cover

A Scruff At Heart

Gilbert O'Sullivan

CD (2007) Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folkpop / Orkesterpop / Softrock / Voksenpop

Spor:
Take Your Foot Off My Toe
A Proper Fool
My Place or Yours
Don't Let it Get to You
You Can't Con-crete
Taking Sides
I'm in Love With Love (Again)
Force of Habit
One Door Closes
Just So You Know
Let's Not Go There
Can't Say Fairer Than That
Love You Out of Trouble
Know What, You're Right

Referanser:
Electric Light Orchestra
Paul McCartney
Billy Joel
Elton John
Jools Holland
The Corrs
David Gray
The Thrills
Graham Nash

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Haustens vakraste eventyr

O'Sullivan er attende med ei plate som verkeleg slår gnistar!

I desse Idol-tider er det utruleg godt å få plater i hende der målet er å lage god musikk og ikkje stikke seg fram som ein klovn for å kome i avisene.

Det er difor særs gledeleg å melde at Gilbert O'Sullivan er attende med ei plate som verkeleg slår gnistar - dette er verkeleg ei samling songar som det sprutar av. Vitaliteten og spelegleda står i sentrum og gjer dette til ei fryd å høyre på. Materialet på A Scruff At Heart er høgst truleg det beste han har levert på lenge, og i den samanhengen heilt på høgde med glansdagane frå tidleg syttital med slagerar som Clair, Get Down, Matrimony, Alone Again (Naturally), Nothing Rhymed og kva dei no heiter alle saman.

A Scruff at Heart opnar med platas kanskje kulaste spor; Take Your Foot off My Toe. Her finn me ein leikande og eksperimentell Gilbert. Songen humpar av stad driven av ein strykekvartett i storform og minner ein om O'Sullivan sine samtidige kollegaer frå Electric Light Orchestra. Bortsett frå den særeigne vokalen kunne dette nummeret lett ha funne vegen inn på eit album som, til dømes, Eldorado.

Det er i det heile mykje strykarar på skiva og dei gjer ein knakande god jobb med å fargelegge låtane og skape ein distinkt karakter i dei. A Proper Fool er eit anna døme på dette. Her er det smakfulle strykeparti som spelar kontramelodiar og smyg seg inn og ut av lydbiletet. Rupert Christie har gjort ein særs utmerkt jobb med orkestreringa på plata og skal ha mykje av æra for at det let så ypparleg som det gjer. Kanskje det faktum at han ikkje har gjeve ut studioalbum på fleire år har gjort han såpass svolten at det har stukke ein liten jævel i han og han har tenkt at "no skal eg jammen meg vise dykk!"

Det er i alle høve vanskeleg å tru at me her har å gjere med ein mann på over 60 år å gjere. Plata let ung og yr og bør såleis appellere til eit breid målgruppe av fans. Det er temmeleg vanskeleg å definere genren som Gilbert O'Sullivan opererar innanfor, og med denne utgjevinga gjer han det ikkje lettare for sneversynte platemeldarar. I tillegg til den nemnde ELO-inspirerte opningslåta finn me her som venta vare pianobetraktningar, music hall-inspirerte viser og ikkje minst jazzete låtar inspirert av amerikansk musikaltradisjon, som til dømes vakre You Can't Con-crete. Eit anna spor som viser ein sterk musikalsk intelligens er Don't Let It Get to You. Her blandar han eit drivande pianokomp med fantastiske harmoniar og opne akkordar. Ein tenker umiddelbart i retning Paul McCartney på sitt beste når ein høyrer dette, og ein håpar nesten at Macca høyrer dette slik at han skjerpar seg og blir litt meir kritisk med kva han slepper ut. For dette er kanskje den beste Paul McCartney-låta på 20 år, og så er den ikkje er skriven av McCartney sjølv!

Tekstane til O'Sullivan er som vanleg eit kapittel for seg sjølve. Her finn me songar om håp, kjærleik og sakn, men alt er pakka inn i den sedvanlege, slentrande stilen hans slik at ein på mange måtar både føler tristesse og humor på ein og same gong. Det er få artistar som meistrar det bittersøte på same måten og den måten Gilbert O'Sullivan klarer det på med tekstane sine er med på å gjere dette til ei stor artistisk oppleving.

Det er berre ein ting å seie avslutningsvis om denne plata, og det er rett og slett at den er ein triumf frå ein gamal helt og ein får berre vone at den når ut til alle som likar skikkeleg godt pophandverk. For denne plata er vel verdt lappane du må gje for den. Dette er garantert ei slitesterk plate som du vil ha glede av i lang tid framover.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Jaga Jazzist - One-Armed Bandit

(Sonet)

Etter mer enn ti år låter Jaga Jazzist fortsatt friskt og inspirert. Faktisk mer friskt og inspirert enn på lenge.

Flere:

The Knife - Tomorrow, In a Year
The Thing - Garage