cover

Below the Branches

Kelley Stoltz

CD (2006) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Psykedelia / Kammerpop / Folk

Spor:
Wave Goodbye
Little Lords
Ever Thought of Coming Back
Words
Mystery
Summer's Easy Feeling
Memory Collector
Birdies Singing
The Rabbit Hugged the Hound
The Sun Comes Through
Winter Girl
Prank Calls
No World Like the World

Referanser:
Chad VanGaalen
The Strokes
Mystic Chords of Memory

Vis flere data

Se også:
To Dreamers - Kelley Stoltz (2011)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Retro vare

Miljøvernar benkar seg bak pianoet for å lage psykedeliske drops av gammalt kaliber, men kravlar kun til foten av sine inspirasjonskjelder.

Hadde eg ikkje visst betre kunne eg sikkert tippa at Below the Branches blei til på den tidligaste halvdelen av 1970-talet. Om då ikkje endå tidlegare. For dei smurte psykedeliske vibbane og dei halvskrudde stemningane den etterlet seg får definitivt tankane til å hute seg nokre tiår bakover. Inntrykket eg sitt attende med er da også meir enn ein tilfeldig illusjon, la oss heller kalle det ein planlagt formel. For skal ein nytta omgrepet "retro" i ein av sine mest høvelege formar, bør ein kunne bruke det nettopp her.

Mannen bak Below the Branches heiter Kelley Stoltz, er vel ein stad mellom 30 og 40 år, og kan finnast værande i storslagne San Francisco. Vel, å faktisk finne han er kanskje ikkje fullt så lett. For denne miljøvernaren og multi-instrumentalisten er ein av desse aktive krabatane som helst ynskjer å låse seg inne i kjellaren/studioet sitt for å ta opp omtrent tolv plater om dagen. Saman med han i det tronge lokalet står det ein 8-spors opptakar, eit antikk piano som fylgde med huset, eit knippe gitarar av både elektrisk og akustisk utgåve, eit lite men nokolunde fungerande trommesett og masse andre lydskapende reiskapar andre kanskje ville omtalt som reinaste juggel. Men ikkje denne karen.

Snakker vi da om ein gal manns auditive forsøpling eller eit geni i sitt virke?. Vel, enkelte gjekk etter hans førre utgjeving Antique Glow (2003) langt i å stemple Stoltz som ein av dei mest lovande singer/songwriters der ute, og kredible blekker som til dømes Mojo og Uncut slo også til med svært flatterande omtaler av amerikanaren. No har ikkje eg fått høyre den plata, men tek vi kun Below The Branches med i betraktninga er eg rimelig sikkert ikkje heilt på bølgelengde med dei vilt skrytande anmeldarane.

Stoltz har i intervju fortalt at han ser seg sjølv meir som ein fan enn ein musikar, og når ein høyrer på tonane han komponerar er det er slettes ingen heksekunst å grave fram kven som har vært hans store inspiratorar i oppveksten. Tre B'ar blir i alle fall ståande igjen på blokka: Beatles, Beach Boys og Beck. Eg skal ikkje være sur heile dagen, men ting er ikkje heilt på stell når ein går rundt og frykter at songane skal ende opp i unødige allsongar av Ob-la-di, Ob-la-da, Help Me, Rhonda og Fool on the Hill.

Det er fleire ting som har rast gjennom i skallen min det knappe halve året eg har vært i eigarskap av denne skiva. Ein gjenganger har vore denne: "Sett i gang og skriv anmeldinga, din klovn" (beklagar meget slapp innsats hr. redaktører). Ein annan meir relevant ting har vært at Below the Branches eigentleg ikkje heilt har klart å gripe meg. Faktisk har eg i meir eller mindre grad kjeda meg fælt dei gongane den har tatt runden i spelaren. Noko som igjen er litt av grunnen til at eg har vært for slapp.

13 spor består den av, variable meir i lengde enn i kvalitet. For stort sett delar dei fleste låtane nokre ubehagelige likheitstrekk; Dei er drivne fram av eit klangbasert piano og er einsformige på nivå med det digitale dødsbodskapet på eit sjukehus, samt utstyrt med lavare toppar enn det du vil oppdage på vitjing hos danske fjellaper.

Det betyr ikkje det same som at skiva er fattig på verken innhald, song eller fylde. Dette er ikkje akkurat klassisk lo-fi soveromsmusikk, men heller ein rikhaldig og intrikat miks med mykje synging og fleire instrumenter og element involvert. Men betyr rikhaldig alltid noko positivt? Ikkje akkurat her. For trongen til å kline på med for mange lydkjelder oppå kvarandre har medført eit kaotisk og rotete uttrykk som paradoksalt nok berre er med på å forsterke monotonien.

Below the Breaches er noko så uvanleg som ei innadvendt popskive som manglar gode nok låtar til å holde seg interessant særlig lenge. Spor etter spor (nemner vi ingen så gløymer vi heller ingen) tutar i slacker-rus av garde i på keisamheitas tog. Den stimulerte reisa tek knapt nok 40 minutt, men verkar som ei fordømt eve. Hadde det ikkje vore for den høvelege piano-ballada Winter Girl og glansnummeret Prank Calls heilt mot slutten ville den også enda opp i eit forferdelig brutalt krasj.

Eg hadde opphavleg planlagt å nemne at Kelley Stoltz tidlegare besvarte fan-henvendelsar for Jeff Buckley under Grace-perioda, og at Below the Branches faktisk var den første miljøsertifiserte skiva som blei gitt ut i USA på det øko-vennlege (og smått legendariske) selskapet Sub Pop, men no spørst det om eg rekk det.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Fall - Reformation Post TLC

(Sanctuary)

Det er over, men dette er begynnelsen. Grinebiter'n har fått med seg essensen.

Flere:

Loscil - Triple Point
Karl Seglem - Femstein