cover

Sometimes I Sit And Think, And Sometimes I Just Sit

Courtney Barnett

CD (2015) - Hardly Art Records

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Indierock / Punk

Spor:
Elevator Operator
Pedestrian At Best
An Illustration Of Loneliness (Sleepless In New York)
Small Poppies
Depreston
Aqua Profunda
Dead Fox
Nobody Really Cares If You Don't Go To The Party
Debbie Downer
Kim's Caravan
Boxing Day Blues

Referanser:
Jonathan Richman
Jonathan Richman and the Modern Lovers
Sleater-Kinney
Liz Phair
Pavement

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Oppriktig energisk

Med underfundige perspektiv og ein god dose energi.

Husframsyning og huskjøp, i ein noko oppblåst marknad litt utafor bykjernen. Det er ikkje slikt ein lagar popsongar om. Så definitivt ikkje. Om ein ikkje heiter Courtney Barnett då. For då fell nett slikt ganske så naturleg å gjere. Så ho har laga ein song om å kikke på hus i ein forstad til Melbourne. Og i ein lakonisk tone skildre det heile som ei ganske så bedrøvelig affære. Med linjer som "we drive to a house in Preston, we see police arresting a man with his hand in a bag, how's that for first impressions". Andre inntrykket og tredje inntrykket blir ikkje betre, så ho har kalla songen for Depreston. Men eit platestudio har dei visst der ute i Preston, Head Gap heiter det visstnok, og der, akkurat der, har forsyne meg Courtney Barnett spelt inn debutalbumet sitt.

Avant Gardener kan kanskje ikkje plasserast i kategorien megahit, men songen skaffa Courtney Barnett litt merksemd for eit par år sidan. Ein sonisk sett både tilbakelent og hissig sak, som kort fortalt handlar om eit brutalt astma-anfall forårsaka av motvillig hagearbeid. Levert i ei sjølvironisk, flegmatisk, nevrotisk, smart og smått humoristisk form ("Anaphylactic and super hypocondriactic, should've stayed in bed today, I much prefer the mundane"). Låta var ein av tolv på ein, nesten timen lang, dobbel-EP som ho gav ut i 2013 (tittel: The Double EP - A Sea Of Split Peas). Det hadde ikkje vore ein total skivebom om eg hadde beskrive fleirtalet av låtane på den EP'en med om lag dei same orda som eg nettopp beskreiv Avant Gardener med. Og når eg no tar steget vidare inn i debutalbumet trur eg jaggu meg orda blir med dit også (sjølvironisk, flegmatisk, nevrotisk, smart og smått humoristisk, jepp.)

Sometimes I Sit and Think, and Sometimes I Just Sit. Ein underfundig og ganske så fantastisk tittel i grunn. Eit Ole Brum-sitat sjølvsagt. Det finst fleire Ole Brum-sitat eg tenker kunne ha gjort ei grei teneste som tittel på denne plata. Ikkje fordi eg tenker at Courtney Barnett og den honningelskande bjørnen er tvillingsjeler, absolutt ikkje. Men noko er det der. "I make mistakes until I get it right" syng Courtney, og eg tenker at Brum sikkert kunne ha sagt det same. "I wanna go out, but I wanna stay home" syng Courtney, og kunne ikkje Brum også ha sagt det? Men først og fremst handlar songane om denne evna hennar til å ta tak i det dagligdagse, det nærliggande, det vi i all vår visdom overser, det vi sjeldan tek oss tid til å dvele ved.

