cover

Fundamental

Pet Shop Boys

CD (2006) - Parlophone / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Synth / Elektropop

Spor:
Psychological
The Sodom & Gomorrah Show
I Made My Excuses & Left
Minimal
Numb
God Willing
Luna Park
I'm With Stupid
Casanova in Hell
Twentieth Century
Indefinite Leave to Remain
Integral

Referanser:
a-ha
Depeche Mode
Erasure
ABBA
The Smiths

Vis flere data

Se også:
Nightlife - Pet Shop Boys (1999)
Nightlife - Pet Shop Boys (1999)
Closer To Heaven - Pet Shop Boys (2001)
Montage - The Nightlife Tour - Pet Shop Boys (2001)
Release - Pet Shop Boys (2002)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


KJEDELEG!

Pet Shop Boys kunne med dette materialet levert ein av årets beste EPar, men gir i staden ut eit middelmådig, kjedeleg synthpop-album.

Pet Shop Boys er, utan tvil, to av popmusikkens mest undervurderte låtsnekkarar. Songar som West End Girls, It's a Sin, I Wouldn't Normally Do That Kind of Thing og New York City Boys er berre nokre av blinktreffa me kan notere frå denne kanten. Det er difor skuffande å konstatere at duoen har blitt late og kviler på laurbæra på si siste utgjeving.

Det er synd, for innimellom finn me dei reinaste pop-perler som andre band ville ha gått over lik for å skrive. Fundamentals desidert beste spor, Luna Park, er ein av dei finaste songane som har kome ut på lenge, ein song som manar fram ei mørkare, meir dyster side av Pet Shop Boys, ikkje så langt frå landskapet der me finn Paul Waaktaar-Savoy på sitt aller beste. Ei anna lykkepille på albumet er den morosame, dog merkelege ABBA møter Mercury Rev-pastisjen, The Sodom & Gomorrah Show. I desse to songane viser Pet Shop Boys seg frå sine to beste sider. På den eine sida er dei meistrar når det kjem til å lage lettbeint og morosam popmusikk ein får fot av, medan dei på andre sida evnar å skildre einsemd og dysterhet på ein veldig overbevisande måte.

Men bortsett frå desse triumfane, og eit par andre, som I Made My Excuses and Left og Numb, blir plata diverre overlesst av lettvinte synthpop-trudeluttar som gjekk av moten ein haustdag i 1986. Siste singel frå plata, I'm With Stupid, høyres meir ut som ei Kajagoogoo B-side enn ein skikkeleg Pet Shop Boys klassikar, og då har noko gått frykteleg gale. Slike tilfelle finn me dessverre altfor mange av på Fundamental. Konsekvensen er at det som kunne blitt ein klassisk EP, går ut til venstre og blir ein evig støvsamlar.

Nokre positive glimt må me dog nevne. Produsent Trevor Horn, kjent frå Buggles og Yes, skaper eit veldig luftig og atmosfærisk lydbilete som passar denne type musikk kjempegodt. Produksjonsmessig er det nok den beste plata til Pet Shop Boys. Musikken høyres meir organisk ut enn den har gjort før. Ein har ikkje på følelsen av å vere fanga i ein blikkboks lengre, slik som på enkelte andre plater.

Uansett, albumet er for sprikande og kjedeleg til å bli anna enn ei gedigen skuffing, men blodfansen vil likevel finne ting å glede seg over.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Giant Sand - proVISIONS

(Yep Roc)

Some say it's the end time, some say it's all just begun...

Flere:

Nils Bech - Look Back
Supersilent - Supersilent 7