cover

Structure and Cosmetics

The Brunettes

CD (2007) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Twee-pop / Indiepop

Spor:
Brunettes Against Bubblegum Youth
Stereo (Mono Mono)
Her Hairagami Set
Credit Card Mail Order
Obligatory Road Song
Small Town Crew
If You Were Alien
Wall Poster Star
Structure & Cosmetics

Referanser:
The Shins
The White Stripes
Split Enz
Belle & Sebastian
Rilo Kiley
The Postal Service
Savoy
The Cardigans

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Frisk kiwijuice

Naivitet, surrealisme og godt pophandverk går hand i hand.

Jonathan Bree og Heather Mansfield har halde saman i duoen The Brunettes i over eit tiår, men det er først no at dei opplever å skape større krusningar i popverda. Dei siste par åra har dei nemleg fått æra av å turnere og opne for såpass store navn som The Postal Service og The Shins i USA. Og etter å ha høyrd gjennom Structure & Cosmetics er det fullt fortent at dei no står føre eit større gjennombrot, for her finn me ei handfull popperler, meisterleg produsert av Jonathan Bree med ein melodisk teft som i einskilde høve maktar å sende kalde ilingar nedetter ryggen på lyaren.

Albumet opnar friskt med den tøysete og regleaktige, men samstundes særs godt gjennomførte Brunettes Against Bubblegum Youth. Etterkvart som ein lyttar og samstundes les teksten så oppdagar ein fort at dette ikkje berre er tøys og tull, men eit aldri så lite manifest. Songen er rett og slett eit oppgjer med den pre-fabrikkerte populærkulturen som blir kasta etter oss, og på same tid eit oppgjer me oss som publikum som berre tek i mot utan kritisk blikk og dermed aldri skrapar under overflata. I teksten finn me følgjande linje: b-a-b-y, I love to call you baby, my sugar, my honey, don't care if it sounds cliche. Dette seier det meste og ein kan formerleg ane kor lei dei er av den såkalte Idol-generasjonen og deira totale dominans for augneblinken.

Musikalsk skal duoen ha ros for å nytte seg av litt utradisjonelle instrument som gjev låtane deira ein ekstra dimensjon, som til dømes klarinett, celesta og ein utstrekt bruk av brass. I tillegg til dette fløymer plata over av rett ut sagt deilige harmoniar og utsøkte arrangement.

Eit av desse store augneblinka er spor nummer tre, Her Hairiagmi Set. Eit sprettent vers med elektroniske 80-talsreferanser og nydeleg kvinnevokal med attityd går over i eit refreng der Jonathan Bree høyres ut som ein ung og svolten Jeff Lynne backa av eit svevande strykarensemble. I mine augo er dette sporet verdt heile skiva åleine; dette er eit goosebump moment av dimensjonar og det stadfestar ein gong for alle at New Zealand verkeleg har blitt ein arnestad for stor popkunst. Small Town Crew er eit anna av desse spora der håra reiser seg på ryggen. Dette er ei akustisk ballade med eit aldeles utsøkt, målande brassarrangement som ikkje kan skildrast som anna enn vakkert.

Det er nokon passasjar som ikkje sit like godt i øyro som andre og som fortel oss at gruppa framleis har ein liten veg å gå, og at dei kanskje kan vere litt meir sjølvkritiske med kva som kjem med på album og ikkje.

Det mest framtredande dømet på dette er Obligatory Road Song som er ganske repetitiv og manglar framdrift. Kopla med ein temmeleg håplaus tekst så blir dette ein grunn til at dei ikkje greier å kapre toppkarakteren denne gongen. Ein annan låt som dreg ned er den bisarre If You Were Alien som gruppa godt kunna ha spart seg.

Ser me bort frå dette så sit me likevel att med eit særs godt album som vil ha ei lang levetid og kile alle popelskarar kjærleg i øyro. Dette er ei utgjeving som lovar godt for framtidige utgjevingar av bandet og som absolutt er å anbefale på det varmaste.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


J. Mascis - Several Shades Of Why

(Sub Pop)

Alene, unplugged og fortsatt like forbanna bra fra legendarisk indieveteran.

Flere:

Mclusky - The Difference Between Me and You Is That I'm Not on Fire
Trygve Seim - Sangam