppgulp som høyres meir ut som eit annanrangs The Blacksheeps enn eit av Amerikas største rockenavn dei siste 15 åra.

Når ein høyrer på Raditude veit ein ærleg talt ikkje om ein skal le eller gråte. Det er umogleg å ta denne plata alvorleg.

comments powered by Disqus

 



Scorcho
2010-01-28Voldsomt til slakt?

Så ille som du beskriver er vitterlig ikke denne plata. Etter min mening er "Put me back together", "I want you to", "Tripping down the freeway" og "Let it all hang out" fine Weezer-øyeblikk. Jeg skjønner at det for noen anmeldere er viktig at rockeplater har en dypere mening og at det politisk ukorrekte skal fremelskes, men hvis Rivers har lyst til å lage en partyplate må han vel få lov til det?

Artikler, nyheter


80-tallets kulturelle polpotisme: Minner fra et innblikk i keiserens nye garderobe

- Det var en vidunderlig tid for eklektiske og komplementære platesamlere som dreit i trender og musikkpolitiske tvangstrøyer, men for bløffmakerne og posørene i post-punken må det ha vært en rigid og tøff tid.

Drag Queens, Rent Boys, Rock Stars and Punks
Det engelske kunstkonseptet Inside kommer til Oslo med fotoutstilling fra punkens glansdager, åpning på Galleri TM 51 fredag.

Vinnere: Working Class Hero
Vi har trukket ut to vinnere av festivalpass til Working Class Hero-festivalen i Drammen.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Första demon ute
21.05.12 - 19:28

Gitarist søkes!
20.05.12 - 16:47

Backing vokalist sökes
20.05.12 - 14:41

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Jack White - Blunderbuss

(XL)

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

Tidligere:

Sharon Van Etten - Tramp