cover

With Hands and Feet

Multiplex

CD-EP (2004)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
IDM / Breakbeat / Leftfield / Glitch / Techno

Spor:
With Hands and Feet
With Hands and Feet (Digitonal Remix)
With Hands and Feet (Shitmat Remix 1)
With Hands and Feet (Proem Remix)
With Hands and Feet (Decadnids Remix)
With Hands and Feet (Safety Scissors Remix)
With Hands and Feet (Fizzarum Remix) With Hands and Feet (Novel 23 Remix)
With Hands and Feet (Shitmat Remix 2)
With Hands and Feet (Dictaphone Remix)

Referanser:
Plaid
Aphex Twin

Vis flere data


IDM

Det første Multiplex gjorde då dei starta sin eigen etikett var å samle vennegjengen for å be dei kome med eigne tolkingar av 'With Hands And Feet'.

Det er vel få sjangernamn som teitare enn IDM ("intelligent dance music", for den som skulle lure). Folk ser som oftast rart på meg om eg refererer til ei eller anna låt som IDM. Eg skjønar godt skepsisen. For det første er det som sagt eit rimelig teit namn, og for det andre er det ofte lagt ifrå dekkande. For å kanskje få skubba ein fordom eller to under teppet, kan eg vel nemne at intelligent her ikkje refererer til at ein må vere smart for å høyre på denne musikken. Etter det eg veit, så dukka namnet rett og slett opp for å sette ein merkelapp på musikken på Warp sine Artificial Intelligence-samlarar. Disse samlarane inneheldt mellom anna låtar frå Autechre, Aphex Twin (under diverse alias), Ken Downie og Ed Handley, dei to siste kanskje betre kjende som to tredeler av Plaid. Her dukkar nok eit ankepunkt opp, nemleg at langt ifrå alt disse artistane har laga oppigjennom åra er like "dansbart". Men, same kva eg skulle meine, så er vel sjangernamnet såpass innarbeidd no, at det er umogeleg å få gjort noko med.

I kjølvatnet av suksessen Warp hadde opp igjennom 90-talet, godt hjelpte av den store vide verdensveven, har det dukka opp ein skog med diverse små IDM-etikettar rundt omkring. Ein av dei, som du bør halde eit auge med om du er ute etter den melodiske og leikne delen av IDM, er Toytronic. Om du blar litt bakover i katalogen der, finn du Multiplex. Dette er ein duo sett saman av brørne Christian og Roland Dormon, som for nokre år sidan gav ut det smått fantastiske albumet Pinghaus Frequencies. No er dei klare med eigen etikett, nemleg Multidisc. Første utgjeving er EPen With Hands and Feet.

Konseptet vi får levert gjennom With Hands and Feet er på ingen måte banebrytande. Dette her har blitt gjort tallause gongar før. Ein artist serverer ei låt, og ber kompisane sine lage eigne tolkingar. Her er det brørne Dormon som har fått mellom anna Digitonal, Proem, Shitmat og Fizzarum, som alle kan samlast inn under IDM-paraplyen, til å bidra med eigne tolkingar av ei Multiplex-låt. Eg er nok blant dei som synast dette er eit interessant konsept, men det føreset at det blir lagt litt sjel i arbeidet, slik at dei nye låtane tilfører noko nytt. Ofte fungerer det heller dårleg, og den originale låta står meir eller mindre igjen som heile behaldninga til plata. Kva får vi så her?

På førstesporet serverer Muliplex låta, som underleg nok heiter With Hands and Feet. Her får vi sprudlande, lett og leiken, melodisk elektronika, med orientalske undertonar. Det heile er ganske oppskriftsmessig, det vil seie akkurat som ein kunne forvente dersom ein har fått med seg tidlegare utgjevingar, kanskje spesielt Pinghaus Frequencies. Lag på lag med varme synther, analoge og digitale, det som best kan beskrivast som leike-xylonfonar, og litt vocodersampler her og der.

Eks-etikettkameratane i Digitonal - som for øvrig står ekstremt høgt oppe på lista over namn eg enno ikkje har opplevd live, men som eg godt kunne tenke meg å sjå - står for neste låt. Digitonal er ein slags hybrid av IDM, ambient og klassisk musikk, litt sånn tradisjonell-komposisjon-møter-digital-produksjon. Det organiske, svevande og kjenslefylde, representert ved strengeinstrument som fiolin og cello, møter det meir kalde og kalkulerte. I remiksen deira er akkordprogresjonane frå originalen lett gjenkjennelege, men låta har eit mykje meir orkestralt preg, hovudsakleg på grunn av strykarane. Eit av dei absolutte høgdepunkta på plata.

Vidare leverer Shitmat to frenetiske breakcore-mikser, i beste Planet-Mu stil, og er vel den som tar seg størst kunstnariske friheiter, der remiksane er bortimot komplett ugjenkjennelge både i tempo og innhald. Vondskapsfulle tunger vil vel hevde at disse låtane øydelegger heilheita til plata, noko eg til ei viss grad kan vere einig i. Proem legg vekt på rom og klang, i si minimalistiske tolking, mens Safety Scissors rører saman ein slags robotisk elektro-funk.

Russerane i Fizzarum strippar låta heilt ned til beinet, der dei meir eller mindre kun tek vare på beaten. Oppå den legg dei ei himmelsk melodilinje som like gjerne kunne vore kokt saman av Boards of Canada. Vakkert! Novel 23 sitt bidrag legg seg temmelig tett opp mot originalen, der den einaste forskjellen er ein fyldigare og meir dansegolv-venleg beat. Det er veldig fint, men ein kan vel sette spørjeteikn ved originaliteten. Til slutt står det kun igjen for Dictaphone å runde av det heile, men ein sirups-seig, gitardominert dub-light remiks. Det einaste ankepunktet eg har her, må vere at låta er altfor kort.

I det store og det heile synast eg resultatet er svært tilfredsstillande. Det er faktisk ganske interessant å høyre fleire versjonar av same låt, filtrert igjennom ulike artistar. Det er så klart ei viss fare for at det heile blir meir eller mindre ei samling av blåkopiar, men det er i alle fall ikkje tilfellet her. Sidan bidraga til alle artistane ligg temmeleg tett oppimot det dei produserer til vanleg, kan dette òg vere ein fin måte gjere seg kjent med nye artistar på. EP-en viser også til ei viss grad spennvidda innan IDM-sjangeren. Konklusjon; ei fin samling, med Digitonal og Fizzarum sine tolkingar som dei absolutte høgdepunkta.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Jon Faukstad & Per Sæmund Bjørkum - Konsert På Kleppe

(JPS)

Tradisjonsmusikk med kontinental sving illustrerer folkets eget kulturuttrykk.

Flere:

Robyn - Body Talk Pt. 1
Helldorado - Director's Cut