cover

Honey Blue Star

Carrie

CD (2005) - Static Discos / Dotshop.se

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Folktronica

Spor:
Ass-Fi
Cat Power
Eco
The End
Aloha Marii
Monster Truck
Smooth
Complicado
Sounds Like Display
Honey Blue Star

Referanser:
Cat Power
Barbara Morgenstern
Psapp
Mazzy Star
Stina Nordenstam

Vis flere data


Bomullsmjuk

Carrie har i fleire år hausta godord for musikken sin heime i Mexico. No er ho klar for å prøve seg internasjonalt.

Honey Blue Star er resultatet av ei musikalsk reise som tok til i 2001, då meksikanske Laura B. tok avgjerda om å bli soloartist, og tok artistnamnet Carrie. På vegen har ho gitt ut låtar på diverse meksikanske etikett-samleplater, og hausta godord for musikken sin, om enn for det meste i den spansktalande delen av verda. Det er vel heller sjeldan at spansktalande artistar slår seg opp i vår del av verda, sjølv om dei, som i dette tilfellet, skulle finne på å syngje på engelsk. Trass i det, så er Carrie no klar for å prøve seg internasjonalt.

Carrie skildrar låtane sine som dagdraumar som blir verkelege, der tekstane omhandlar kvardagslege ting som kjærestar og favorittdyret hennar, nemleg katten. Inspirasjonen til å skrive finn ho, i følgje seg sjølv, når ho er fullstendig fylt av glede eller sorg, noko som også vert reflektert i tekstane. Stemma hennar har eit søtt, småjenteaktig preg, og er i seg sjølv veldig behageleg å høyre på.

Musikalsk ligg Carrie innan ein sjanger som best kan beskrivast som bomullsmjuk, melodisk pop-elektronika. Det er organisk, varm og drøymande, ikkje ulikt mange av artistane i katalogen til Morr Music-etiketten. Eit av dei næraste referansepunkta der må vere Lali Puna. Andre artistar det vil vere naturleg å samanlikne Carrie med er dei japanske damene Tujiko Noriko og Piana, som har ein del av den barnlege gleda til felles.

Det som i mine øyrer gjer artistane nemnde over interessante, er måten dei blandar elektronikk inn i tradisjonell poplåtsnekring. Dette er ei tynn egg å balansere på. Ein vil så gjerne ta med seg styrkane til begge sjangrane, men dette er ein vanskeleg kunst. Ved å blande inn knitrande beats og digital manipulasjon, risikerar dei at dette tar vekk fokus frå det viktigaste, nemleg strukturen til poplåten. På den andre sida kan det lett oppfattast som om det meir organiske, ofte representert ved akustisk gitar, er lagt på for å gjere låtane meir skitne og mindre kunstige. Det er her Carrie trakkar litt i salaten. Ho er på ingen måte nokon versting, men dei låtane der ho prøver seg på ei blanding, blir dei elektroniske lydkjeldene berre liggande å murre i bakgrunnen og skape irritasjon heller enn interesse. Moralen blir vel at du må ikkje gjere noko berre fordi du kan. Det enklaste er ofte det beste.

Av overnemnde grunnar synast eg at dei sterkaste låtane på plata er dei som er bortimot heilelektroniske, slik som "Complicado" og "Sounds like display". Dei verkar veldig gjennomførte, og har eit fint fokus. Eg mistenker at Murcof - for enkelte kjent som mannen bak eit av dei beste elektronika-albuma i 2002, Martes, og ein av mennene bak produksjonen av dette albumet - har hatt meir enn ein finger med i spelet her. Carrie klarer seg elles også fint åleine med stemma og gitaren på ei låt som "Aloha marii".

Trass i mine motførestellingar så tvilar eg ikkje på at mange vil synast at dette er ei veldig fin plate. For det synast faktisk eg også, berre settinga er riktig. Den fungerer sikkert fint på øyret når du set på stranda og beundrar solnedgangen, eller når du ligg og halvsøv på sofaen, og tenkjer på andre ting. Problemet oppstår når den skal stå åleine i fokus – den klarer ikkje å engasjere meg. Då velgjer eg heller eit av Tujiko Noriko sine album. Sånn er den saka.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Cato Salsa Experience - The Fruit Is Still Fresh

(Garralda Records)

Cato Salsa og Co. girer opp et hakk fra debuten. Forvent et rush av blod til hodet.

Flere:

Sigur Rós - Takk
Bonnie Prince Billy - Master & Everyone