I lay awake at four, staring at the wall
Counting all the cracks backwards in my best French
Reminds me of a book I skim-read in a surgery
All about palmistry, I wonder what's in store for me
I pretend the plaster is the skin on my palms
And the cracks are representative of what is going on
I lose a breath... my love-line seems intertwined with death
… I'm thinking of you too


Courtney Barnett var for ei tid sidan i New York, aleine, og ho sleit med å sove. Tilbakelent og coolt rockande brukar ho så denne rimelig trivielle opplevinga som bakgrunnsteppe for å skape An Illustration of Loneliness. Ein ganske så fornøyelig ein. Ein karakteristikk som fleire av songane hennar gjer seg sterkt fortent til. Den herlig surfrockpunk-drivande Aqua Profunda til dømes. Der dama i ganske så ufordelaktige ordelag skildrar sitt eige tilkortkomande konkurranseinstinkt under eit besøk i den lokale symjehallen ("my lack of athleticism, sunk like a stone, like a first owner's home loan, when I came to, you and your towel were gone"). Eller kva med det catchy opningsnummeret Elevator Operator? Om den unge forretningsmannen Oliver Paul, som ein dag skulkar jobben, og tar heisen opp på taket. Men ikkje fordi han er suicidal, slik kvinna han tar heisen saman med trur. "I come up here for perception and clarity" formidlar den unge mannen, før han avslutningsvis gjer til kjenne sitt inste ynskje: "All I ever wanted to be was an elevator operator, can you help me please?".

Slacker er eit begrep eg har notert meg blir flittig nytta om det Courtney Barnett gjer. Ikkje heilt uforståelig det. Ho opererer jo litt utafor gjengs takt og tone. Med sine litt corny tekstar, med sin upolerte gitarlyd, med sitt lause og leduge uttrykk. Samstundes er det jo slik at tekstane hennar både er langt djupare og finurligare formulert enn ein gjennomsnittleg poptekst. Og det er meir energi i låtane hennar enn det aller meste som kjem flytande no til dags og insisterer på å kalle seg rock'n roll.

Put me on a pedestal and I'll only disappoint you
Tell me I'm exceptional, I promise to exploit you
Give me all your money, and I'll make some origami, honey
I think you're a joke, but I don't find you very funny


Vi er i refrenget til songen som ber tittelen Pedestrian At Best. Eit bra beist av ein låt. Garasje og punk og uvaska riff. Konfrontasjon og villskap og kvessa tonar. Kjensler og ymse synspunkt fyk vegg imellom, lite er under kontroll. Det er aggresjon, men ein intrikat ein. Kven åtaket er retta mot kjem ikkje tydelig fram, anna enn at det nok er nokon med meir makt enn den/dei burde ha. I kjent stil rettar ho også ein god del av skytset mot si eiga panne: "Under-worked and over-sexed, I must express my disinterest, the rats are back inside my head, what would Freud have said?".

Eg klarar ikkje å la vere å nemne Jonathan Richman. For eg høyrer att mykje av den same vitale eksentrisiteten hos Courtney Barnett som det han planta inn i si legendariske Modern Lovers plate. Og så høyrer eg ein hang til å spele lågt/høgt, dempe/gnistre (slik hennar kjære Nirvana kunne gjere). Sentral i så måte er låta Kim's Caravan. Den er lumsk, den er krypande, den er ein kaskadefest. Den startar med nokre "watermarks on the ceiling" der Courtney gjenkjenner Jesus, og han rynkar panna si mot henne. Låta snik seg så innover, synk, vaker, snerrar, reflekterer – "we all think that we're nobody but everybody is somebody else's somebody" – og eksploderer. Før den kryp tilbake til utgangspunktet og dama refererer til nokre "satellites on the ceiling", og fortel at ho igjen ser Jesus, men at han, nei forresten ho, no smiler til henne. Til slutt lar ho konklusjonen henge og dirre i lufta med eit tvitydig "all I wanna say is …".

Og der har eg sagt mitt.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Equicez - State Of Emergency - Generation Equiz

(Pass It)

Har du ennå ikke lært deg hvordan du skal uttale navnet, bør du sette deg ned og lære deg det med det samme. For de er kommet for å bli.

Flere:

Aphex Twin - 26 Mixes For Cash
Einar Stray - Chiaroscuro