cover

Beach House

Beach House

CD (2007) - Carpark / Bella Union / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Drømmepop / Psykedelia / Indiepop

Spor:
Saltwater
Tokyo Witch
Apple Orchard
Master of None
Auburn & Ivory
Childhood
Lovelier Girl
House on the Hill
Heart and Lungs

Referanser:
The Flaming Lips
Mercury Rev
The Flaming Lips
Slowdive
Sukpatch
Spiritualized
Air
Blur
Röyksopp
Animal Collective

Vis flere data

Se også:
Devotion - Beach House (2008)
Teen Dream - Beach House (2010)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Eit lite meisterverk!

Den sterkaste amerikanske debuten sidan REM gav ut smått legendariske Murmur?

Beach House er ein amerikansk duo frå Baltimore som lagar drøymande og atmosfærisk popmusikk i meisterklassa.

På deira sjølvtitulerte debutalbum får me ni vignettar der me kan drøyme oss bort til ei anna tid, ein annan stad, ja nærast ein annan galakse om du vil. Dette er fleirdimensjonal musikk der ein må trenge gjennom laga for å få den verkeleg store opplevinga. Når ein kjem gjennom merkar ein at dette er utruleg avansert musikk - på ein enkel måte. Det ligg lag på lag med monotone, men samstundes særs harmonisk komplekse tema og lurar under skorpa på dei fleste songane på denne skiva. Det er først når ein har høyrd ho nokre gonger at ein verkeleg greier å setje pris på dei, men då er dei retteleg særs smakfulle også.

Beach House liknar på veldig mykje, men ulikt mange andre greier dei på eit finurleg vis å samle alle dei lause referansepunkta sine i ein eigen vri.Derfor kan dei likne på både Mercury Rev, Bjørk og Oasis i ein song som Master of None, men ingen av desse banda kunne ha fått den same klangen ut av låta. Det er soleis ganske vanskeleg å setje Beach House i ein bestemt musikalsk bås. Dei er eklektiske på ein original og særs uhandgripeleg måte. Difor vil ein popkjennar nikke anerkjennande til dette.

Ein finn så mange artige blandingar at det blir ei veldig humoristisk reise på toppen av all godlyden. Eit anna døme på dette som kan nemnast er den alldeles utsøkte Auburn & Ivory som er ein enkel, orgeldreven ditty som høyres ut som tidleg Elvis Costello, med ein dæsj lirekasse og vokal i grenselandet mellom Jonathan Donahue og Wayne Coyne. Det kan ikkje skildrast som stort anna enn besnærande og særs fascinerande.

Det same må kunne seiast om tekstane, som er sorgmuntre, naivistiske og til dels surrealistiske betraktningar av den skakkøyrde verda me bur i. Victoria Legrand, som bandet sin ubestridte lyrikar, gjer på ingen måte skam på tradisjonen med sære, vindskeive tekstar frå elektroniske popartistar. Love you all the time, even though you're not mine, dreaming in the saltwater, timing's gone all bad, little thing and a broken wing, you couldn't lose me if you tried, syng ho til dømes på opningssporet Saltwater, og set dermed standarden tekstleg, ikkje så langt unna islandske Múm på sitt beste.

Skal ein verkeleg framheve einskildlåtar på albumet kjem me derimot ikkje unna avslutningssongen, Heart and Lungs. Dette er udiskutabelt den sterkaste augneblinken på albumet og noko av det flottaste eg har høyrd i denne genren overhodet. Med enkle hjelpemiddel, keyboard og vokalharmoniar, greier Scally og Legrand å lage eit suggererande og hypnotisk meisterverk som grip tak i deg som lyar og tek deg med på ei reise. Dei drøye fire minutta songen varer kunne godt vore det dobbelte, men dei skal samstundes ha ros for å stoppe når leiken er god.

Ein er absolutt ikkje mett når ein er ferdig med albumet, og dei greier å skape ein flott stigning i albumet som gjer at ein aldri misser interessa. Skal ein kritisere noko må det vere at det i enkelte samanhengar blir litt vel kortfatta her og der. Ein kunne godt ha slengt på eit par låtar til, slik at ein i alle fall kom over 10 låtar på eit album. I alle fall på ei utgjeving som ikkje er lengre enn vel 35 minutt alt i alt. Men for all del, dette er eit stykke musikalsk arbeid det står verkeleg respekt av. Her får du rett og slett vakker, tidlaus musikk i ein original innpakning som vil stå seg i mange år framover.

Dette er, kan hende, den sterkaste amerikanske debuten sidan REM gav ut smått legendariske Murmur.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Pernice Brothers - Live a Little

(Ashmont / One Little Indian)

Hey Joe, where you goin' with those tunes in your head? - I'm ridin' down PCH One to Somerville to get High as a Kite. Ein god idé Joe, ein god idé.

Flere:

No Age - Everything In Between
Diverse artister - Song of America